Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • Den mest omtalte endringa i lokalt kulturliv er festivalkulturen med om lag 650 kulturfestivalar årleg, skriv Olaf Aagedal. Her frå Vinterfestuka i Narvik.

    FOTO: VINTERFESTUKA

Ti teser om lokalkultur

Ei forskargruppe har kartlagt nye trekk i kulturlivet. Basert på inntrykka legg dei her fram ti teser om endringar i lokalt kulturliv.

Diskuter denne kronikken på Twitter: #APkronikk eller si din mening i kommentarfeltet nederst i saken.

FOTO: Privat

Lokalt kulturliv

Ei forskargruppe har vitja tre norske stader (Drammen, Kirkenes og Storås i Meldal) for å kartlegge nye trekk i kulturlivet. Basert på inntrykk frå desse stadane og frå anna relevant forsking, legg dei her fram ti teser om endringar i lokalt kulturliv:

1. Lokalt kulturliv blir brukt til å sette staden på kartet.

«Å sette staden på kartet» er blitt eit mantra som breier seg som ei farsott til norske byer og bygder. Ser ein på kva som blir brukt for å setje stader på kartet, er det to verkemiddel som går att: Idrett og kultur, eller sagt på ein annan måte: «Fotball og festival». Å bli kulturkommune har dermed fått ei ny tyding og ein ny marknadsverdi. Kulturkommune forbind vi tradisjonelt med ein stad der det har skjedd historiske hendingar eller er blitt fødd store kunstnarar. Dermed er kulturkommune noko som er historisk betinga og som dei som manglar slik historie kan gjere lite med. Men i dag er det blitt andre måtar å bruke kulturen på for å setje staden på kartet.

2. Lokalt kulturliv blir brukt til å omskape staden fysisk.

I dag kan ein kulturkommune skapast gjennom bygging og fysisk planlegging. Bygningar og bymiljø bygd opp rundt kulturliv skaper byar som kjem på kartet ved hjelp av kultur. I dei siste tiåra har dette særleg skjedd i kjølvatnet av ei avindustrialisering der område med nedlagt industri har fått nytt liv og nye funksjonar. Dette er ein del av ein internasjonal trend der hamne- og industriområde blir «kulturaliserte». Den mest synlege delen av denne kulturaliseringa er dei mange store kulturhusa som blir reist. Dette er ofte kombinerte kultur- og næringsbygg som skal gje betre fasilitetar for profesjonelt kulturliv samstundes som dei skal vere «signalbygg» som set staden på kartet.

3. Lokalt kulturliv kan skape nye førestellingar om staden.

Ikkje alle stader har råd til å omskape staden gjennom signalbygg. Det er heller ikkje nødvendig. I kulturell samanheng er eigentleg ikkje hovudpoenget dei nye bygningane, men dei nye opplevingane av staden som desse kan skape. Ein festival kan omskape ei bygd nokre få hektiske sommardagar og sommarnetter. Når festivalen er over, ser bygda stort sett ut som før, men hendinga kan, om festivalen er vellukka, setje staden på kartet og omskape eit vegkryss til ei kulturell merkevare.

4. Det nye kulturlivet har forandra «kulturkalenderen» og er også med og forandrar vår oppfatning av staden sin historie.

Det nye kulturlivet kan også forandra vårt forhold til kalenderen og historien. Sommarferien var tidlegare lågsesong i kulturlivet. Festivalar og historiespel har gjort den til høgsesong. Og gjennom historiespel og lokale jubileer finn vi nye sider ved den lokale historien som kan påverke lokal identitet og omdømme.

5. Synet på «det lokale» sin plass i kulturlivet er under endring.

Tidlegare har «lokalt» i kulturlivet ofte blitt forbunde med amatørskap og mottaksstasjon for nasjonal rikskultur på turné. I dag blir det lokale vektlagt som ein viktig kreativ og meiningsskapande kontekst for eit kunst- og kulturuttrykk. Den lokale konteksten kan skape kunstverk og kulturopplevingar som du berre kan få på denne staden. Skapande kunstnarar og kulturinteressert publikum må dermed oppsøke staden for å få del i staden sitt kreative potensiale.

6. Lokalt kulturliv skaper nye arenaer og brukar gamle arenaer på nye måtar.

Det foregår i dag ei hektisk utvikling av nye lokale kulturarenaer også utanom dei store signalbygga. Byromet, gamle næringsbygg og spektakulære stader i naturen blir scener for kulturarrangement. Føresetnader for dette er både nye oppfatningar av den lokale konteksten sin betydning; og ny teknologi for scene, lyd og lys som gjer det mogeleg å iscenesetje kulturarrangement nesten over alt. Dette skaper også nye møtepunkt mellom samtidskunst og publikum, der samtidskunsten ikkje lenger er lokalisert til eksklusive gallerilokaler eller eksperimentelle prøvescener, men kan iscenesetjast også på det norske friluftslivet sine arenaer. Arenautviklinga handlar ikkje berre om nyskaping og nybyggging, men også mot nybruk av gamle kulturarenaer der særleg kyrkjeromet har fått ny attraktivitet.

7. Endringar i lokalt kulturliv har revitalisert og reformert den norske dugnadskulturen.

Den mest omtalte endringa i lokalt kulturliv er festivalkulturen med om lag 650 kulturfestivalar årleg. Festivalane er basert på ein blandingsøkonomi som kan kallast offentleg støtta dugnadskapitalisme. Festivalane bygger på, men er også med og endrar, den norske dugnadstradisjonen som ofte står sterkast på små stader. Dugnadsressursen gjer det mogeleg for slike stader å skape «kultur-der-ingen-skulle-tru». Det er eit konsept som i seg sjølv gjev ekstra kredit og grunnlag for offentleg støtte. Festivalfrivilligheten er, til skilnad frå den tradisjonelle frivilligheten i dei store folkerørslene, ein korttidsfrivillighet som ein lettare kan gå inn i og ut av.

8. Kommunal kulturpolitikk har blitt mindre kulturproduksjon og meir planlegging og «support».

Dersom det er rett at den kommunale trua og satsinga på kultur har auka, er det eit paradoks at den kommunale kulturforvaltninga mange stader har minka. Forklaringa på dette paradokset ligg truleg i at kommunane i dag satsar på kultur på andre måtar enn tidlegare, til dømes ved å samarbeide med og tilrettelegge for profesjonelle kulturaktørar i staden for å bygge opp ein eigen kommunal kulturproduksjon.

9. I det nye kulturlivet er det ein vanskeleg kunst å kombinere «sminke», «lim» og «lupe».

Det nye kulturlivet møter mange ønskje og forventningar. Kulturlivet som «sminke» er ønskje om at kulturen skal gjere staden vakrare og meir tiltrekkande. Kulturlivet som «lim» er ønskje om å bruke kulturen til å skape samhald mellom dei som bur på staden og knyte dei nærare til staden. Kultur som «lupe» dreier seg om at kulturlivet skal fokusere på og gjere synleg det vi ikkje ser til dagleg; også det som kan vere ubehagleg og konfliktskapande. I eit klima der kulturlivet skal sette staden på kartet, vil bruken av kultur til sminke og lim ofte gå på bekostning av kulturen som lupe. Det lokale kulturlivet kan hamne i «kulturpatriotismefella» der det blir viktigare å setje staden på kartet enn å setje meininga med livet på kartet.

10. Trua på kulturen kan også vere overtru, men det ein trur på som reelt, får reelle konsekvensar.

I det nye kulturlivet er tru og overtru på kulturen blanda saman, men også overtrua får reelle konsekvensar. Mykje forsking tyder til dømes på at trua på kulturlivet si betydning for arbeidsplassar og økonomisk utvikling kan vere overdreven, men denne trua kan likevel skape eit løft som bidrar til auka lokal satsing og sjølvtillit.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

Mest lest meninger

En skitten folkeaksjon

Bør fremlegge skikkelig dokumentasjon for påstandene

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer