Mest delt
Du sløser bort tre kvarter av arbeidsdagen
Det enkle hytteliv
Sammen, men skilt
Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.
-
Ein må vere villig til å prøve å vise måten ein verdi heng saman med andre politiske verdiar og prinsipp. Ein appell til ytringsfridom må knytast til andre konstitusjonelle verdiar, skriv Silje Aambø Langvatn.
Eit nytt offentlegheitsideal?
Terroren 22. juli har ført til krav om endringar i det offentlege ordskiftet. Alle vil ha «meir demokrati», men endringsforslaga går i motsette retningar.
AV: silje aambø langvatn - forsker, senter for vitskapsteori, universitetet i bergen
Les også:
FOTO: Privat
I forsøket på å forstå Anders Behring Breivik sitt hat har kommentatorar peika på tonen i innvandringsdebatten og ytringskulturen på nettet. Ein skulle tru det var eit likefram empirisk spørsmål: Sprekk hatefulle og konspiratoriske troll i møte med offentligheitas lys? Veks dei seg store og sterke der? Eller vert trolla farlegast når dei kjenner seg ekskluderte og gøymer seg i holene sine, med innlagt breiband?
Historia synest å stette ulike forklaringar. Står vi her overfor eit uløyselig offentligheitsdilemma?
Demokratisk samanbrot
Ifølge ein av vår tids fremste politiske filosofar, John Rawls, er politisk tillit avgjerande for å unngå demokratisk samanbrot. Folk trekkjer seg vekk frå demokratiske fora når dei trur at politikarar og embetsmenn er meir opptekne av personleg vinning og ideologi, enn av det felles beste. Politisk mistillit oppstår også når ein ser meiningsmotstandarar som irrasjonelle eller hjernevaska.
Mange amerikanarar har no sterk mistillit overfor politiske meiningsmotstandarar, eigne politikarar og dei øvste domstolane. Resultatet er lav valoppslutning, lav deltaking i offentlege debattar og manglande tru på demokratiske verkemiddel. Spesielt alvorleg er politisk mistillit som oppstår når ei gruppe blir mistenkt for å ha ein skjult agenda: Myten om jødane sitt fordekte forsøk på europeisk dominans i mellomkrigsåra. Myten om snikislamisering av Norge og Europa.
Kan vi unngå slik politisk mistillit?
Dei politiske verdiane
Rawls meiner eit bestemt demokratisk offentligheitsideal kan spele ei viktig rolle.
I eit pluralistisk demokrati kan vi ikkje forvente at lovene og institusjonane kan grunngjevast utifrå vår religion eller kultur. Legitimeringsgrunnlaget må i staden vere dei politiske verdiane og prinsippa vi ser som sentrale for ei demokratisk grunnlov. Desse grunnleggande demokratiske og liberale ideane kan foreinast med ulike kulturar, religionar og moralfilosofiar, men blir presentert uavhengig av desse. Eksempel er synet på borgarar som frie og likeverdige, ytringsfridom og rettsstatsprinsippet. Rawls krev følgjande: Dersom vi ønsker å endre sentrale lover og institusjonar må vi kunne grunngje dette overfor andre borgarar utifrå omsynet til slike politiske verdiar og prinsipp.
Men det skaper ikkje tillit berre å vise til enkeltståande verdiar som ytringsfridom. Andre kan ofte oppfatte slike referansar som eit tynt, politisk korrekt dekke for den eigentlege agendaen. Ein må vere villig til å prøve å vise måten ein verdi heng saman med andre politiske verdiar og prinsipp. Ein appell til ytringsfridom må knytast til andre konstitusjonelle verdiar.
Usemje
Dersom nokon kan argumentere utifrå ei rimeleg tolking av dei viktigaste ideane i Grunnlova, bør vi anerkjenne dei som politisk rimelege – sjølv om vi er usamde i det dei seier. Vi må sjå at usemje kan botne i at ein tolkar og kombinerer sentrale politiske verdiar ulikt, og trur på ulike virkemiddel. Dersom vi kan sjå andre som politisk rimelige, vil vi ha større tillit til lovene og ordningane dei innfører.
Rawls sitt ideal vil avsløre populistiske og forvirra politiske posisjonar. Til dømes kan ikkje libertarianismen gje ei konsistent tolking av dei mest grunnleggande demokratiske og liberale prinsippa, meiner han. For å etterleve Rawls sitt ideal vil mange måtte tenkje over forholdet mellom politiske verdiar som ofte er vage og kanskje justere visse oppfatningar. Sjølv politikarar har lite trening i dette. Minst like viktig: Idealet kan vise oss at det er ei breidde i det vi må akseptere som rimelege politiske oppfatningar, og ikkje utan vidare kan avfeie som egoisme eller galskap.
Idealet gjeld først og fremst dommarar, regjeringa, folkevalde og dei som stiller til val. Det gjeld også vanlege borgarar når dei stemmer eller påverkar politikarar i sentrale saker: Demokratiet forvitrar dersom borgarane berre ser på val som ei prosedyre for å fremje krav, utan å anerkjenne at dei utøver makt over andre ved å stemme.
Nokre tolkar dette «idealet om offentleg fornuft» som eit angrep på ytringsfridomen. Andre kritiserer det for å vere spesielt krevjande for religiøse borgarar. Andre igjen er bekymra for ei einsretta, ekskluderande eller hyklersk offentlegheit.
Rawls går langt i å akseptere ekstreme ytringar. Vi kan seie mykje, seier Rawls, men ytringsfridom er ikkje ansvarsfridom. Når vi utøver politisk makt har vi plikt til å grunngje dette overfor våre medborgarar. Dette kan vere krevjande, spesielt for grupper utan tradisjon for slik politisk argumentasjon. Mange religiøse grupper har likevel gått gjennom tunge prosessar for å gjere doktrinane foreinlege med demokratiske og liberale idear. Dette finn vi også i islam.
Rawls sitt ideal er meir krevjande enn former for multikulturalisme som hevdar at kulturar og religionar kan leve side om side i eit demokrati utan å dele anna enn lover og institusjonar. Ifylje Rawls må ein også prøve å dele eit politisk verdispråk og ei orientering mot visse grunnleggande demokratiske verdiar. Dette er noko eit demokratisk styresett, og demokratiske borgarar, kan og bør kreve av alle som søker politisk makt.
Unngå offentleg hykleri
I eit samfunn med stor mistillit mellom kulturelle og religiøse grupperingar oppnår ein ikkje tillit dersom den offentlege diskusjonen går føre seg i eit reint politisk verdispråk. Ein oppnår meir inkludering og tillit ved at grupperingar også argumenterer utifrå kulturelle og religiøse vokabular og førestillingar. Eit moderne demokrati må tillate dette, men også stille forventingar om at grupper og individ som søker eller utøver politisk makt kan knyte desse førestillingane til forståingar av demokratiet vårt.
Om Rawls har rett kan ein offentlig kultur som stiller slike krav bidra til å skape breiare politisk tillit. Dette vil ikkje vere ein garanti mot ein ny Behring Breivik. Men idealet kan gje innhald til kravet om «meir demokrati» og substans til tanken om ei «meir sivilisert» offentleg sfære.
Siste fra seksjon
-
Londons siste vals
Imperium i forfall. Mens Europa er på randen, står Storbritannia overfor sin egen krise
25 mai 2012 21:50
Mest lest meninger
En skitten folkeaksjon
Bør fremlegge skikkelig dokumentasjon for påstandene



Kommentarer