Mytar og fakta om WTO

Avvikling av norsk landbruk tener ikkje dei fattige i verda. Fattige uland ønskjer sjølve å verna matproduksjonen sin med toll. Sett under eitt har Noreg den lågaste gjennomsnittstollen for matvarer, fordi vi tar tollfritt inn alt vi ikkje dyrkar sjølve.

SVIKTANDE KUNNSKAP. Forhandlingane om tollreduksjonar i Verdas handelsorganisasjon WTO er inne i ein avgjerande fase før ministermøtet i Hong- kong 13.- 18. desember. Norske posisjonar på jordbruk er under press, og debatten her heime har blussa opp etter at den raud-grøne regjeringa tok over ansvaret for forhandlingane i Genève. Men mytane er mange, og kunnskapsnivået lågt.Utfallet er enno uvisst av Doha-runden, som i stor mon gjeld internasjonal handel med landbruksvarer, men dette kan vera ei skjebnetid for norsk jordbruk, så det kan vera nyttig å presentere noen fakta. Når det gjeld eksport, ser det ut til å gå imot ei semje om å avskaffe eksportstøtte, som er så øydeleggjande både for verdshandelen og særleg for u-landa. Her var Noreg tidleg ute i sitt opningstilbod, og lova å avskaffe all eksportstøtte. Trass i at dette vil sette ein stoppar for eksport av Jarlsberg-ost frå Noreg, ser organisasjonane i landbruket ut til å ha innsett at dette var eit nødvendig bondeoffer. Kvit ost til eksport utgjer noe over 10% av mjølkeproduksjonen. I reine tal vil det fortrenge 1500 mjølkeprodusentar og knapt 500 meieritilsette. Fordelane vil bli hausta i våre europeiske naboland, som har eit meir effektivt jordbruk og ein tøffare meieriindustri enn vår. Avskaffinga av eksportstøtta vil i tillegg til Noreg råke land i EU med stor eksport, slike som Frankrike, Irland, Danmark og Nederland. Dragkampen står no om USA sine eksportordningar og matvarehjelp skal reknast som eksportstøtte.

Norge har lågast gjennomsnittstoll.

Mest fokus, og med rette, har i det siste vore på tollreduksjonar. Tollsatsane blir i WTO delt i fire band, eller grupper, etter kor stor tollen er. Det er ikkje semje om grensene for tollgruppene, men uansett definisjon vil alle viktige varer for norsk jordbruk som mjølk, kjøtt og korn ligge i øvste gruppa. For 25% av våre i alt mellom 1100 og 1200 toll-linjer er tollsatsen over 100% (alle hyllevarer har si toll-linje). Men Noreg har den lågaste gjennomsnittstollen for alle matvarer under eitt, med 38,7%, mot eit snitt på 45% for alle dei 100 viktigaste handelsnasjonane i WTO. Forklaringa på dette paradokset er at Noreg har null-toll på alle varer vi ikkje produserer sjølve, slike som sukker, ris, sydfrukter og krydder. Fem land, eller grupper av land, har lagt fram forslag til reduksjonar i tollsatsane ("gul" støtte). Mest ekstremt for oss er forslaget frå USA, som foreslår 90% reduksjon i band 1 for tollsatsar (varer med over 75% toll), og eit tolltak på 60% . EU har i sitt siste tilbod foreslått å kutte 60% for alle varer i øvre nivå for tollsatsar (over 90% toll). I tillegg har dei foreslått eit tolltak på 100%. G20, ei gruppe av store u-land med eksportinteresser, med Brasil og India i spissen, har foreslått 75% tollkutt i det øvste nivået. I tillegg foreslår dei tolltak på 100%. Ei fjerde gruppering av matimporterande industriland, med Japan, Sveits og Sør-Korea i spissen, har samla seg i G 10, der også Noreg er med. G10-landa har foreslått 45% kutt i tollen på det øvste nivået, og dette skal gjelde alle varer med over 70% toll. I tillegg har G10 til no vore bastant imot tolltak. Det gir likevel lita meining for Noreg å slåst mot tolltak, dersom tollvernet etter kutt for alle norskproduserte varer likevel hamnar under taket. Slik vil det bli dersom avtalen endar med tollkutt på det øvste nivået, i nærleiken av EU sin noverande posisjon (60% kutt).

Fattige u-land vil ha tollvern.

I det siste har ei femte gruppering av 69 utviklingsland stått fram; dei såkalla ACP-landa (fattige tidlegare koloniland i Afrika, Karibia og Stillehavsområdet). Desse landa har i motsetning til G20 defensive interesser i å beskytte eigen matproduksjon og oppbygginga av eigen industri. Desse fattige u-landa har foreslått ei grense for tollsatsar på 150% for u-land og 80% for industriland. For industriland har dei foreslått 45% kutt på det øvste nivået (som G10), mens dei foreslår 30% tollkutt for u-landa. Dei 69 fattige ACP-landa går også imot tolltak. Desse landa er som G10-landa nettoimportørar av mat, og i sluttspurten kan ACP-landa bli ein viktig alliert for G10 og ei livbøye for den raud-grøne regjeringa her heime. Saman med G10 utgjer dei 69 fattige ACP-landa meir enn halvparten av medlemslanda i WTO, og deira opptreden som eiga blokk har for alvor punktert argumentet om at u-landa står samla bak Brasil og G20 i kravet om full frihandel på mat.

Kvegbaronane vinn, dei fattige tapar.

Det ligg vidare i korta at dei landa som skal oppretthalde høg toll på visse varer må betale for den med importkvotar for tollfri import på dei same varene. Her er Noreg under press for å auke dagens tollfrie kvotar på til dømes ost og kjøtt. Ei politisk problemstilling for regjeringa blir om delar av denne importen skal reserverast for dei fattige landa. Det er alt i dag ei ordning der dei 49 minst utvikla landa kan eksportere til dømes kjøtt til Noreg tollfritt. Dersom denne ordninga ikkje blir oppretthalde og utvida, vil kvegbaronane i Brasil ta marknaden, på bekostning av kjøttprodusentar frå lite utvikla land i Afrika. Så skal det også forhandlast om unntak i tollreduksjon for såkalla sensitive produkt. EU krev at 8% av toll-linjene skal definerast som sensitive, mens USA tilbyr 1%, noe som vil bety at berre 10-12 norske varer kan definerast som sensitive. Det blir og forhandla om nye kriteria for "blå boks" - støtte i samsvar med dyrka areal og talet på dyr, der det meste av norsk støtte på statsbudsjettet ligg. USA vil avgrense "blå støtte" til å gjelde 2,5% av brutto produksjonsverdien, mens EU og G10 krev ei grense på 5%. Eitt av tidlegare landbruksminister Lars Sponheim sine glansnummer i WTO-debatten har vore "den norske setning", som seier at land som har uforholdsmessig mye "blå" støtte (les Noreg) blir handsama spesielt. Men "grønvaskinga" av den norske arealstøtta som vart gjennomført i fjorårets jordbruksavtale er neppe nok til å berge resten av norsk blå støtte. Om den vidare framdrifta så skal det halde hardt om det blir ei løysing på ministermøtet i Hongkong i desember. Viss og når det blir ei semje, skal kvart land fremje detaljerte lister som blant anna viser toll i prosent etter dei kutt som blir vedtatt. Når desse listene er godkjent av WTO, skal dei godkjennast i dei nasjonale parlamenta. Slik sett kan ein ny WTO-avtale neppe ta til å verke før i 2008. Berre tida vil vise kven som vinn fram av handelsgigantane.Den norske jordbrukaren, og u-landsbonden, blir taparane uansett.

Den nye landbruksministeren

ser ut til å sette sin lit til at han skal få det raud-grøne stortingsfleirtalet med på å gje bøndene kompensasjon over statsbudsjettet. Men her kan han gjera rekning utan vert, etter som det kan koma ei øvre grense i budsjettstøtta som avgrensar vår handlefridom. Dessutan går spørsmålet om kompensasjon vidare enn landbruket, etter som heile næringsmiddelindustrien kan stå i fare for å flagge ut dersom Noreg gir frå seg retten til å ha norske matprisar som dekker norske produksjonskostnader i alle ledd. Det freistar vel inga norsk regjering å ha denne vår nest største industribransje med 50 000 årsverk på dørene i departementa med bønn om kompensasjon.Noen har irritert seg over at stortingsrep. Per Olaf Lundteigen har kravd full kompensasjon til bøndene for det dei taper med ein ny WTO-avtale. Andre har sagt at såpass må dei tole, dei er jo sjølvstendig næringsdrivande. Men det kan gå så gale at bøndene vil tape så mye at dei hamnar under fattigdomsgrensa. Og den raud-grøne regjeringa sin fattigdomsgaranti gjeld vel også
sjølvstendig næringsdrivande? Bjarne Håkon Hanssen hadde kanskje trudd han skulle vera ferdig med bøndene for ei tid. Men spørsmålet om bøndenes inntekt etter ei full innfasing av ein WTO-avtale kan i verste fall hamne på sosialministerens bord.

Kommentarer

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

Mest lest meninger

Spetalen: Vås om utdanning

Økt satsing på utdannelse ville med stor sannsynlighet skape større avkastning for Norge enn enda mer spekulasjon på børsene.

«Du er en kvinnelig flodhest på størrelse med en traktor»

Fedme er mangel på kontroll, og det kritiske lyset på kvinnen er mye sterkere enn på mannen, skriver Hege Gade, Phd-stipendiat i psykologi.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester