• Kommentarar i nettavisene er korte, kjappe og gjerne sterkt prega av augeblikket sine emosjonar, skriv Joachim Laberg.

    FOTO: Anatoliy Babiy

Kven skal forstå sinnataggane?

Å angripa kommentarane i nettdebattane med utgangspunkt i tradisjonelle idear om den gode offentlege samtalen, er urettferdig.

Det heile er litt ironisk. Etter markering av 22. juli og etter at rom-folk har blitt kraftig hetsa på nett, har ordlyden i deler av den offentlege debatten på ny blitt tematisert og kritisert. Mantra er framleis den same: Ekstreme ytringar på nett er eit samfunnsproblem, og det er bloggar, mørke nettsider og ikkje minst nettavisene sine kommentarfelt som får gjennomgå.

Ironien er at dei som er raskast til å stempla debattantane, ja stundom heile mediefenomenet og dets deltakara som hatsk, rasistisk og farleg, er gjerne dei same som stadig tek til ordet for forståing og sympati for andre utsette grupper. Kultursensitivitet er beundringsverdig, men kvifor så selektivt? Forståing kan ikkje berre gå på tvers av kultur og etnisitet, det må også gå på tvers av utdanningsnivå og sosial status.

Joachim Laberg
Eller fråskriv ein seg retten til å bli forstått når ein openbart har mista fotfeste i det offentlege ordskiftet?

Når ein ikkje har den naudsynte kunnskapen eller argumentasjonsteknikken som skal til for å bli høyrd der det gjeld, men likevel vågar seg utpå? Når ein er stygg i målet? Uthenging av nettbattantar er i ferd med å bli legitimt, og det er på tide med eit kritisk fokus på kritikken av kommentarfelta.

Feiring av mangfaldet

Kritikken mot kommentarfelta dreier seg ofte om språkbruk. Altså ei teknisk ferdigheit. Ja, formuleringane er tidvis langt over streken. Tidvis trist lesning. Men er dette eit teikn på ei hatsk haldning, eller eit teikn på problem med konvensjonelle tersklar? Deltaking i samfunnsdebatten er nemleg ein ferdighet som er vanskeleg å meistra.

Les også

Kan Arne Næss fortelle oss noe om nettdebatter?

Filosofiprofessor Arild Pedersen har formulert åtte regler som kan hjelpe oss som diskuterer på nettet.

Dei tradisjonelle kommentar-, kronikk- og debattartiklane i dagspressa er framleis dominert av skriveføre, høgt utdanna personar med god refleksjonsevne. Med nettavisene sine kommentarfelt har dette endra seg. Meiningssjangeren er blitt demokratisert – alle med ein nett-tilkopling får sleppa til. Dette har medført større mangfald. Ikkje berre i form av tal røyster, men også i form av skrivemåtar og argumentasjonsteknikkar. Skal me feira mangfaldet, slik me gjorde med omgrep som Twitter- og Facebook-revolusjon under den arabiske våren, må me tåla mangfald her heime også.

Men me også tåla mangfald i form av ulike oppfatningar av kva som er eit høveleg offentleg ordskifte. Det ser nemleg ut som om skiljet mellom privat og offentleg er svært utydeleg for mange av dei som ytrar seg i kommentarfelta. Å angripa kommentarane med utgangspunkt i tradisjonelle idear om den gode offentlege samtalen vert difor urettvis.

Tid til å tenkja

Når ein skriv eit debattinnlegg eller ein kronikk tek ein seg tid, trass i krav om aktualitet, til å både tenkja, formulera og lesa kritisk gjennom før ein sender av garde til publisering. I tillegg har ein redaktørar som nok ein god terskel. Kommentarar i nettavisene liknar meir den private samtalen: Kort, kjapt og gjerne sterkt prega av augeblikket sine emosjonar.

Les også

Nettdebatten er en sympatisk fyr

Men han må holdes i ørene iblant.

Eg trur ikkje oppmodingar om vald mot utsette grupper i sosiale medier alltid er meint som faktisk oppmoding til vald. Det handlar kanskje heller om uheldige formuleringar og for dårleg medvit kring det faktum at det ein skriv kan lesast av alle – ein ytrar seg offentleg, men har ikkje reflektert kring alvoret. Me ser teikn til dette i nyhendesaker der journalistar konfronterer personane bak ytringane. Det er sjelden akkurat slik dei har meint det, hevdar dei gjerne. Eller dei ynskjer eigentleg ikkje å meina noko om saken.

Når ein sit heime med PCen kan ein slenga frå seg all slags drit. Når journalisten ringer er det plutseleg alvor. Kritikken må ta omsyn til dette, og ikkje bruka korte augeblikksreaksjonar til å spå dystopiar. Eg seier ikkje at kommentarane ikkje kan vera djupt forankra i gjennomtenkte verdiar og synspunkt, eller at haldningane dermed er ufarlege. Heller ikkje at me skal finna oss i alt. Men formuleringane er antakeleg på langt nær alltid synonyme med den faktiske haldninga. Og skal me rosa samfunnet vårt med ord som demokratiserande medier og mangfaldig debatt, må me tåla ein del drit også.

Men det må sjølvsagt gå ein grense ein stad, og drapstrugslar er ikkje inkludert i den driten eg meiner me må tåla.

Takhøgde

Ein annan kritikk som har vore retta mot nettdebattantane handlar om kunnskap, eller rettare sagt mangel på slikt. Det er ingen løyndom at mange av nettkommentarane vitnar om grove forenklingar, og urettvise generaliseringar, særleg om komplekse områder som samfunn og politikk. Og ofte er det samanheng mellom manglande fomuleringsevne og manglande kunnskap. Men det må vera frykteleg frustrerande å ikkje bli teken på alvor når ein presenterer kunne, fordi innlegget er dårleg formulert.  Det er også farleg om me byrjar å spreia idear om kommentarfelta som søppelarenaer – ein stad for dei kunnskaplause. Farleg fordi kommentarfelta på sitt beste bidreg som korrektiv og supplement til dei journalistiske produkta.

Les også

Anonym og ekstrem

Kan de to forenes?

Ein ser særleg dette i teknologisaker – der fakta er fakta, og refelksjonar ofte er irrelevante. Men kommentarfelta har også verdi som kanal for ideamangfald og diskusjon. Dei har altså all grunn til å bli møtt med nyfikskap og interesse. Men igjen, det krev takhøgde å bruka dei på denne måten, og me må våga å både seia i mot og å støtta, utan å slenga om oss med stempel og stigmatiserande karakteristikkar. Sjølv når det er stigmatisering og stempling me kommenterer.

Kunnskap

Eg har alltid nikka stadfestande når politikarar og kommentatorar har snakka om å bidra i debattane med kunnskap. Slik kollektiv ansvarleggjering av kunnskapsdeling er gull, og verkeleg fornuftig bruk av internett-teknologien sit enorme publiseringspotensiale. Som langsiktig medisinering, er dette vegen å gå. Men for å lukkast må ein tilnærma seg oppgåva med respekt for tilhøyraren. Eit positivt elevsyn, som me seier i pedagogikken. Kanskje noko så dristig som ei objektivitetsorientert haldning til det heile? For her har mange tråkka feil.

Les også

- Jeg mente kommentar- feltene var fylt av tull

Det har forandret seg, skriver Qalb-e-Saleem Khan Ahmed.

Til dømes har Eskil Pedersen argumentert fornuftig for at kunnskap skal møta dei som er kritiske til innvandring og multikultur.

Men han har aldri nevnt med eit ord at også kritikarane av multikultur kan læra dei meir begesitra noko. Når vart kunnskap meiningsbetinga? Skal me verkeleg heva debatten må kunnskap få lov til å spreia seg utan å bli stogga av meiningsmurar. Vanskeleg, men fullt mogeleg. Og her er me inne på den tredje kritikken nettdebattantane møter jamleg,  nemleg det moralske.

Moralsk kritikk

Lat det ikkje vera noko tvil. Det er heilt på sin plass å diskutera moral, og å peika på og kritisera moralsk forkastelege kommentarar. Men moralsk kritikk kan ofte vera litt tricky, fordi den lett kan stogga vriene debattar. Moralsk kritikk kan også forkle seg som, eller henta legitimitet frå, språk- og kunnskapskritikken, sjølv om det er eine og åleine er moral som er problemet. Har ein problem med moral, så får ein kritisera moral, og ikkje angripa ei meiningsytring fordi den ikkje er ei faktautgreiing.

Eg kunne tenkt meg å høyra dei elles så kultursensitive sine tankar om kva dei trur det gjer med nokon som ynskjer å bidra med sine tankar og sin kunnskap, å bli omtala som uverdige delatkarar fordi bodskapen har feil moralsk utgangspunkt. Eg trur sistnemnde vil kjenna seg uynskte i den offenteleg debatten. Dei vil ropa om sensur, sjølv om alle kan sjå at dei slepp til i stor grad. Og eg trur dei etterkvart kan føla seg stigmatiserte.

Deltaking i det offentlege ordskiftet er ein ferdigheit som tek tid å utvikla, og dette må me akseptera. Å  t.d føresetja ein bestemt skrivestil eller argumentasjonsteknikk er ikkje å feira mangfald. Det er klart det må gå an å be om ein verdig debatt, men ein kan ha verdifulle betrakningar å dela sjølv om ein er stygg i målet.

Men kanskje er det greitt å ha eit enkelt offer? Det er i alle høve mykje enklare å angripa nettdebattantar enn å koma med konstruktiv systemkritikk. Det blir litt som med Mokkamann-saka, då Twitter nærast tok fyr, fordi alle kjendisane kjempa om å vera den beste anti-rasisten. Same månad vart det kjend at personar med utanlandske navn vert diskriminerte i samband med jobbtilsetting - altså alvorleg, dokumentert kvardagsrasisme. Då var det stilt på Twitter.

Kronikkforfatter Joachim Laberg vil delta i nettdebatten.

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

  • Festdag for romfolkets beskytterinne

    I dag, torsdag 24. mai, feirer sigøynerne sin skytshelgen, Sara Kali, i Sør-Frankrike. Hun tilbes over hele den katolske verden, men for romfolket betyr hun noe helt spesielt.

Mest lest meninger

Regjeringen er klart rasistisk, ikke sant?

HRS ønsker ikke konflikt, nettopp derfor må politikken legges om.

En «ren» terrorhandling

Det på tide med en informert kampanje, slik det gjøres mot røyking, aids og andre onder, for å forklare hva islamisme er, hvordan den forholder seg til islam, hvorfor den er på villspor, både moralsk og teologisk.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester