Mest delt
- Hvorfor forteller ikke mediene hva en ikke-vestlig innvandrer koster?
Sov i Sofienbergparken i protest mot overnattingsforbud
- Det er vanskelig å være etnisk norsk her
Tirsdag tok Odin (12) eksamen i 10.-klassematte
Økonomisk suksess - og litt ditt
Samvirke. Blir samvirke ein suksess, sluttar det å vera eit genuint samvirke, blir det ein fiasko, går det konkurs. Men det finst ein tredje veg: Økonomisk suksess, men samtidig litt ditt.
AV: reidar almås professor, Norsk senter for bygdeforskning, NTNU
2012 er av FN peika ut som det internasjonale samvirkeåret. I utgangspunktet er samvirke ein måte å organisere seg på, for å styrke posisjonen sin i ein marknad. Her heime kjenner vi samvirke best frå landbruk, fiskeri, varehandel (Coop) og som bustadkooperasjon. Ideologisk heftar kanskje noe antikvert og historisk ved samvirke, men vi fekk ein flunkande ny Samvirkelov så seint som i 2008. Coop, Norges Sildesalgslag, Norges Råfisklag, TINE, Nortura, Felleskjøpet er eksempel på klassiske norske samvirkeføretak. Eksempel på nyare samvirkeføretak her i landet er samdrift i landbruket, advokatfellesskap, TONO for samarbeid mellom låtskrivarar, kooperative barnehagar og samvirke mellom personlege assistentar (ULOBA). Kven veit forresten at Oslo Taxi er organisert som eit samvirke av drosjeeigarar?
Brukarnytte og meldemsfordel
Tradisjonelt har samvirke vore dei svake, underpriviligerte og fattige si organisasjonsform. FN har knytta samvirkeåret til tusenårsmålet for å avskaffe svolt og fattigdom. Under FN sitt toppmøte Rio+20 i slutten av juni, vart samvirkets rolle i grøn jobbskaping og berekraftig matproduksjon understreka i slutterklæringa. Hjelp til sjølvhjelp har vore eit viktig samvirkeprinsipp, vidare demokratisk kontroll, opplæring og politisk nøytralitet. Samvirket er eigd og styrt med formål brukarnytte og medlemsfordel, og samvirket skal både ivareta medlemmanes økonomiske, politiske og sosiale interesser. Det betyr at samvirket skal drive både foreining og forretning: Dei som deltar er både kundar og medlemmar. Denne dobbelkarakteren til samvirket har vist seg å vera ein styrke i mange utviklingsprosessar, men den har og vorte utnytta av maktelitar til eigne formål, slik som i fleire av landa i den tidlegare austblokka.
Den tredje sektor
Etter privat og offentleg sektor utgjer samvirke den tredje største økonomien globalt, derfor er kooperasjonen også omtala som den tredje sektor. Verdas samvirkeorganisasjonar har vel ein milliard medlemmar, organisert i 750 000 føretak med ca. 100 millionar arbeidsplassar. I Norge er det ca. 4000 samvirkeføretak med til saman ca. 2 millionar medlemmar, mange av desse dobbelmedlemmar sjølvsagt. Den norske samvirkefamilien består av fire store sektorar: Forbrukarsamvirket, landbrukssamvirket, fiskerisamvirket og bustadsamvirket. I tillegg finst det samvirkeføretak på område som transport, kraftlag, barnehagar, bilkollektiv, bygdeservice, vassverk, samfunnshus, golfklubbar, småbåtlag og nærradioar. Samvirkesenteret er fellesorganisasjon for norske samvirkeføretak og gir råd om etablering og omorganisering.
Politikk og forvaltning
Ut over næringsverksemda driv noen av dei norske samvirka i landbruk og fiskeri med politikk og forvaltning på vegne av styresmaktene, regulert i eit sektorlovverk. Fiskarsamvirket deltar i forvaltinga av Råfiskloven, der Norges Sildesalgslag står for førstehandsomsetninga av all pelagisk fisk (mest sild, makrell, lodde og brisling), mens Norges Råfisklag sørgjer for førstehandsomsetninga av dei andre fiskeslaga (mest torsk, sei, hyse og reker). Geografisk deler dei kysten mellom Romsdal og Nordmøre: Sildeslagslaget med hovudkontor i Bergen i sør og Råfisklaget med hovudkontor i Tromsø i nord.
Salslaga fastset minstepris, og er dermed ein garantist for at fiskaren skal få omsett fisken til ein anstendig pris. Landbrukssamvirket deltar i marknadsreguleringa for kjøtt og mjølk: Tine har ansvar for å ta imot og foredle eller selje råvare vidare av all produsert mjølk og Nortura er marknadsregulator for kjøtt (med unntak av kylling). Formålet er å sørgje for at bøndene får den i jordbruksavtalen avtalte målpris, samt sikre forbrukarane i vårt mangslungne land stabil tilførsel av basismatvarer. Dette prinsippet om at yrkesutøvarane i ei næring gjennom sine organisasjonar deltar i marknadsregulering regulert ved lov, må seiast å vera eit sentralt trekk i den norske forvaltningsmodellen.
Smørkrisa
I nyare samfunnsvitskapleg faglitteratur snakkar ein om «governance», når forvaltinga på eit felt skjer i eit samarbeid mellom frivillig sektor, næringsliv og styresmakter. Ja, fint skal det vera, men i Norge har ein drive med samvirkeforvalting sidan 1930-talet og ordningane har hatt brei politisk støtte. Men under den såkalla smørkrisa ved juletider, vart det reist spørsmål om denne forma for regulering av matmarknaden er tidsmessig, og om dei rette aktørane er med i reguleringane. Råfiskloven er også under revisjon, og der ser ein det same politiske presset: Gamle kritikarar og nye aktørar nyttar høvet til systemkritikk. Dei som forsvarer marknadsordningane for fisk og kjøtt har like vel eit godt poeng: Kvifor endre på eit system som har fungert godt? Det vart neppe betre om reine statlege institusjonar tok over, slik det er i eit land som Canada, som har sine «Milk Boards» for marknadsregulering av mjølkeproduksjonen. Men dette argumentet for samarbeidsforvalting har berre vekt så lenge marknadsreguleringane verkar til beste for produsentar og kundar.
Brukarane eig samvirket
Det er vanleg å peike på fire sentrale trekk ved samvirket: Brukarane eig samvirket, brukarane har demokratisk styring: Eitt medlem ei stemme (eller med likestillinga to), brukarane skal ha økonomisk nytte og det skal vera avgrensa økonomisk ansvar og utbytte. Det er særleg på det siste punktet, der det blir slått fast at formålet ikkje er avkasting på innskoten kapital, at samvirket avvik mest frå den kapitalistiske AS-modellen. Av mange samvirkemedlemmar, særleg i landbruk og fiske, blir dette sett som eit stort gode, i og med at dei ønskjer avkastinga skal koma innafor sin eigen primærproduksjon. Samtidig ser ein her noe av ein Akilleshæl for dei moderne samvirka som har vorte store: Korleis skaffe seg meir eigenkapital når konkurransen i marknaden krev oppgradering og store utvidingar av drifta. Dei opphavlege andelsinnskota blir da for små til å gje tryggleik nok til at bankane vil låne ut pengar. Ei løysing som både Nortura her heime og utanlandske samvirkeføretak har vald, har vore å invitere medlemmane til å skyte inn ekstra medlemsinnskot med garantert avkastning. Dette kan seiast å bryte noe med eitt av dei opphavlege samvirkeprinsippa, men slike hybridgrep er neppe til å koma utanom i dagens pengemarknad.
Ein tredje veg
Ei anna utfordring samvirkeorganisasjonane møter når dei veks er korleis dei skal ekspandere på nye område eller utvikle produksjon i andre land. Her ser ein ulike løysinga slik som det dansk-svenske meieriselskapet Arla, som kjøper opp bondeigde samvirkeføretak i andre land og tar inn medlemmane i desse som medlemmar i det fusjonerte selskapet. Det New Zealandske samvirkeselskapet Fonterra har vald ei anna løysing, der det samvirkeorganiserte Fonterra fungerer som holdingselskap for ei rekkje selskap i meir enn 40 land over heile verda. Desse dotterselskapa blir da drivne som vanlege kapitalistiske selskap med forteneste som mål, der profitten går tilbake til dei 11 000 mjølkebøndene som er medlemmar i morselskapet.
Tine driv også produksjon av Jarlsberg i utlandet etter denne modellen. Det var neppe slik dei førestilte seg det skulle bli, potetbøndene som grunnla Strand Brænderi i Moelv, som det første norske samvirkeselskapet etablert i 1843. Her står vi kanskje ved eit eksempel på Oppenheimers samvirkelov, som seier at anten blir samvirke ein suksess, og da sluttar det å vera eit genuint samvirke, eller så blir det ein fiasko og går konkurs. Men mange av våre mest vellykka samvirkeføretak har vist at det finst ein tredje veg mellom desse to ytterpunkta: Økonomisk suksess, men samtidig litt ditt.
Kommentarer
Siste fra seksjon
-
Mange kikkere - flere overgrep
Et system med én journal for hver innbygger vil gi uante muligheter for massiv overvåking av norske innbyggere.
22 mai 2013 10:56
Flere bilder
Coop, Norges Sildesalgslag, Norges Råfisklag, TINE, Nortura og Felleskjøpet er eksempel på klassiske norske samvirkeføretak, skriv Reidar Almås. FOTO: tine
Mest lest meninger
- Hvorfor forteller ikke mediene hva en ikke-vestlig innvandrer koster?
Hver ikke-vestlige innvandrer koster Norge rundt 4,1 millioner kroner i snitt i livsløpet, skriver Finansavisen.
Brune, ubrukelige mennesker
Hege Storhaug forsøker å segregere befolkningen i to, en vestlig lønnsom og en ikke-vestlig ulønnsom.
Mest kommentert siste døgn