Mest delt
Du sløser bort tre kvarter av arbeidsdagen
Det enkle hytteliv
Sammen, men skilt
Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.
-
Låvebrua på Lajord er viktig for meg, saman med smia og fiskeretten. Men dette er likevel ikkje nok, skriv Marit Lajord om garden ho har odel på.
Med staten under låvebrua
Odel. Eg har odel på ein gard. Då har det offentlege mykje dei skulle sagt.
AV: marit lajord student, skribent, odelsjente, Vang/Oslo.
FOTO:
Indrelid Trygve
Norske gardar er viktig for mange, også utanom korridorane åt Bondelaget og Senterpartiet. Utfordringane er ikkje dei same på flatlandet og i fjellbygdene, problemstillingane er samansette og det er ingen enkle løysingar. Nettopp derfor, er det viktig å diskutere framtida åt landbrukseigedommane.
Forlate gardsbruk
Kvart femte gardsbruk på bygda er forlate. Låvar held på å rase saman, målinga flassar og taksteinane skulle ha vore skifta ut for lenge sidan.
Det var ingen som ville det skulle bli slik, dei som la taksteinane aller minst. Men dagane deira kjem aldri attende, og det er vi som lyt styre utviklinga rett veg. Det er vi som lyt restaurere låvane, ta vare på kulturlandskapet og dingle med føtene frå låvebrua. Det trur eg noverande og framtidige eigarar er best skikka til – ikkje norske politikarar. For det kan verke som ein del politikarar, lokalt og nasjonalt, er vel glade i detaljstyring av landbruket og av gardane.
Har vi for få gardar til romantikarane? Har vi for mange gardar til bøndene? Kvifor dett gardshusa ned? Og kva gjer buplikt, konsesjonslov og jordlov med gardane?
Vi må skape så gode lokalsamfunn, at folk har lyst til å ta over garden og busette seg der
Odelsrett
Eg skal kanskje ta over ein fjellgard. Odelsretten er eit dårleg sjekketriks, og gjev meg eit av dei vanskelegaste vala i livet mitt. Sjølv om garden ikkje er noko å leva av, har den hus der forfedrane mine vart fødde og døydde, eit nytt fjøs og mange mjølkespann. Den har uendelege verdiar.
Vel eg å ta over, då er det for å ta vare på farsgarden, fiske med nett og vera ein sambygding. Det er ikkje på grunn av bu- og driveplikta i konsesjonslova.
Driveplikta fungerar ikkje
Av 185 098 landbrukseigedommar var 46 600 i drift i 2010, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Kvart år vert nye gardsbruk lagt ned, og folk vel å flytte. Bu- og driveplikta fungerar ikkje etter hensikta. Samstundes er det eit lovverk som ikkje vert respektert, og har fleire negative verknader.
Folk bur ikkje på gardane sine av plikt. Vil dei ikkje, sel dei ikkje garden eller flyttar dit umidelbart. Dei søkjer om fritak eller utsetting, melder flytting i Folkeregisteret, eller latar som ingenting. Ingen kjem og bankar på døra, sjølv kor streng kommunen seier den skal vera.
Bu- og driveplikta verkar prisregulerande. Sjølv om prisen på landbrukseigedommar steig med 12 prosent i fjor, var snittprisen på tinglyste landbrukseigedommar «berre» 1 463 000 kroner, ifylgje ferske tal frå SSB. Kanskje vil prisoppgangen endre noko, men for få av dei 34 500 tomme gardsbruka vert lagt ut for sal. Eg trur framleis mange let vera og selja, fordi dei føler prisen ikkje speglar verdiane på garden og dei ikkje får det den er verdt.
Skapar usikkerheit
Bu- og driveplikta skapar óg usikkerheit. Er folk usikre på kor lenge garden vert verande i slekta, let dei vera å investere. Slik vert bu– og driveplikta eit kvast eksempel, på at lovverket som er meint for gardane, i staden går utover dei.
Tek eg over garden, utan å køyre traktor på jordet sjølv, får eg ikkje lov til å selje jorda. Jordlova gjev delingsforbod av norske landbrukseigedommar. Om nokre kommune og regionar gjer unntak, er politikarane under låvebrua imot frådeling.
Delingsforbodet er både upraktisk og historielaust. Gardsstrukturen har alltid vore i endring. På 1800-talet kom det husmannsplassar, i mellomkrigstida nye bureisingsbruk. Gardar har vorte delt opp og slege i saman. Det er berre i dag, at ein del politikarar meiner gardsstrukturen slik den var ein gong på 1930-talet er den beste.
Leiglendingar
Det eg får lov til, er å leige bort jorda. Slik store delar av det dyrka arealet i Noreg er. 60 prosent av dei aktive bøndene er avhengige av leigejord i drifta, viser tal frå Landbrukets Utredningskontor frå 2009. Bøndene vert leiglendingar.
Dagens frådelingspolitikk er til hinder for ivrige bønder, som vil satse og utvide med å kjøpe tilleggsjord. Den hindrar kontinuitet og tryggleik, og ikkje minst nye investeringar. Det kan verke som ein del politikarar, er meir opptekne av at alle gardar – bebudde og fråflytta skal oppretthaldast som sjølvstendige bruk, enn å utnytte ressursane og legge forholda til rette for som faktisk driv gardane.
Sjå moglegheitene
Kanskje bør vi verte flinkare til å sjå moglegheitene. I tillegg til å vera arena for tradisjonelt landbruk og gode liv, trur eg norske gardar kan ha ei rolle i framtidig innovasjon. Det har vore litt fokus på gardsturisme, økologiske grønsaker og grøn omsorg. Men det har ikkje vore nok, og eg trur potensialet er større.
Mange framtidige behov, som barnevernstenester, rehabilitering eller ny energi, kan løysast med eit gardstun som utgangspunkt. Tenk berre kor mykje kreativt ein kan få til på ein låve!
Låvebrua på Lajord er viktig for meg, saman med smia og fiskeretten. Men dette er likevel ikkje nok. For i ordskifta kring gardane, er det viktigaste ordskifta om bygdene. Vi må skape så gode lokalsamfunn, at folk har lyst til å ta over garden og busette seg der.
Utvide perspektiva
Det er på tide å utvide perspektiva. Det er flott at folk tek over gardar som matprodusentar. Men det er også viktig at folk tek over som kulturminnepleiarar, kjøpekraft, og gode borgarar i lokalsamfunnet
Eg vil ikkje at grenda mi skal bli til eit hyttefelt, eg vil ha norsk matproduksjon og liv på bygdene. Men dagens politikk verkar ikkje. Då meiner eg vi lyt diskutera Jordlova, Konsesjonslova og landbrukseigedommane - på Stortinget, i landbruksorganisasjonane og på nærbutikken.
Eg er usikker på framtida, men odelen gjer meg heldig. For ein gard er ein verdi. Det er mange verdiar. Dyrka mark, utmark, buskap, reiskap og hus. Ein stein å klatre på i skogkanten og ein stig kyrne kjenner opp til fjøset - det er verdiar og dei lyt vi ta vare på. Då må politikken tilpassast liva åt menneska som høyrer til på gardane, utan staten sitjande under låvebrua.
Siste fra seksjon
-
Londons siste vals
Imperium i forfall. Mens Europa er på randen, står Storbritannia overfor sin egen krise
25 mai 2012 21:50
Mest lest meninger
En skitten folkeaksjon
Bør fremlegge skikkelig dokumentasjon for påstandene



Kommentarer