• Ordet neger vekkjer så mange negative reaksjonar at produsenten Toro i 2006 valde å bytte namn på sin sukkerkulør, for ikkje å støyte nokon.

    FOTO: Marit Rasmussen

Når orda røper verdiane våre

Er det greit å seie at ein trygdemottakar «naver» og å kalle ein mann for «homse»?

Som språkbrukar lyt ein søkje kunnskap, vere bevisst og tenkje etter: Korleis blir ord om andre menneske oppfatta av dei orda gjeld? Det finst ord der språkbrukarane ikkje er samde om orda er nedsetjande eller ikkje. Til dømes vekkjer ordet «neger» negative assosiasjonar hjå svært mange. «Neger» er på veg ut av språket som eit nøytralt ord, sjølv om ein del framleis ønskjer å bruke det slik.

Det heiter seg at ein skal vege orda sine på gullvekt. Ja, orda vi brukar om andre, bør vere velvalde. Mange er opptekne av å ta omsyn, medan andre kanskje synest det er dumt at ein ikkje kan bruke dei orda ein alltid har brukt. Språkrådet korkje kan eller vil forby ord, men vi oppmodar alle til å vise folkeskikk og toleranse.

Sårande eller støytande

«Kva gjer vi med orda, og kva gjer dei med oss?» spør vi i dag på Språkdagen 2013. Sensitive ord er eitt av emna på dagen. Det er vi, språkbrukarane, som bestemmer tydinga av eit ord, gjennom måten vi brukar det på.

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

FOTO: Språkrådet

To ord som i utgangspunktet viser til det same fenomenet, som «mørkhuda» og «afroamerikanar», kan ha ulike positive eller negative valørar knytte til seg. Orda kan dessutan oppfattast ulikt av ulike språkbrukarar og i ulike samanhengar. Dei språklege valørane endrar seg i tillegg over tid, og dét kan vere ei kjelde til frustrasjon. Mange opplever at visse ord er fornærmande, sårande eller støytande, og det er slett ikkje alltid dei same orda no som for femti år sidan. Dei færraste nordmenn i dag brukar ord som «evneveik», «mongoloid» og «krøpling», men desse orda var for nokre tiår sidan oppfatta som nøytrale og mykje brukte nemningar i medisinsk terminologi og blant folk flest.

Grensene flyttar seg

Ord som i utgangspunktet overtek som nøytrale nemningar for støytande ord, kan med tida også bli oppfatta som negative. Omkring 1960 dukka ordet «handikappa» opp som ei nøytral erstatning for den utdaterte og negativt ladde nemninga «vanfør», og namnet Norges Handikapforbund tok over for Norges Vanførelag i 1975. Då forbundet tretti år seinare sjølv var med på å utarbeide lister over ord som kan brukast og ord som bør unngåast, hamna «handikappa på lista over ord ein bør vere varsam med. No tilrår ein å bruke ord som «funksjonshemmaK og «personar med funksjonsnedsetjingar». Det er stor semje om at vi ikkje bør bruke ord som «krøpling», men det er ikkje alltid det er like lett å dra grensene.

Å «ta tilbake» ord

Kva med ord for dei ulike greinene av romanifolket som tradisjonelt har vorte kalla «taterar» og «sigøynarar»? Omgrepet «romfolk» er i ferd med å slå gjennom for den sistnemnde gruppa. Somme har og teke til orde for a «reisande» bør brukast i staden for «tater», men det er ikkje semje om desse uttrykka, heller ikkje innetter i dei aktuelle miljøa.

Er det greitt å kalle den svenske kongen for «ordblind»? Og kan ein eigentleg kalle ein homofil kamerat for «homse»? Å bruke ordet «døv» om ein person som ikkje høyrer, er ikkje nedsetjande, men ein bør ikkje kalle teiknspråk for «døvespråk». Og kva med å bruke «døv» i tydinga «kjedeleg»?

Det er ikkje utan grunn at mange synest det er vanskeleg å vite kva ord ein bør unngå, og kva ord ein kan bruke.

Somme tider vil ei gruppe dessutan «ta tilbake» ord som har blitt oppfatta som støytande. På 1980-talet var «pakkis» eit skjellsord som vart brukt av nordmenn om og til både pakistanske innvandrarar og andre med ikkje-norsk utsjånad. Ei stund var ordet «bannlyst», men i dag er ordet stundom i bruk av ungdommar, helst mellom vener med pakistansk bakgrunn. Det er likevel ikkje eit akseptabelt ord å bruke for kven som helst.

Språkleg og politisk

Det er ikkje berre eldre ord som kan oppfattast som støytande. Då Språkrådet kåra «å nave» til årets nyord i 2012, vekte det merksemd. Ordet vart i utgangspunktet brukt av og om ungdommar som medvite tok eit friår på Nav si rekning, men mange hevda etter kåringa at ordet bidrog til å stigmatisere arbeidslause, uføre og andre som treng støtte frå Nav.

Når Språkrådet skal uttale seg om bruk av ord som viser til ulike minoritetsgrupper eller grupper av menneske med særskilde fysiske eller psykiske eigenskapar, kan vi ikkje berre stø oss på den leksikalske tydinga eller kva slags assosiasjonar majoriteten får av ordet. Vi må i tillegg ta omsyn til kva den gruppa ordet refererer til, legg i det. Når avsendar og mottakar ikkje har same oppfatninga av eit ord, og særleg dersom ordet refererer til ei gruppe menneske som er i ei utsett stilling i samfunnet, blir problemstillinga ikkje berre språkleg, men òg politisk. Det gjeld å gjere bevisste val, sjølv om det ikkje alltid er lett å halde oversikta over korleis ord blir oppfatta.

Tenkje seg om

Å forby ord eller uttrykksmåtar ligg ikkje innanfor ansvarsområdet til Språkrådet. Ein kan ikkje endre samfunnsforhold direkte ved å endre på språket, og det blir neppe slutt på diskriminering om ein berre «forbyr» visse ord. Men orda og omgrepa vi brukar, påverkar korleis vi oppfattar verda, og oppfatninga vår av verda verkar sidan inn på ordbruken vår. Det er mogleg, og stundom kanskje ønskjeleg, å påverke ordbruken i samfunnet, men ein må gå fram på rett måte. Språkrådet trur det er betre å appellere til folkeskikk og sunn fornuft enn å bruke tvang eller formanande peikefinger.

Språkbrukarane må ha fridom til å velje mellom ulike stilar og valørar. Difor vil Språkrådet, i staden for å forby ord og uttrykk, oppmode språkbrukarane til å vere medvitne i val av ord. Ein bør tenkje seg om før ein nyttar sensitive ord. Gode og oppdaterte ordbøker gir råd om positive eller negative valørar knytte til ordet, og organisasjonar som arbeider for interessene til minoritetar eller menneske med ulike funksjonsnedsetjingar, kan ofte gi råd om ordbruk på sitt område.

I tillegg vil ein få viktige signal gjennom å følgje med i samfunnsdebatten. Ein språkbrukar som er orientert om realitetane i språket, er i stand til å ta sjølvstendige og gode språkval.

Les også:

Siste fra Kronikker

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid.

Mest lest meninger

Det er ikke Sidsel Wold netthetserne vil til livs. Det er makten hennes

Den viktigste årsaken til at Sidsel Wold blir hetset på nett er at hun har makt, mener Anja Sletteland.

Hun reiste helt alene til Syden og testet ekstremversjonen av ensomhet

Ensomhet er en leveform som må få oppmerksomhet og beherskes, skriver Johanne Magnus.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer