Mest delt
Du sløser bort tre kvarter av arbeidsdagen
Det enkle hytteliv
Sammen, men skilt
Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.
-
For å halda overgrepa på avstand nyttar eit barn i grove trekk fortrenging, fornekting og bagatellisering, skriv Jan Gunnar Sørbø.FOTO: Stein J. Bjørge
Overgrepsutsette menn og svarteper
Seksuelle overgrep. Det er på høg tid at det for alvor blir laga rom for og vist legitimitet overfor overgrepsutsette menn.
AV: jan gunnar sørbø Jan Gunnar Sørbø, masterstudent, Norges Musikkhøgskole
FOTO:
Audun Forsell Halaas
Kor mange menn som faktisk har opplevd seksuelle overgrep i barndomen, er vanskeleg å slå fast. I vitskapelege studiar finn ein tal mellom fem og tjue prosent, noko som tilsvarar minst 100 000 menn berre i Noreg. Dette er altså eit talmessig framståande fenomen. Overgripar kan vera mann eller kvinne, kjend eller ukjend. Nokre gonger er overgripar ein tillitsperson og autoritet for barnet, i mitt eige tilfelle ein høgt respektert mann i kommunen si teneste. Overgripar nyttar vanlegvis ikkje fysisk vald, men vinn tillit og gjer seg sjølv uunnverleg ved å spela på godtgjering, overtaling eller truslar av ulike slag. Ved å gjera barnet hjelpelaust, tvingar han det på eit vis til sjølv å velja å bli misbrukt. Eit misbruk som godt kan halda på i fleire år – for min del gjennom heile tenåra. Når framgangsmåten er såpass lumsk, kan det også gjera sitt til at ein ikkje fortel om overgrepa. Latenstida er gjerne lang, for min del 15 år frå overgrepa starta. Det er då heller ikkje uvanleg at ein blir både 30, 40 og 50 år før ein bryt tystnaden.
Prisen er høg
For å halda overgrepa på avstand, både medan dei skjer og i åra fram til ein forstår kva som verkeleg skjedde, nyttar eit barn i grove trekk fortrenging, fornekting og bagatellisering. Dette gjer det mogleg å overleva, men prisen er høg: For mange vil dette vera som å leva bak ein glasvegg som går parallelt med livet. Det inneber sjølvsagt ei isolering frå omverda; reelt samvær blir mest umogleg. Faktisk vil både sjeleleg og kroppsleg nærleik kunna opplevast som truande, då intime situasjonar vil kunne trigga frykt knytt til overgrepa.
Ved å gjera barnet hjelpelaust, tvingar han det på eit vis til sjølv å velja å bli misbrukt. Eit misbruk som godt kan halda på i fleire år – for min del gjennom heile tenåra.
Dette går godt i lag med at utsette menn ofte nemner mellom anna sosial isolasjon, låg sjølvkjensle, angst og depresjon som seinskader. For eigen del har eg kjensla av å ha mista 15 år av livet mitt. I høve til yrkeskarriere, familieliv og sosial funksjon kan konsekvensane bli store – for somme aldeles utålelege. Kan det vera riktig at på toppen av det heile, skal guten nå kjenna seg tvungen til å gå ut bakdøra i livet?
Lagt bort av politiet
Av dei få sakene som i det heile blir melde til politiet, blir størsteparten lagt bort av ymse grunnar: Overgripar vil ofte nekta skuld i større eller mindre grad dersom han blir konfrontert, og dermed aukar trongen for meir bevis. Dette krev ressursar som ikkje alltid er til stades. Også foreldingsfristane i straffelova gjer det vanskeleg: Om ein ser bort frå dei grovaste overgrepa mot dei minste barna, vil foreldingsfristane typisk kunna dreia seg om to til ti år, medan ein som utsett gjerne treng både 20 og 30 år før ein har reell sjanse til å fortelja. Slik kan fort ei utsikt til å vinna sterk legitimitet enda i papirbunka i rettsvesenet. Det er berre å sala opp og lessa på igjen.
Redsla for ikkje å bli trudd
No er det eingong slik at dei fleste overgrep aldri blir melde til politiet. Redsla for ikkje å bli trudd tek ofte overhand, og paradoksalt nok har mange utsette ei kjensle av å ha fortent overgrepa. Kanskje ikkje så rart dersom ingen andre har vilja ta ansvaret for dei? I tillegg vegrar ein seg gjerne for å melda ein nær person, laga uro i familie og lokalsamfunn og så bortetter. Grunnane er mange for å la vera.
Problemet er berre at den skulda og skamma ein ikkje får levert der ho høyrer heime – hjå overgripar – er ein plent nøydd til å bera sjølv, same korleis ein vrir og vender på det. Så kjem det an på kor mange av desse skamplettane ein kan få gjort reine gjennom omverda sitt fokus på seksuelle overgrep og legitimering av dei seinskadane det kan føra med seg. Førebels kjennes det som å silkevaska ein kjeledress full av kuskit.
Usynlege skadar
Seksuelle overgrep mot gutar er neppe eit nymotens fenomen. Ein kan rekna med at det har segla under forskjellige flagg til alle tider, også her til lands. Om det har eksistert i folk sitt medvit i like høg grad, er ei anna sak. For skadane av overgrep er ikkje synlege utan vidare, dei kan like godt vera gøymde i ein rusmisbrukar på gata, ein einsam og stusseleg professor eller i ein arbeidsnarkoman forretningsmann. Til felles har dei at dei ikkje har noko fane å gå bak og at dei ikkje ser syn på å ta til orde. Det er på høg tid at det for alvor blir laga rom for og vist legitimitet overfor overgrepsutsette menn. Ei lita setning her og der monar ikkje, tvert om vil det krevja at tematikken stadig kjem på dagsorden i anslagsgjevande kanalar. For svarteper blir ein som kjent ikkje kvitt før nokon trekkjer han or handa di...
Siste fra seksjon
-
Londons siste vals
Imperium i forfall. Mens Europa er på randen, står Storbritannia overfor sin egen krise
25 mai 2012 21:50
Mest lest meninger
En skitten folkeaksjon
Bør fremlegge skikkelig dokumentasjon for påstandene



Mest kommentert siste døgn