Mest delt
Døde menns teorier
Kjørte bil flere kilometer i skiløypen - satte seg fast
Eliteskole ønsker flere norske søkere
Ny norsk rekord i Wordfeud
Typisk norsk plagiat
VEDGÅR TJUVERI. I forordet til boka "Typisk norsk" skriv forfattarane til lesarane sine at det er viktig "dere leser nøye igjennom alle lister over folk som har hjulpet oss, og alle bøkene vi har lest i og stjålet fra - det er nemlig en del (både bøker og folk)".
Kronikk
AV:
Publisert:
Oppdatert:
INGENTING LÆRT AV ALNÆS-SAKA? Eitt år etter Alnæs-saka koketterer altså ei profilert forfattargruppe med at dei har stole stoff. Heile forlagsbransjen var på alerten etter Alnæs-saka. Ingen som skreiv eller gav ut bøker i 2005, var uvitande om at no gjaldt det å trø varsamt. Likevel lét forlagsredaksjonen i Dinamo alarmlampa stå og lyse. Heller ingen bokmeldar har visst reagert på dette. Ikkje ein gong i Prosa 1/2006 kommenterer bokmeldaren denne pinlege setninga. Den som legg fram stoff for allmenta, anten det er i trykt eller digital form, stiller kunnskap til rådvelde for andre. Særleg den som publiserer stoff på Internett, kan nå ut til svært mange. Dei same fagetiske og opphavsrettslege reglane gjeld for bruk av nettkjelder som av andre kjelder. Boka "Typisk norsk" viser kor nødvendig det er å insistere på dette. Petter Schjerven og medforfattarane hans har nemleg solid dekning for ordbruken "stjålet fra". Til basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet skreiv eg våren 2000 "Nynorsken i årstal". Dette er ein årstalsredigert krønike om bruken av nynorsk, med særleg vekt på første gong noko hende, og viktige endringar elles, frå 1646 til 2000. Iallfall sidan sommaren 2002 har skriftet også vore tilgjengeleg på www.aasentunet.no.
Henta frå andre.
Boka "Typisk norsk" handlar mest om rettskrivingshistorie og språkutvikling etter 1905. Bruksutviklinga for bokmål er knapt omtalt. Det er derimot bruksutviklinga for nynorsk, i form av frittståande tekstruter. På 18 ulike sider har forfattarane lagt inn 50 slike tekstruter. Fire av desse er henta frå ulike kjelder og kanskje skrivne av forfattarane sjølve. Dei andre 46 tekstrutene er heilt eller delvis henta frå "Nynorsken i årstal", men det teier boka om. Under sterk tvil kan det seiast at 11 av desse tekstrutene har fått ei nokolunde sjølvstendig form, sjølv om det er openlyst kva førelegg forfattarane har brukt. Resten er reine skjulte sitat, omskrivingar og tillegg som fører til feilinformasjon, og bruk av opplysningar som knapt kan ha vore henta frå andre kjelder.Boka inneheld fire reine, men skjulte sitat. Med dette meiner eg at heile tekstruta er identisk med førelegget. Sjølv ein skrivefeil i den digitale kjelda er kopiert over i det digitale manuskriptet til boka, og blir dermed eit fingeravtrykk. I kjelda står det: "1972 - Nynorsk i Sportsrevyen. Sunnfjordingen Henning Rivedal er den som første som leier Sportsrevyen i NRK på nynorsk". Det framheva ordet er skrive ein gong for mykje. Det er det også i boka: "1972. Nynorsk i Sportsrevyen. Sunnfjordingen Henning Rivedal er den som første som leder Sportsrevyen i NRK på nynorsk".Mindre presis.
Det vanlege er at stoffet er lett redigert i høve til førelegget. I den grad meiningsberande ord er skifta ut, er framstillinga gjerne også blitt mindre presis. I 35 tekstruter er det anten identiske periodar eller identiske setningsdelar med eit kvalifiserande meiningsinnhald.I førelegget heiter det til dømes om 1968: "På Det Norske Teatret i Oslo har "Spelemann på taket" premiere med Lasse Kolstad og Sølvi Wang i hovudrollene". I boka heiter det: "På Det Norske Teatret i Oslo har "Spelemann på taket" premiere med Lasse Kolstad og Sølvi Wang i hovedrollene".Nesten alltid gale.
I førelegget stoppar framstillinga i 2000. Boka "Typisk norsk" kom ut fem år seinare. Likevel stoppar framstillinga også her i 2000. Så usjølvstendig er dette arbeidet. Når forfattarane legg til eige stoff, går det nesten alltid gale. Schjerven & Co veit rett og slett altfor lite om det dei skriv om. Til dømes skriv dei at "den første nynorske teaterskolen" blei opna i 1947, som om det nokon gong har funnest nokon annan. I ti tekstruter blir faktainformasjon frå forfattarane til feilinformasjon for lesarane. Berre to gonger går det bra. Schjerven & Co har funne ut kor gammal Alf Prøysen var i 1938, og kor mange nynorske Donald Duck-hefte som kom ut i 1980-åra. Mange stader er samanstilling og jamføring av opplysningar frå førelegget tekne med over i bokversjonen. Minst seks tekstruter inneheld faktainformasjon som forfattarane knapt kunne finne andre stader, som når dei skriv at "over 150 000 mennesker ser de 335 forestillingene" av "Spelemann på taket". Eit utval under leiing av Ole-Andreas Rognstad la 3. mars i år fram rapporten "God skikk om bruk av litteratur og kjelder i allmenne, historiske framstillingar". Der gjer utvalet grundig greie for gjeldande fagetiske og rettslege normer.Mange plagiat.
Fagetisk presiserer utvalet at plagiat er å ta stoff frå andre forfattarar og gi det ut for å vere eins eige: "Den groveste formen for plagiat er den rene avskrift, men plagiatbegrepet omfatter også tilnærmet avskrift av andres tekst, og mer avgrensede typer av stoff" (s. 43). Utan kjeldetilvising må også lettare omskrivingar reknast som plagiat, skriv utvalet. Boka "Typisk norsk" inneheld svært mange slike plagiat. Sitat skal som kjent vere skrivne nøyaktig slik skrive står i førelegget. Her er grunnregelen velkjend. For sitat skal det alltid visast til kjelde. "Lar man et sitat stå uten sitatmarkering og uten kildehenvisning, er avskriften plagiat og klart uredelig", skriv Rognstad-utvalet (s. 44). Boka "Typisk norsk" inneheld mange slike sitat.Stoffutval kan vere verna.
Forfattarane og utgivarane har også gått langt utanfor gjeldande lovverk. Ingen eig fakta. Opphavsretten vernar berre den bestemte forma eit tankeinnhald eller faktastoff har fått. Så lenge ein berre har brukt tankeinnhaldet, og ikkje den forma det har fått, har ein ikkje brukt åndsverket "i lovens forstand", skriv Rognstad-utvalet (s. 29). Men utvalet av stoff kan vere verna, og opphavsretten vernar dessutan om eit større, kreativt utval av døme: "Om enkelte setninger hver for seg kan framstå som lite originale og gi lite spillerom for alternative formuleringer, vil situasjonen kunne være annerledes for f.eks. 20 slike setninger sett i sammenheng (selv om setningene er hentet forskjellige steder fra i en framstilling)" (s. 70). Boka "Typisk norsk" inneheld 46 slike tilfelle.Dinamo Forlag fekk i går, 3. april, på bordet ein dokumentasjon som konkluderer med at forfattarar og forlag i dette tilfellet både har gjort seg skuldige i grove overtramp av desse etablerte fagetiske reglane for god skikk og bruk i omgang med kjelder, og at dei eklatant har brote åndsverkslova ved å plagiere ei anna framstilling.Kven er kjelde til kven.
No skal forlaget få leggje fram sitt syn på saka. Det tener til forlagets ære at dei alt har teke kontakt og at dei ser "ytterst alvorlig" på saka. Det er det også all grunn til å gjere, for i boka "Typisk norsk" har forfattarane brukt andre sitt stoff på ein slik måte at lesarane ikkje kan vite kven som faktisk har funne fram til og utforma dette stoffet.Boka "Typisk norsk" kom ut i oktober 2005. I februar 2006 gav eg ut "Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie". Nokre av dei same opplysningane vil finnast der, i mi form. Den som les begge bøkene grundig, må lure på kven som er kjelde til kven. På det punktet er dei som står bak boka "Typisk norsk", kategoriske og gjer krav på eit absolutt vern. På siste sida i boka står det at "det må ikke kopieres fra denne bok i strid med åndsverkloven" og at slik kopiering kan føre til krav om erstatning og inndraging, og kan bli straffa med bøter eller fengsel.Eg lyttar med andakt, for her er det fagfolk som snakkar.Siste fra seksjon
-
Døde menns teorier
Utdanning. Endelig har noen begynt å stille spørsmål ved Norges nye religion: høyere og høyere utdanning.
12 februar 2012 19:13

Kommentarer