Mest delt
Frp frir til innvandrere
Ærverdig hotell stengt på dagen
Mange førskolebarn har psykiske plager
Betalte 350 mill. i svart lønn
Ex.phil. aldri betre enn i dag
ARVEN ETTER NÆSS. Bernt Hagtvet kan ha rett i at det gamle ex.phil. er eit juletre i januar. Det noverande ex.phil. står utandørs, på rot, heile året, og pynta med større filosofar enn Arne Næss.
Kronikk
AV:
emnekoordinator
for
ex.phil.,
universietet
i
oslo
Publisert:
Oppdatert:
PÅSTANDAR. I ein kronikk laurdag 27. januar i Aftenposten, med tittelen "Arne Næss' livsverk i ruiner", kjem Bernt Hagtvet med i hovudsak to påstandar:For det første påstår han at Arne Næss' bok "En del elementære logiske emner" (ELE) er "den viktigste boken i Norge etter krigen". For det andre påstår han at "Dagens ex.phil.-undervisning er som et juletre i januar, ribbet for to av Arne Næss viktigste innsatser". Desse to innsatsane er, i følgje Hagtvet, Næss' "Filosofiens historie" og altså ELE.Ettersom eg sjølv for det første har undervist nokre tusen studentar i ELE, og for det andre har eit ansvar for dagens ex.phil.-ordning ved Universitetet i Oslo, må eg få kommentera dette.
Skulle ha presisert.
Når det gjeld ELE: Skulle det vera den viktigaste boka i Noreg etter krigen? Det spørs sjølvsagt kva Hagtvet meiner med formuleringa. Han skulle kan hende ha presisert den? Dessutan, dersom det skulle visa seg at det elles ikkje har kome så mange imponerande viktige bøker i Noreg sidan krigen, ville det vel heller ikkje vera mykje å skryta av at ELE er den viktigaste samanlikna med desse? Hagtvet gjev nokre grunnar for at han ser på ELE som ei slik viktig bok, særleg at ho skulle vera i stand til å verka som ein slags semantisk vaksine som ville gjera at akademikarar uttrykkjar seg presist og sakleg.Eintydig erfaring.
Sjølv har eg aldri medan eg har undervist i dette stoffet hatt nokre illusjonar i denne retninga. Erfaringa er òg temmeleg eintydig: Om ei medisinsk vaksine skulle ha hatt så lita verknad som ELE, ville ho for lengst har vorte kasta på skraphaugen. Hagtvet nemner sjølv særleg ei slik negativ erfaring: "Etter krigen skulle filosofien bidra til å gi vaksine mot fanatismen. Det hjalp lite mot ml-erne på 70-tallet. De forble, også språklig, brutaliserende berserker". Dette faktumet skulle vel meir enn nok falsifisera vaksinekrafta i ELE. Nokre av desse ml-arne var til og med sjølve lærarar i ELE.Naiv danningsteori.
Denne vaksineteorien byggjer på ein danningsteori som er naiv: At det å lesa og arbeida med ei bok, særleg så lenge boka ikkje tilhøyrer ein religion, aleine skulle kunne endra åtferda til folk? "Samtale i stedet for slag mot kroppens mer kjøttfulle deler" er vel noko ein heil sivilisasjon, og ikkje minst den allereie eksisterande vitskapen, oppdrar oss til.ELE kunne i høgda få oss til å få reflekterande auge på nokre av desse imponerande trekka ved vitskapen og sivilisasjonen. I tillegg kjem så at akademikarar like lite som andre menneske, er heilstøypte. At vi gjev danning til den akademiske sida vår, gjer ikkje at vi vert heilskapleg danna. Dyktige medisinarar som heilt sikkert passa på å presisera dei medisinske hypoteseformuleringane sine, deltok i nazistiske eksperiment med menneske.Ufriviljug latterlig.
Så ELE var altså ikkje ei slik mirakelbok som kunne fungera på det praktisk semantiske viset Næss tenkte seg. Dessutan inneheldt boka ikkje berre ein del logiske emne, men òg ein del ufriviljug latterlige emne. Boka skulle vera praktisk semantisk, men inneheldt òg formalistiske trekk som nett av di dei opptredde i ein praktisk samanheng blei kunstige:Dei samtalane som vart konstruerte for å illustrera såkalla skinn(u)semje høyer meir heime i skodespel av Ionesco. Og skiljet mellom presisering og spesifisering høyrer meir heime i middelalderskolastikk.Isolert frå retorikken.
Aller verst var det at ELE studerte kommunikasjon og argumentasjon heilt isolert frå retorikken, ikkje minst forstått som noko som formidlar av bodskapen, og ikkje berre som propaganda. Dette var typisk norsk puritansk: Best ville det vera å utsletta det retoriske glitteret. Ein følgje av dette var ein næssiansk og norsk dualisme: På professorkontoret skulle ein vera intellektuelt sakleg og følgja dei næssianske reglane. Men i kampsituasjonar i Mardøla og i Alta kunne ein vera så usakleg og retorisk kyniske som ein berre ville.Korkje fugl eller fisk.
Og når ein så gjekk over til å sjå på ELE ikkje som eit praktisk verk, men som eit teoretisk verk, kom det fram mange filosofisk teoretiske problem, særleg når det gjaldt argumentasjonslæra. Boka framstod som korkje fugl eller fisk. Ho datt ned i havet og drukna i si eiga intensjonsdjupne.Fragmentert analytisk kunnskap.
Når det gjeld Næss' filosofihistorie er det heilt rett at mange av oss tykte at ho var inspirerande. Hagtvet seier "I dag er filosofihistorien erstattet med originaltekster. For så vidt ikke noe galt i det, men de gir mest fragmentert kunnskap". Men det var jo nett slik fragmentert analytisk kunnskap Næss si filosofihistorie gav, og som skilde ho så forfriskande ut frå andre syntetiserande filosofihistorier, til dømes utgjeve av "Den Annen Front".Tvilsam tolkning.
Og det er heller ikkje sant at originaltekstane gjev "mest fragmentert kunnskap". I staden for at studentane måtte lesa Næss si tvilsame tolking av Platon si idélære (Næss var ingen forskar på gresk filosofi), les studentane i dag ei 20 siders innføring skrive av ein framragande spesialist på Platon, Panos Dimas, samt heile Menon-dialogen (30 sider) og 10 sider frå "Staten".Ikkje som i Hagtvets ungdom.
Snarare burde Hagtvet sjå at det å arbeide med dei originale kjeldene, framfor å få dei formidla av dei ideologiske forteljingane til lærebøker, gjev eit bidrag til å utvikla sjølvstende hos studentane, dersom ein no trur på slik danning. I tillegg til filosofi- og vitskapshistorie får studentane innføring i etikk, gjennom tekstar skrivene av nolevande filosofar, ikkje for at studentane skal omdannast til moralske menneske, men for at dei skal verta kjent med dei omgrepa som i dag blir brukte i etiske diskusjonar.Hagtvets ungdomstid.
Men kan hende aller viktigast som skilnad frå ungdomstida til Hagtvet: I staden for at studentane går opp til ein avsluttande eksamen, arbeider dei, saman med kvarandre og gjennom rettleiing hos lærarane, gjennom heile semesteret med å skriva eit ti siders essay. I dag får studentane, takk vera den utskjelte kvalitetsreforma, meir skrivetrening og rettleiing til exphil enn eg fekk gjennom fleire år i den universitetsgullalderen då Hagtvet og eg var studentar.Så Bernt Hagtvet kan ha rett i at det gamle ex.phil. er eit juletre i januar. Det noverande ex.phil. står utandørs, på rot, heile året, og pynta med større filosofar enn Arne Næss.Ingen tragisk skapnad.
Og når det gjeld at Næss sitt livsverk skulle liggja i ruinar: Næss er da ingen tragisk skapnad. Han har gjort så mangt anna enn ELE, som har betydd så mykje for så mange menneske, at han ikkje treng å vera redd.At ELE i dag ikkje vert sett på som om det skulle vere eit kanonisk skrift, slik Bibelen alltid er hovudboka på Teologisk fakultet, kan ikkje vera kriteriet på eit slikt nederlag for ein filosof.Siste fra seksjon
-
Døde menns teorier
Utdanning. Endelig har noen begynt å stille spørsmål ved Norges nye religion: høyere og høyere utdanning.
12 februar 2012 19:13

Kommentarer