Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • Mange lærarar er fortvila over at elevane surfar på nettet. Problemet er at dei ikkje lenger kan be elevane om å lukke skjermane, skriv Ingrid Hellevi.

    FOTO: BJØRN SIGURDSØN/SCANPIX

Mistar kontroll og tillit

Er det læraren eller datamaskina som skal styra klasserommet?

Norske myndigheiter har lenge vore bekymra over låg ranking i internasjonale undersøkingar som til dømes PISA. Samstundes er det sterk tru på at IKT kan bidra til betre resultat. «Program for digital kompetanse» slo fast at innan 2008 skulle Norge vera på verdenstoppen når det gjaldt utstyr. Målet er nådd. Elevar i vidaregåande skule har sin eigen PC. Kunnskapsløftet slår fast at elevane skal målast etter digitale ferdigheiter i alle fag. Dette er eit særnorsk fenomen. Lærarane som skal utføre undervisninga blir i liten grad tekne med i debatten.

Eit verktøy.

Kan IKT vera ei støtte i læringsprosessen? I så fall korleis? Datamaskina er eit verktøy, men har evner som liknar dei menneskelege. Ho kan systematisere og strukturere på ein rigid og disiplinerande måte. Samtidig har teknologien evner til å skape felles arenaer for læring og kunnskapsutvikling. Det er mennesket som bestemmer korleis ein kan utnytte desse evnene.

Læring kan forståast på ulike måtar. Den behavioristiske tradisjonen ser kunnskap som objektivt gitt. Læring er å finne det rette svaret. Det situerte (plasserte) perspektivet ser at læring skjer gjennom samarbeid og samtale, gjennom å løyse problem og å utfordre kvarandre. Datamaskina har evner til å støtte det behavioristiske så vel som det situerte perspektivet.

Læraren må delta.

Lærarar som skal utføre undervisninga må ha eit bevisst syn på læring, planlegge aktivitetar og deretter bestemme om, og korleis datamaskina kan vera ei støtte. Dette krev tid og ikkje minst tillit til å arbeida reflektert med eiga undervisning. Kjende internasjonale forskarar argumenterer mot ovanfrå og ned-haldning når det gjeld implementering av datateknologi. Dei tilfella der ein lykkast, er når lærarane sjølve deltek i innovasjonen til dømes gjennom aksjonsforsking.

Pedagogisk refleksjon.

Kva læringssyn ligg til grunn for måten teknologien blir brukt på i dag? Både International Telecommunication Union-monitor og NIFU STEP syner at det er lite pedagogisk refleksjon over bruken av IKT mellom lærarar i den norske skulen. Datamaskina blir i stor grad nytta til å framelske dei gamle metodane for å finne det rette svaret. Teknologi brukt på denne måten er meir disiplinerande enn om mennesket styrer. Tre av fire lærarar i Sør-Trøndelag oppgir i 2010 at det er blitt vanskelegare å vera lærar med datamaskinene i klasserommet.

Forsking frå Høgskulen Stord-Haugesund syner at elevane lærer mindre med enn utan datamaskiner når læraren ikkje har eit bevisst forhold til bruken. Mange lærarar er fortvila over at elevane surfar på nettet. Problemet er at dei ikkje lenger kan be elevane om å lukke skjermane. Elevane har fått ei dyr maskin. Ingen kan forlange at dei i tillegg skal kjøpe ordbok eller kalkulator. Nasjonal Digital Læringsarena med digitale lærebøker set det endelege punktum for lukka skjermar.

Ansikts- og augekontakt.

Eit rom fullt av datamaskiner gjer noko med relasjonane. Ansikts- og augekontakt er grunneleggande for mellommenneskeleg kommunikasjon og tillit. «Kva er det dei driv med bakom skjermen? Er eleven på Facebook, eller er han her?»

Nyleg var eg på studietur til Skottland. Ein av dei vidaregåande skulane hadde satsa på IKT. Såg klasseromma ut som dei norske? Tvert imot. Bak i kvart klasserom var det fem datamaskiner som vart brukt når læraren sitt opplegg tilsa at det skulle brukast. Teknologien vart brukt når det kunne tene pedagogisk gjennomtenkte føremål. Lærarane hadde styringa.

OECD sin rapport Teachers Matter (2005) slår fast at læraren er avgjerande for elevane sine læringsresultat. Rapporten seier også at dersom endringar skal skje, må lærarane delta i endringsprosessen. Norske lærarar opplever at dei stadig mistar kontroll og tillit. Mange er i ferd med å gi opp. Når den engelske forskaren Ivor Goodson dessutan hevdar at ingen lærarar i Europa er så lydige som dei norske, så er det lett å forstå at den norske skulen er på ville vegar. Det instrumentelle mistaket Norge er i ferd med å gjennomføre, kan bli katastrofalt for elevane si framtid.

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Ingen visshetom det mentale

    Utilregnelighet. Tror vi psykiaterne kan gi svar de ikke har? Spørsmålet treffer den uro som har preget debatten etter sakkyndigrapporten om Anders Behring Breivik.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer