Mest delt
Ærverdig hotell stengt på dagen
Mange førskolebarn har psykiske plager
iGenerasjonen
Fremtidens Oslo
Pengane sit for laust
LITE REALISTISK. Det er stort sett med eigne krefter folk kjem seg ut av fattigdom.
Vår tru på at "vi skal løfte folk ut av fattigdom" er difor lite realistisk.
Kronikk
AV:
Publisert:
Oppdatert:
VI ER VELFERDSKOLONISTAR. Vår pengebruk skapar lokal inflasjon. Vi betalar ofte løner som ligg høgt over lokalt lønsnivå. Dette fører til av vi tappar lokale institusjonar for personell. Om våre pengar sit for laust gjer vi lett fattigfolk til klientar, og vi skadar eksisterande økonomiske og sosiale nettverk; vi driv på med ei form for "velferdskolonialisme". Det avgjerande er ikkje volumet på bistanden, men kvaliteten. Kompetent og forsiktig pengebruk kan setja i gang positive utviklingsprosessar, der fattigfolk legg stein på stein for å få eit betre liv. Mikrokreditt til kvinner, med strenge krav, er eitt godt eksempel. Det er stort sett med eigne krefter og eige arbeid folk kjem seg ut av fattigdom. Vår paternalistiske tru på at "vi skal løfte folk ut av fattigdom" er lite realistisk.
Sjekk resultata i marka.
Vi treng kunnskap om lokal økonomi og lokale marknader, og om faren for korrupsjon. Sjølv har eg, som konsulent for ulike bistandsorganisasjonar gjennom 20 år, gått mykje til fots for å sjekka resultata i marka, og eg har lytta til kritiske lokale røyster. Det gjev ofte eit anna bilete enn det vi finn i vakre rapportar. I fleire høve har eg freista å få inflaterte prosjekt ned på jorda og få dei meir i samsvar med realitetar i lokal økonomi. Ein vert sjeldan populær av dette. Her er eit press for å bruka pengar, både frå gjevar og mottakar. Eg vil gje fire konkrete eksempel på dette:1. Plantasjeprosjekt i Mosambik.
I 1982 såg eg eit plantasjeprosjekt i Mosambik, som konsulent for svenske SIDA. Prosjektet (FO1/MONAP) vart sett på som vellukka, eit flaggskip for nordisk bistand. Det eg såg i marka var kaotisk. Med eit heilt urealistisk plantingsmål, 38 000 dekar per år, hadde ein berre tid til å planta, ikkje til nødvendig etterarbeid. To av tre plantar frå planteskulen måtte brennast. Prosjektdirektøren var politisk dyktig, men fagleg inkompetent.Inkompetansen var like stor i vårt byråkrati. Eit nordisk møte (MONAP II) ville auka planmålet til vanvittige 50 000 dekar per år! Eg rådde til å setja målet for tilplanting til knapt 7000 dekar pr år. Også dette var for høgt, men eg kunne dokumentera det med tal for akkumulerte arbeidsoppgåver.Avslutningsmøta var stormande. Planmåla var heilage, og nedskjeringar var eit minefelt. Mosambik sin landbruksminister møtte opp, Jaime Tohá frå Chile. Han var rasande. Det vart mitt siste oppdrag i landet. På kort tid hadde eg hatt tre oppdrag for SIDA i Mosambik, men det kom ingen fleire telefonar frå Stockholm. Eg var tydeleg svartelista som konsulent.2. Oppdrag for Norad i Zimbabwe.
I mai 1990 hadde eg eit oppdrag for Norad i Zimbabwe, som leiar for ei vurdering av norsk støtte til eit føreslått program, planlagt av Verdensbanken. I landforhandlingar var det indikert norsk støtte på 20 millionar kroner. Vi vende tommelen ned for det meste. Eg fekk støtte frå Norad sitt fagkontor i Oslo, men på ambassaden i Harare vart eg upopulær. Det vart mitt siste oppdrag i Zimbabwe.I 1990 var begeistringa stor hjå mange frå Norden for Zimbabwe og Robert Mugabe sin politikk. Eg meinte å sjå tydelege oppløysingsteikn. Forestry Commission, som støtten skulle gå til, var under kaotisk omorganisering. Verdensbanken sitt program var altfor ambisiøst og urealistisk, med ein budsjettauke på 670 % frå første til andre fase! Dette i eit land som hadde tydelege teikn på sosial, økonomisk og fagleg erosjon, med aukande korrupsjon. President Mugabes politikk møtte motstand frå ansvarlege folk lokalt, men slik kritikk vart svekka av vår entusiasme. Mange nordmenn, svenskar og danskar let seg i 1990 forføra av hans retorikk, og det kom ein flaum av bistand til landet. No, i 2007, ser vel alle at vi mangla realisme?3. Nedskjeringar i Tanzania.
I mai 1993 vart eg sendt av Norad i Oslo til landbruksuniversitetet i Tanzania (SUA). Bakgrunnen var at SUA hadde sendt ein søknad om norsk støtte som låg for høgt, på 172,7 millionar kroner over fire år. Mi oppgåve var å gå gjennom søknaden med tanke på nedskjeringar. Saman med offisielle representantar frå SUA kom vi med framlegg om eit budsjett på 74,8 millionar, for ein periode på fem år. Eg rekna med at den norske representasjonen i Dar es Salaam ville barbera budsjettframlegget vidare, men det motsette skjedde; det vart auka betydeleg. Eg fekk ikkje fleire oppdrag i Tanzania.I 1997 vart støtten evaluert av danske Cowiconsult, som kom med kritikk av den norske pengebruken.4. Makerere University i Uganda.
I 1998 skulle eg, for Norad, vurdera eit framlegg til rammeavtale for norsk støtte til Makerere University i Uganda. På bordet låg eit framlegg om å gå inn med 102 millionar kroner, i tillegg til eksisterande avtalar. Eg meinte at framlegget la for stor vekt på volumekspansjon, nybygg og oppretting av nye kostbare byråkratiske strukturar, og at dette var i strid med Uganda's Civil Service Reform - som la vekt på konsolidering, kostnadskutt og kvalitative reformer. Eg kunne ikkje tilrå framlegget, og føreslo i staden ein 2 års pilot-fase for å testa ulike støttetiltak og for å arbeida ut eit betre forprosjekt, med eit budsjett på tre millionar kroner per år.Min rapport, datert 13. desember 1998, vart lagt til side. Ein ny konsulent vart sett på oppgåva og kom med ein ny rapport, i stor grad med min tekst, men med motsett tilråding. Etter dette har eg ikkje fått fleire oppdrag for Norad.Press for å bruka meir.
Det er problematisk å vera fagkonsulent med vekt på ei kritisk tilnærming, i eit system der effektivitet og handlekraft til dels vert målt etter kor stor pengebruken er. I periodar med ekspansive budsjett, som under Hilde Frafjord Johnsen og Erik Solheim, vert det eit press for å bruka pengar. Å skjera ned på budsjett er som å strø sand i eit velsmurt maskineri.Eg har stor respekt for mange fagfolk som gjer eit godt arbeid innan bistanden. Problemet ligg ofte hjå karrièristar utan fagleg ballast, som vil "løfta opp dei fattige" med ukritisk pengebruk.Treng meir realisme.
Det som trengs, trur eg, er meir realisme. Det som trengs er ikkje meir pengar, men meir kompetanse og meir respekt for fattigfolk sitt arbeid. Ikkje minst kvinner sitt arbeid.Endå meir gjeld dette vår pengebruk ved oljeutvinning og i krig i fattige land. Og bistand til gjenoppbygging etter krig kan vera nesten like problematisk som sjølve krigen.Vi skapar kaos.
Fleire land i ein slik situasjon flyt over av eksterne pengar (og våpen), som i Nigeria, Irak og Afghanistan. Landa vert utsett for ein flaum av eksterne pengar, som bryt ned tradisjonelle økonomiske strukturar og sosiale nettverk. Slike nettverk kan vera bygde opp over generasjonar, men dei kjem brått i skuggen og vert uinteressante, gamaldagse, avfeldige. Våre store pengar overskygger totalt dei små, lokale pengane. På kort sikt kan dei gje ein rus, men dei er sterkt korrupsjonsdrivande og over tid skapar korrupsjonen folkeleg raseri. Når det gjeld bistand er Irak det landet i verda som mottek mest støtte, Nigeria er nummer to, medan Afghanistan er på fjerdeplass. Til saman er bistanden til Irak og Afghanistan nesten like stor som statsbudsjetta! Dei kjem i tillegg til dei militære budsjetta, som er ti gonger så store. Ein må vera uvanleg naiv om ein skal tru at denne pengeflaumen ikkje skapar korrupsjon og kaos.Siste fra seksjon
-
Lengselen etter det vidunderlige
Axel Jensen. Ålefjær-trollmannen er aktuell så lenge det stadig er noe råttent i galaksen.
10 februar 2012 19:37

Kommentarer