Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • Den nye rettskrivinga forverrar situasjonen til nynorsk, skriv Klaus Johan Myrvoll.

    FOTO: Olav Hasselknippe

2012-nynorsken vert ikkje enklare

Eg ynskjer/ynsker/ønskjer/ønsker alle nynorskelevar og lærarane deira lukke/lykke til!

Den 22. september i fjor godkjende Kulturdepartementet ny rettskriving for nynorsk, som skal gjelda frå 1. august i år. Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet framsteller dette i ei pressemelding som ein siger for «viljen til å bli samde», men hevdar likevel at dei fleste kan skriva som før og framleis skriva rett. Grepstad seier vidare at den nye rettskrivinga skal vera «lettare å lære og å lære bort». Det er ikkje tilfellet. Den nye rettskrivinga forverrar situasjonen til nynorsk.

I mandatet til nemnda som arbeidde ut den nye rettskrivinga, heitte det at ein skulle laga «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk utan sideformer». Ein skal ikkje blada langt ut i framlegget før ein skjønar at nemnda ikkje har svara på oppgåva. Sideformsystemet er rett nok borte – alle former skal no vera jamstelte –, men ei mengd gamle sideformer lever vidare. Det skal framleis kunna heita både vi og me, tenkja, tenka, tenkje og tenke, koma, komma, kome og komme, for å nemna nokre døme. På punkt etter punkt vert den store valfridomen i nynorsk førd vidare. Og viktigare: Valfrie former som før var forviste til den «vide» rettskrivinga og soleis ikkje kunne nyttast i lærebøker, kan no nyttast fritt av alle. Det aukar formmangfaldet i lærebøkene, med dei fylgjene det må få for nynorskelevar som ikkje har so mykje anna nynorsk tekst å stø seg på.

Utvida valfridom

Ikkje nok med det: På ei rad punkt vert valfridomen faktisk utvida, ved at former og skrivemåtar som aldri har vore ein del av nynorsk, no kjem inn. Det er eit klårt brot på mandatet til nemnda.

Kan henda mest oppsiktsvekkjande mellom dei nye formene er pronomenet dokker og dokkar (eigeform), som skal kunna nyttast attved dei tradisjonelle de – dykk og dykkar. Her vel ein altso å føra inn ny valfridom i eit grammatisk ord, og det utan at ein har kunna visa at den tradisjonelle norma ikkje har vore fylgd.

Meir tvilsame på prinsipielt grunnlag er likevel dei mange nye formene som viser seg å vera identiske med dei ein finn på bokmål; langt dei fleste av dei fell faktisk inn under denne kategorien. Nokre døme: Der det før måtte heita symja, skal det no òg kunna heita svømma. Der det før måtte heita anten fylgja, fylgje, følgja eller følgje (ikkje lite berre det), skal det no attåt kunna heita følga og følge. I tillegg til dei tradisjonelle formene breidd, høgd, lengd og mengd skal det no òg vera lov til å skriva breidde, høgde, lengde og mengde. At bokmålet er ein viktig premissleverandør for desse nye formene, skulle vera klårt.

Blandar inn bokmål

Det er ei kjend sak mellom dei som arbeider med nynorsk språkrøkt at eit fleirtal av dei feila eller normbrota som folk gjer, kjem av at dei blandar inn språkdrag frå bokmål. I same lei dreg det at talemålet kringom i landet vert meir og meir likt bokmål – og nynorsken skal som kjent på død og liv – serleg det fyrste – fylgja talemålet.

I ein slik situasjon må dei som normerer språket, vera på vakt og sjå til at majoritetsspråket ikkje får for mykje å seia for normeringa. Ein naturleg del av normeringsarbeidet vert å setja opp merkesteinar mot den uynskte påverknaden.

Ein slik «språkøkologisk» tankemåte kan ikkje seiast å ha gjort seg gjeldande hjå dei som har arbeidt med den nye rettskrivinga. Tvert om, ved å lyfta opp nye, bokmålspåverka former til offisiell norm gjer dei sitt til at nynorsken i framtida vert liggjande endå tettare opp mot bokmål. Dette svarar dårleg til intensjonen om å skapa ei «tydeleg, enkel og stram norm» for nynorsk – og hjelper lite dei mange elevane som strevar med å skilja dei to språka frå kvarandre.

Skote ut

Kva er det so som faktisk vert skote ut av nynorsken? Ein gjennomgang av kap. 2 i framlegget, «Lydverket», som grovt rekna utgjer helvta av den tilrådinga som no har vorte godkjend av departementet, syner at i 234 av i alt 290 tilfelle der valfridomen vert skoren ned, har nemnda valt å halda på den forma som samsvarar best med bokmål. Det tyder at det berre i 56 tilfelle er ei sermerkt nynorsk form som vert ståande att. Mellom dei sermerkt nynorske formene som no går ut or offisiell nynorsk, er mange tidlegare hovudformer som hanga, massing, lippe, ty, dana, skruve, galenskap, skråme, tilfelleleg, verde og jamstella.

Der den nye rettskrivinga faktisk stramar inn valfridomen, er altso for ein stor del i den tradisjonelle enden av skalaen, og då gjerne i lite frekvente ord. Ein kan spørja seg kva vinning det er for nynorsken at det no ikkje lenger skal vera lov til å skriva ein leting ved sida av ein lating eller eksis ved sida av eksersis, eller at ein ikkje lenger skal kunna laugsta, men berre løgsta (skulda nokon for å ljuga). Slikt gjer mest inntrykk på statistikken: Sjå, kva har vel ikkje nemnda greitt å skjera bort!

Mindre valfridom i dei sjeldsynte orda

For å få eit best mogeleg «resultat» har nemnda gått laus på dei sjeldsynte orda, medan valfridomen i frekvente ord, som faktisk syner att i nynorske tekster og gjer målet rotut, har i stor mon fått stå. Det er som om ein i ei verksemd valde å kutta litt i dei minste postane, men lét dei store stå urøyvde: Det får lite å seia for sluttsummen.

Resultatet av denne framgangsmåten – mindre valfridom i sjeldsynte ord, like mykje eller meir valfridom i frekvente ord – er at «2012-nynorsken» kjem til å verta endå meir flokut og rotut. Eit døme: Før kunne den setninga som eg skriv «Me ynskjer dykk velkomne», skrivast på desse måtane i offisiell nynorsk:

Me ynskjer dykk velkomne

Me ønskjer dykk velkomne

Vi ynskjer dykk velkomne

Vi ønskjer dykk velkomne

Det var i minsto handterleg. No vert det i tillegg mogeleg å skriva setninga på desse måtane:

Me ynskjer dokker velkomne

Me ynsker dykk velkomne

Me ynsker dokker velkomne

Me ønskjer dokker velkomne

Me ønsker dykk velkomne

Me ønsker dokker velkomne

Vi ynskjer dokker velkomne

Vi ynsker dykk velkomne

Vi ynsker dokker velkomne

Vi ønskjer dokker velkomne

Vi ønsker dykk velkomne

Vi ønsker dokker velkomne

Det gjev ikkje mindre enn seksten ulike skrivemåtar av denne relativt enkle setninga frå 1. august. Eg ynskjer/ynsker/ønskjer/ønsker alle nynorskelevar og lærarane deira lukke/lykke til!

Quiz: Test dine nynorsk-kunnskaper!

 

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Livsfarlig tvangsretur

    Norge og Etiopia. Hvis Jens Stoltenbergs regjering tvangssender oss tilbake til våre bødler, vil det bli til tortur, til fengsel og i verste fall til drap.

Relaterte bilder

Klaus Johan Myrvoll

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer