Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Slik jobbar Norsk kulturråd

NORSK LITTERATUR. I einerom har Syphilia Morgenstierne lese 40 av dei romanane som Norsk

kulturråd kjøpte inn til alle biblioteka i fjor. Ho meiner berre 11 av dei burde ha passert.

At Norsk kulturråd og ho har ulik vurdering av kvalitet, visste vi frå før.

EI AV DEI DÅRLEGASTE. Som forleggjar har Morgenstierne omtalt si eiga utgiving "En av de beste" som ein politisk roman "av internasjonalt format". Åtte medlemmer i to ulike utval har lese boka på oppdrag frå Norsk kulturråd. Sju av dei åtte har kome til at dette er ei av dei dårlegaste norske bøkene i år, så dårleg at den ikkje bør kjøpast inn.

Herjing med fakta.

Med ei såra stoltheit som til forveksling minner om ein refusert forfattars, har ho herja med fakta i saka, namngitte forfattarars dikteevne og Kulturrådets omgang med norsk bokbransje. Det er sanneleg på tide å rydde opp.Morgenstierne feilinformerer, og ho veit ho gjer det.På nettstaden sin har ho i heile sommar forkynt at vurderingsutvala "leser stort sett ikkje medlemsforlagenes bøker", men at "bøkene frå uavhengige forlag blir derimot lest. Av ett menneske". Desse grove skuldingane avviste eg blankt i NRK Ukeslutt 13. juli. Då vedgjekk ho at bøkene faktisk blir lesne.

Sjofel og gemen kritikk.

Ho har likevel ikkje retta nettstaden sin, og i Aftenposten 7. august 2006 skriv ho om ein prosess der "angivelig fleire mennesker leser bøkene" og at Kulturrådet "hevder" bøkene er lesne. Ein månad etter radiodebatten hevdar ho enno på nettstaden sin at det eine mennesket som les "sannsynligvis har hele sitt levebrød gjennom et av de store forlagene". Dette er ein sjofel og gemen kritikk mot utvalsmedlemmer som her møter det omvende av rettsstatsprinsippet og sjølve må prove at dei ikkje er skuldige.

Automatisk og selektivt.

Norsk kulturråd forvaltar to automatiske innkjøpsordningar - skjønnlitteratur for vaksne og for barn, og tre selektive støtteordningar - sakprosa, omsett skjønnlitteratur og faglitteratur for barn. Norsk kulturråd oppnemner ei rekkje utval til å vurdere dei bøkene som blir påmelde innanfor ulike sjangrar. 27 personar og like mange varamedlemmer blir oppnemnde for to år om gongen, og ingen kan vere med i eit utval i meir enn seks år. Kvart vurderingsutval har tre medlemmer, og kvar bok blir lesen av minst to av desse. Er dei to usikre eller usamde, les også den tredje. Tre av utvala - lyrikk, dramatikk, barne- og ungdomsbøker - har jamvel bestemt at alle tre skal lese alle bøkene. Blir ei bok ikkje kjøpt inn og dermed populært sagt nulla, kan forlaget anke avgjerda. Då vurderer eit ankeutval med fem medlemmer saka på ny. Alle dei fem les alle bøker som blir anka, og utvalet innstiller direkte til rådet som har siste ordet. Det er og skal vere ein reell sjanse for at ankeutvalet gir klagaren rett.

Uakseptabelt dårleg.

Det er ein grunnleggjande skilnad på dei to automatiske og dei tre selektive innkjøpsordningane. For dei automatiske ordningane er prinsippet at ei bok skal vere god nok. Berre dei bøkene utvala meiner er uakseptabelt dårlege, blir nulla. For dei selektive ordningane er prinsippet motsett: Her blir berre det utvala vurderer som dei bestebøkene kjøpte inn.Her er det ikkje nok pengar til å kjøpe inn alle bøkene som held mål. Difor må utvala prioritere i nummerert rekkjefølgje, vurdere kva bøker som ikkje forsvarer innkjøp sjølv om der var pengar nok, og kva bøker som fell utanfor kriteria for innkjøp.

Kvalifisert arbeid.

Både som leiar for fagutvalet for litteratur i Norsk kulturråd og som tidlegare medlem av eit slikt utval har eg sett det alvoret utvalsmedlemmene legg i arbeidet sitt, kor nøye dei er med at vennskap og kjennskap ikkje skal utnyttast, kor grundig dei samanliknar og jamfører bøker med kvarandre for at utfallet skal vere fagleg forsvarleg. Her tek ei grunngitt vurdering form gjennom diskusjon og prøving av argument.Er det ein stad det blir ført kvalifiserte samtalar om litteratur i Noreg, så er det i desse utvala til Norsk kulturråd.

Nedlatande framferd.

Å hevde som Morgenstierne at ein like gjerne kunne trekkje lodd, er nedlatande framferd overfor heiderlege fagfolk som stiller tid og kompetanse til rådvelde for offentlege oppdrag i norsk kulturliv. Arbeidet i utvala inneber heilt andre vurderingsprosessar enn den ein kritikar eller tilfeldig forbipasserande driv med i sine einerom. Her, ikkje i samansetjinga av utvala, meiner eg vi finn den viktigaste grunnen til at slike grupper - ein jury eller eit utval - ofte vurderer annleis enn det enkeltpersonar gjer kvar for seg. Morgenstierne feilinformerer fordi ho ikkje bryr seg med å sjekke fakta.Ho meiner at forlaga melder på nær sagt kva det skal vere og får det innkjøpt som skjønnlitteratur, og ho hevdar at her står ein "farlig nær terskelen for svindel". Som døme på dette sjangerproblemet påstår ho at "Bokhandleren i Kabul" er innkjøpt av Norsk kulturråd som roman. Den boka har aldri vore påmeld innkjøpsordninga for skjønnlitteratur og er difor heller ikkje blitt kjøpt inn.

Diverre ikkje støtteordningar.

I vinter hevda Niels Chr. Geelmuyden at han var blitt nulla på usakleg grunnlag. Morgenstierne kolporterer kritikken. Knapt nokon av bøkene hans har falle innanfor dei automatiske innkjøpsordningane. Nesten alle har også vore i grenselandet for den selektive ordninga for essayistisk litteratur som fanst før den nye sakprosaordninga kom i 2005. Det finst mange "skrivende begavelser" i dette landet som har laga gode bøker som det diverre ikkje har funnest støtteordningar for.Morgenstierne feilinformerer fordi ho forvekslar prosentrekning og kompetanse.Ho har funne ut at ni av ti romanar frå dei organiserte forlaga blir kjøpte inn, mot berre fem av ti frå dei uorganiserte. Før ho begynte å lese bøker, forklarte ho elendet med at Norsk kulturråd driv med "utestengning, kameraderi og grådighet". Etter at ho har lese frå seg, går tankane hennar til Sicilia. Det må vere stas å finne Forklaringa i påståtte mafiastrukturar. Også anarkismen lever vel best som ein påstand.

Fagleg forsvarlig.

Innkjøpsordningane er blitt utvikla sidan 1965. Norsk kulturråd ser jamleg etter løysingar som kan bli billegare og ordningar som kan bli betre. Vi skal bruke store offentlege midlar forvaltningsmessig korrekt, fagleg forsvarleg og konsekvent, og så billeg som råd er. Eg har til gode å sjå totalløysingar som oppfyller desse krava betre enn dagens system. Kravet om forvaltningsmessig lik handsaming gjer likevel at detaljar i ordninga bør vurderast på ny. Når utvala les og vurderer bøker frå alle forlag på like vilkår, kan ikkje forlagsnamnet avgjere. Den skeive fordelinga kjem heller av at eit lite eller nytt forlag gjerne lykkast raskare med å utvikle gode sakprosabøker enn å lage skjønnlitterære bøker som er gode nok. Desse forlaga er ikkje mindre "seriøse" enn andre, men det tek lang tid å byggje opp den kompetansen som trengst for å arbeide med litteratur som kunst, og å utvikle eit litterært miljø som både er breitt og robust.

Kvalitet tek tid.

Den typiske kulturpolitiske støtteordninga er ei ordning som siktar seg inn mot dei beste prosjekta, verka, tiltaka. På romsleg vis tek Stortinget og Norsk kulturråd høgd for at litteraturfeltet bør handterast annleis og at det tek tid å utvikle litterær kvalitet.Dei automatiske innkjøpsordningane skal nettopp danne grunnlaget for at den som i dag skriv godt nok, i morgon kan skrive ei endå betre bok - kanskje ei av dei beste.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

Mest lest meninger

En skitten folkeaksjon

Bør fremlegge skikkelig dokumentasjon for påstandene

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer