• Lars Fr. H. Svendsen leser fra sin bok Kjedsomhetens filosofi mens Helene Uri og Per Petterson venter på tur foran tilhørere i bokhandelen 192 Books i New York.

    FOTO: JOHN HULTGREN

Kor god er norsk litteratur?

Verdiar. Litteraturens evne til å krysse landegrenser er eit bod på kvalitetane ved den, på bokbransjens evne til å forvalte verdiar og på rammevilkåra som ligg til grunn for litterær skaping.

Det velrenommerte magasinet The New Yorker gir første bind på engelsk av Karl Ove Knausgaards Min kamp velfundert og anerkjennande kritikk over åtte sider med linjer til Walter Benjamins essay om dei klassiske store forteljingane og Marcel Prousts På sporet av den tapte tid.

Filosofen Lars Svendsen fyller store auditorium med kinesiske studentar når han snakkar om Kjedsomhetens filosofi på universitetet i Bejing, og viser at norsk sakprosa kan vere universell og nå lesarar på tvers av landegrensene.

Les også

– Hvis jeg hadde skrevet bok om meg selv, hadde jeg sovnet på side 10

Hva har skjedd med fantasien? spør debutant Ida Løkås.

Maria Parrs barnebøker Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal har på imponerande kort tid funne vegen til barn og vaksne i 16 land, og andreboka hennar vart tildelt tyske Die Zeits prestisjefylte Luchs-pris for beste barnebok i 2010.

Norsk på andre språk

Norsk samtidslitteratur kjem i dag ut på andre språk i langt større omfang enn tidlegare. Eit breitt spekter av boktypar oppnår gode kritikkar ute, og ei rekke forfattarar har oppnådd internasjonalt gjennombrot med prisar og salssuksessar.

Forlagsagentur er styrka og sjølvstendige agentur er etablert i Norge og Norden. Bare sidan 2004 har stiftinga for norsk litteratur i utlandet, NORLA (etablert 1978), tildelt støtte til 2247 utgivingar på 60 språk. Eit estimat viser at 50-60 prosent av omsetjingar er støtta av NORLA. Det tilseier at talet på utgivingar på andre språk sidan 2004 er over 4000.

Talet på språk som norsk litteratur kjem ut på, har auka frå ca. 30 rundt 2004 til dagens nivå på 45-50 språk årleg. Dei store språka representerer store marknader, og er derfor særleg interessant for forfattar, forlag og agentur. Omsetjing til større språk. særleg engelsk, verkar også som døropnar for fleire språk.

Felles ansvar

At litteraturen skal kunne reise ut i verda, føreset kvalitet. Litteraturen vår må ha noko å by utanlandske lesarar. Ein føresetnad for auka litteratureksport i åra som kjem, er ei vidareført nasjonal satsing på nyskaping av litteratur og utvikling av nye forfattarskapar, det vil også seie sikring av forfattarane sine levekår og vidareføring og vidareutvikling av gode rammevilkår for produksjon, distribusjon og formidling av litteratur i Norge. Det er eit felles ansvar for bokbransje og styresmakter å legge til rette for at dei litterære talenta også framover skal få gode vilkår til å utvikle seg over tid. Mange av våre i dag mest omsette forfattarar hadde mange bøker bak seg før gjennombrot for eit større publikum både her heime og i utlandet.

Kan vi eksportere meir?

Vi ser at auka offentleg satsing fører til kraftig auke i satsinga frå dei private aktørane også. For at litteratureksporten skal auke i åra som kjem, krevst samla innsats frå bokbransje, forfattarar og myndigheiter, og auka ressursar og større satsing. Denne bør omfatte ei styrking av eksisterande verkemiddel som har vist seg effektive, og etablering av nye verkemiddel som kan føre til ny utvikling.

Vegen for litteraturen ut i verda er avhengig av å passere trygt gjennom to portar: Omsetjarane og dei utanlandske forlaga. Omsetjarane kjenner norsk litteratur, kultur og samfunnsforhold svært godt. I tillegg kjenner dei sine lands bokmarknader, og fungerer ofte som litteraturagentar. NORLA legg til rette for at omsetjarar møter norske forfattarar, agentar og forlag gjennom reisestøtte, seminar og arrangement.

Institutta for norsk og skandinavisk språk og litteratur på universiteta i Europa har hatt avgjerande betydning for at vi har omsetjarar frå norsk. Det er no ein tendens til nedbygging av norskopplæring på universitetsnivå, for eksempel i dei viktige språkområda engelsk og spansk. Utdanning og utvikling av omsetjarar til alle språk, særleg verdspråka må styrkast.

Omsetjingsstøtte

Beslutningstakarane i dei utenlandske forlaga må kjenne oss og litteraturen vår, og dei bør komme til Norge for å møte forfattarane våre. Utanlandske forlag kan søke NORLA om støtte til å dekke ein del av kostnaden ved omsetjing. Det er eit konkret, effektivt og målbart verkemiddel som direkte stimulerer til norsk litteratur på andre språk. Omsetjingsstøtta tek ned risikoen for eit utanlandsk forlag som vil gi ut ei norsk bok, og dette incitamentet veit vi er avgjerande.

Talet på omsetjingar og søknader om omsetjingsstøtte har vakse utan at støtta har halde følge. Gjennomsnittleg tildeling pr. tittel er gått ned med vel 20 prosent sidan 2004. Denne støtta er basert på etterspørsel frå utanlandske forlag og blir spreidd på eit breitt spekter av bøker og forfattarar. I tillegg til ein auke i omsetjingsstøtte er det behov for ei meir spissa støtte som kan brukast for å dyrke fram toppane. Å ha forfattarskapar som Per Petterson, Lars Fr. Svendsen, Jo Nesbø, Maria Parr og Anne Holt, som er godt kjent i mange land, er viktig både av langsiktige og økonomiske grunnar. Med målretta innsats vil fleire forfattarskaparkunne bli slike fyrtårn for norsk litteratur i utlandet. Ved at dei finst på mange språk, vil dei skape vegar for fleire forfattarar ut.

Auka eksport

Ei prioritering av arbeidet mot dei store språka er nødvendig. Satsinga på engelsk bør prioriterast, og det trengst målretta innsats over tid for å auke nedslagsfeltet i den engelskspråklege marknaden. Eit effektivt og nyttig verkemiddel er å gjere engelske omsetjingar av norsk litteratur tilgjengeleg for forlaga.

I eit næringsperspektiv er bøkenes liv etter rettigheitssalet og omsetjinga avgjerande. For at ein norsk forfattar verkeleg skal treffe lesarane der ute, må det utanlandske forlaget lykkast med å selje boka i sin marknad. Eit nytt verkemiddel ville vere å sette inn ressursar nettopp her, ved å kunne støtte opp under det utanlandske forlagets marknadsføring.

Gjer litteraturen betre

Litteratureksporten opnar kulturen vår mot andre land, utvidar språket, utvidar lesarkretsar, og utvidar næringsgrunnlaget for feltet. Alt dette gir oss mykje tilbake, det styrkar litteraturen og gjer den betre.

At Norge har ein litteratur som gjer det godt på andre språk, i andre lands bokmarknader, er eit handfast bevis for at vi har klart å dyrke fram kulturelle uttrykk som kan hevde seg blant det beste som finst i internasjonal målestokk. Og det gir eit tydeleg svar på spørsmålet i overskrifta: god er norsk litteratur. Resultata har ikkje komme av seg sjølv. Derfor er det viktig å halde ved like og styrke satsninga både nasjonalt og internasjonalt, slik at norsk litteratur kan nå enda fleire lesarar.

Les også:

Kommentarer

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

  • Festdag for romfolkets beskytterinne

    I dag, torsdag 24. mai, feirer sigøynerne sin skytshelgen, Sara Kali, i Sør-Frankrike. Hun tilbes over hele den katolske verden, men for romfolket betyr hun noe helt spesielt.

Mest lest meninger

Brune, ubrukelige mennesker

Hege Storhaug forsøker å segregere befolkningen i to, en vestlig lønnsom og en ikke-vestlig ulønnsom.

- Hvorfor forteller ikke mediene hva en ikke-vestlig innvandrer koster?

Hver ikke-vestlige innvandrer koster Norge rundt 4,1 millioner kroner i snitt i livsløpet, skriver Finansavisen.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester