TRUGSMÅLA MOT MEDIA. Kritiske og undersøkande journalistar skal vere vaktbikkjer i demokratiet. Men den fjerde statsmakt står no i fare for å bli lamma av avmakt.
SJU JUSTISMORD. Medan han kjempa mot tårene, løfta Tore Sandberg dei svære hendene sine i triumf. Mannen som har avslørt sju justismord i Norge, mellom dei Liland-saka og Fritz Moen-saka, fekk ståande applaus og eit eige gravestipend kalla opp etter seg på SKUP-konferansen i Tønsberg 18. mars.
Ikkje journalist?
- Eg har ikkje jobba som journalist på mange år. Å få eit stipend oppkalla etter seg, som privatetterforskar, er ganske overveldande, sa Tore Sandberg rørt.Kvifor blir då privatetterforskaren Sandberg æra med eit gravestipend av Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse (SKUP)? Fordi det er journalist Sandberg er, fordi det er journalistiske metodar han brukar i etterforskinga si, og fordi han har gjort den jobben dessverre ingen andre journalistar har gjort.
Einsam svale.
Den tidlegare Dagsrevy-reporteren Tore Sandberg er etterkvart ein einsam svale blant norske journalistar. Det er mildt sagt merkverdig at ein og same mann avdekker sanninga i fleire av dei mest omtalte og omdiskuterte sakene i norsk rettshistorie. Kvifor har ikkje ein av dei store redaksjonane gjort denne jobben? Kvifor i all verda overlet vi til pengesterke Se og Hør å kjøpe seg aktverde ved å støtte Sandberg sitt arbeid?Sandberg sjølv meiner norske medier er tafatte og ynkelege, og peikar på manglande engasjement i redaksjonane. Det har han nok mykje rett i, for gransking av potensielle justismord er dyrt og arbeidskrevjande, og har ikkje stått høgt i kurs blant norske journalistar og redaktørar.
Innsyn i dokumenta.
Den som skal prøve å gjere bragdene etter Tore Sandberg, vil møte problem. Eitt av dei er å få innsyn i saksdokumenta. Då Fritz Moen vart dømd brukte politiet noko dei kalla nulldokument. Dette var dokument som ikkje var registrerte nokon annan stad enn hos politiet, fordi nulldokument aldri var meint å skulle leggast fram for retten.Dei opplysningane som gav Sandberg ein nøkkel til å avsløre justismordet på Fritz Moen fann han nettopp i desse dokumenta. Ved å legge opplysningar i slike nulldokument kunne politiet styre informasjonen til dei ulike aktørane i ei straffesak. Ofte inneheldt dei viktige opplysningar og detaljar, som i enkelte høve kunne vere den vesle puslespelbiten som mangla for å avdekke den største uretten eit rettssamfunn kan gjere mot eit menneske.
Kven vernar politiet?
Slike nulldokument blir ikkje lenger brukte i straffesaker. Men enno gjer politi og påtalemakt det dei kan for å halde unna bakgrunnsinformasjonen i straffesaker. Dette kom tydeleg fram under Nokas-saka, der dei tiltalte sine forsvararar måtte slåss i tre rettsinstansar for å få innsyn i ei stor mengde dokument. I Munch-saka er det framleis ei gåte kven som hjelpte politiet med å skaffe maleria tilbake. Er det informantane sine politiet vil verne, eller er det seg sjølve? I 2005 avlytta norsk politi kring 1500 telefonar. I tillegg kjem avlyttingane som Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) har gjort, det talet er strengt hemmeleg. Kor mange av desse telefonane som tilhøyrde journalistar veit vi ikkje, og vi får aldri vite det. Men ifølgje PST-sjef Jørn Holme var det "svært få". Burde vi slå oss til ro med den forsikringa? På ingen måte.Kampen mot terror har ført til at politiet i svært mange land har fått utvida fullmakter til å overvake og avlytte mistenkelege personar. I Norge kan politiet no få trafikkdata frå telefonar og datamaskiner utan å gå via retten.
Rettslause tilstandar.
Det er heilt openbart at dette kan skape rettslause tilstandar for norske medier. - Eg er redd for at utvida fullmakter som vert innførte i særskilde høve er med på å flytte terskelen for kva som blir vurdert å truge rikets tryggleik. For pressa kan det være urovekkande at det er PST som gjer denne vurderinga, og det er råd å sjå for seg situasjoner som gjer at rettstryggleiken blir truga, sa Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle på årets SKUP-konferanse, som samla 650 deltakarar i Tønsberg 16.-18. mars.
Kjeldevernet på spel.
SKUP sine søsterorganisasjonar i Sverige og Danmark deler denne uroa. Danske journalistar opplever eit hardt press frå politi og påtalemakt, og danskane har døme på at det er reist straffesak mot journalistar som ikkje vil røpe kjeldene sine. Ein slik praksis set kjeldevernet på spel, og rokkar ved ein grunnstein i journalistikken og demokratiet.I Stockholm kjem Riksdagen om kort tid til å vedta ei lov som blir til forveksling lik den som norske og danske politikarar allereie har vedteke.
Mikrofon i redaksjonen.
Lovforslaget som Sosialdemokratane fremja i fjor vår vil innebere at svensk politi også kan romavlytte redaksjonslokale. Avlyttinga skal ikkje brukast mot seriøse redaksjonar, vert det sagt. Berre dei useriøse og farlege som brukar journalistikken som dekke for brotsverk. Lova forbyr politiet i utgangspunktet å plassere skjulte mikrofonar hos advokatar, legar og prestar. Svenske politikarar har ikkje ville høyre på dei som vil ha forbodet til også å gjelde avlytting av journalistar. Argumentet mot eit slikt forbod er at ekstremistgrupper og terrornettverk då kan tenkast å opprette eigne redaksjonar, for å unngå å bli avlytta.
Dårleg dømekraft.
Her i landet er det ein advokat som no styrer Justisdepartementet, og det skulle eigentleg gjere oss trygge på at rettsvernet og kjeldevernet vert tatt godt vare på. Men Knut Storberget har vist ei dømekraft som påkalla unison hovudristing blant norske journalistar. I kjølvatnet av bokavsløringa om Se og Hørs indre liv, antyda justisministeren at han ville endre lova for å kunne straffe redaksjonar som offentleggjer informasjon som er framskaffa på ulovleg vis.
Eit kvelartak.
Å brette ut kongelege shoppingrunder og konstant blakke prinsessegemalar i sladrespaltene burde kanskje vore forbode? Men ei lov som generelt forbyr media å bruke opplysningar som er henta ut ulovleg, er eit solid kvelartak på den pressefridomen vi likar å skryte av. Kva om slike "ulovlege" kontoopplysningar vart brukte til å avsløre terroristar i Norge?Då hadde nok statsrådpipa fått ein annan lyd.
Nytt justismord.
Ei av media sine viktigaste roller er å vakte over maktpersonar, og avsløre når makt vert misbrukt. Tore Sandberg arbeider med avsløringa av det åttande justismordet. Nok ein gong har han funne opplysningar i politiet sine "nulldokument" som korkje forsvararen eller dommaren kjende til då den påstått uskuldige vart dømt.I eit demokrati heng rettstryggleik og offentlegdom tett saman. Mangel på offentlegdom i straffesaker er eit svakt punkt ved vårt demokrati. Og di vidare fullmakter politiet får, di mindre innsikt får vi. Det burde uroe mange at det er dei same maktmenneska vi er sette til å granske, som set vaktbikkjene i band.