Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Din er dagen - jeg er dagens

I dag er det 100 år sidan FNs andre generalsekretær, Dag Hammarskjöld, vart fødd. Det er ikkje stormaktene som treng FN til vern; det er dei andre, meinte han. Heile hans grunnidé var å vera ein internasjonal embetsmann som lojal mot det internasjonale samfunn skulle handle nøytralt i høve til konfliktar.

100-ÅRSDAGEN blir feira gjennom eit stort friluftsmøte ved Hammarskjölds sommarhus Backåkra i Skåne, der m.a. Kofi Annan skal tale. (Han har uttalt at han ofte tenker "Kva ville Hammarskjöld gjort nå?") Det var også der Hammarskjöld på 50-årsdagen fekk sitt store internasjonale gjennombrot som diplomat. Då han hadde søkt ly i Østersjøen for å pilke torsk, kom telegrammet frå Kinas statsminister Chou En Lai om frigjevinga av 15 amerikanske flymannskap frå kinesisk fangenskap.Dag Hammarskjöld vart involvert i internasjonal politikk frå fødselen, ettersom faren Hjalmar Hammarskjöld da var med på Karlstad-forhandlingane. Han var delegat til domstolen i Haag, der den eldste sonen Åke vart generalsekretær i 1922. Begge hadde ein visjon om å utvikle folkeretten og om nøytrale "internasjonale embetsmenn". Faren - som var statsminister 1914-17 - var også litterært oppdatert og medlem av Svenska Akademien - ein plass Hammarskjöld tok over i 1954. Oppveksten som son av landshøvdingen på Uppsala Slott gav Dag rutine i omgang med rangspersonar. Det var eit oppsiktsvekkande avvik då den adelege DH i 1933 vart sekretær for finansministeren, den sosialdemokratiske ideologen Ernst Wigforss, som sidan sa at finanspolitikken "var like mycket hans som min" og at for Hammarskjöld var sosial utjamning "någonting självklart". Han var likevel formelt "embetsmann", til og med som "konsultativ statsråd" frå 1951.

Middelaldermystikk.

Under krigen ordna han - som styreformann i Riksbanken - livsviktige kredittar til den norske regjeringa i London - ja, frakta dei personleg med fly. På eitt av tokta kom dei under tysk eld, men Hammarskjöld sat uaffisert fordjupa i fransk middelaldermystikk. I 1946 vart han for dette Kommandør med stjerne av St. Olavs Orden, og i 1953 fekk han Storkrossen. Han må vere ein av dei høgast dekorerte utlendingar etter krigen. Dette må ligge bak den sterke norske støtta til Hammarskjöld som generalsekretær, med ambassadør Hans Engen som fortruleg medspelar.Den 9. april 1953 vart han ynskt velkomen til New York av Trygve Lie og gratulert med "verdas vanskelegaste jobb". Det første året gjekk med til å utvise alle McCarthy-tidas FBI-agentar frå FN-bygningen - ein ikkje liten provokasjon mot USA. Han overraska også med å gå rundt og helse personleg på kvar einaste tilsett. Så, sist i 1954, fekk Hammarskjöld mandat til å få frisett dei nemnde amerikanske fangane i Folkerepublikken Kina. Han tok direkte kontakt med statsminister Chou En Lai og bad om å få kome til Peking - eit uhyre dristig diplomatisk initiativ andsynes eit land i det ytste mørkret av verdspolitikken. Chou og Hammarskjöld fann fort tonen som veksla mellom politikk, kinesisk filosofi m.m. Frisettinga av fangane var ein formidabel diplomatisk og personleg siger. Den ekstraordinære evna til kontakt og å finne "felles formlar" fekk han og synt under Suez-krisa.

Små mot store.

For Hammarsköld var FN først og framst eit forum for dei små og nye statane, mot stormaktene, med FN-pakta som grunnlag. Han utfordra stormaktene etter tur, om det trongst. Det seier mykje om hans posisjon at det var FN Kongo bad om å intervenere då Katangaprovinsen erklærte seg sjølvstendig, berre 11 dagar etter frigjeringa frå Belgia den 1. juli 1960. Han forstod straks konsekvensane av ein borgarkrig i det ressursrike Kongo. Nye og ustøe statar og stormaktsinteresser kunne flytte den kalde krigen til Afrika - Katanga var då eineleverandør av uran til dei franske og britiske atomprogramma. Hammarskjöld kalla saman Sikkerhetsrådet på eit før uprøvd grunnlag, §99, som gjev generalsekretæren rett til dette om freden er i fare. Etter vedtaket om fredsbevarande styrkar (ONUC) den 14. juli, handla FN lynraskt - alt neste dag kom dei første, og etter kort tid 20 000 mann - flest afrikanske, men og norske - dåverande oberstløytnant Bjørn Egge var sambandsoffiser i ONUC.For å få utvist dei belgiske troppane frå Katanga tok Hammarskjöld ein enorm risiko. Han drog sjølv med svenske troppar og forlanga å få lande. FN tok over flyplassen, og belgiarane var ute av landet i løpet av 3 vekers tid.

Provokasjon.

Hans fokus var for verdsfreden si skuld å halde landet samla, men kompleksiteten i Kongo-krisa førte han i konflikt med stormaktene, særleg Sovjet og Frankrike. Dei sa som Albright om Boutros-Ghali: Meir sekretær og mindre general. At Hammarskjöld sette FN-soldatar som vakt kring residensen til den styrta Lumumba - som Kongos lovleg valde statsminster - må ha vore ein provokasjon mot vestmaktene. Då Khrusjtsjov hausten 1960 lanserte ideen om å erstatte han med ein "troika", reagerte han skarpt. Heile hans grunnidé - å vera ein internasjonal embetsmann som lojal mot det internasjonale samfunnet handlar nøytralt i høve til dagens konfliktar - var i fare. Den 3. oktober svarte han slik: "Det er ikkje stormaktene som treng FN til vern; det er dei andre. Eg kjem til å bli på min post mi embetstid ut som organisasjonens tenar i alle desse andre nasjonane si interesse." Ved orda "I shall remain on my post" vart han avbroten av fleire minutts applaus.

Østers.

Den nære omverda merka nok utover 1961 at Hammarskjöld sjølv var merka av presset. I 1963 fekk verda gjennom dagboka "Vägmärken" glimt av innsida til "verdas mest sjarmerande østers". Boka viser oss eit innåtvend handlingsmenneske - fram til 1953 i stigande grad plaga av sin ytre suksess, men som gjennom generalsekretærvervet fekk eit overveldande klart og krevjande kall. På pinsedagen 1961 skriv han: "Jag vet ej vem - eller vad - som ställde frågan, men en gång svarade jag ja til någon eller något. Från den stunden härrör vissheten om att tillvaron är meningsfylld och att mitt liv därför - i underkastelse - har ett mål. Ledd genom livslabyrinten vid svarets Ariadnetråd visste jag att vägen för till en triumf som är undergång och till en undergång som är triumf, att priset för livsinsatsen är försmädelse och förnedringens djup den upphöjelse som är människan möjlig. På vägen lärde jag, steg för steg, att bakom evangeliernas hjälte står en människa och en mans erfarenhet. Också bakom bönen att kalken måste gå från honom och löftet att tömma den. Också bakom vart ord på korset."Er det ein sjølvhøgtideleg masochist som skriv dette? Ingenting kunne vera fjernare frå omverdas inntrykk av ein gladlynt mann med stor omtanke for andre. I New York var han på utstilling, teater eller restaurant eit par gonger i veka, hadde ei fast hand med utsmykking av FN og gjendikta poesi og teater til svensk. Likevel les vi desse orda i lys av den tragiske flyulykka den 18. september 1961, like før landing på veg til eit møte i Ndola i det nåverande Zambia for å drøfte Katanga-spørsmålet. Til like før flyet styrta, arbeidde han med omsetjinga av Martin Bubers "Ich und Du" . - Hammarskjöld vart forøvrig offisielt identifisert av general Egge.

Ei gåte.

Ulykka har forblitt ei gåte til denne dag, og teoriane har florert. Kvifor tok det 15 timar å lokalisere eit fly berre 12 km frå flyplassen? Fordi den britiske kolonimakta var livredd for uro, eller var det ein dekkoperasjon? Ulike kommisjonar konkluderte med "sannsynlegvis ulykke". Papira som Sanningskommisjonen i Sør-Afrika fann i 1998 blei ikkje fullt ut undersøkte, endå det (for ein lekmann) verkar lite truverdig å omtale "Hammarskjöld" i så (eventuelt) hemmelege papir.Korleis ville Hammarskjöld sett på FN sin posisjon i dag? Han var svært klar over FN si avmakt i høve til stormaktene - som i Ungarn i 1956. Hans einaste maktmiddel var FNs charter og støtta ideane kunne få. - Kva med den undermineringa av FN-ideane som WTO m.fl. representerer? Kva med gråsonene mellom FN- og NATO-styrkar? Ville han fått særleg norske soldatar i dag? Kva med etniske konfliktar? Kongokrisa hadde fleire likskapar med eks-Jugoslavia, og ONUC - som aktivt kjempa mot etnisk reinsing - er sett på som ein av FNs mest vellykka operasjonar. Var hans person så sentral at han var ein "umogleg einar" à la Gandhi? Sjølv ville han truleg brukt minnedagen til å pilke torsk og la oss ha fokus på dei ideane han tente.

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Den norske døren til Darwin

    Eventyr og vitenskap. Peter Christen Asbjørnsen, kjent for sin innsamling av norske eventyr sammen med Jørgen Moe, introduserte også Darwins evolusjonsteori i Norge.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer