Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Vegring mot kvalitet

FORSKING OG HØGARE UTDANNING. Stjernøutvalet opererer med enkle statsvitskaplege og økonomiske modellar - og ei bastant tru på store institusjonar.

Høyringsfrist i mai. Stjernøutvalet si innstilling om høgare utdanning på er ute til høyring. Det er no viktig å få belyst alle sider ved innstillinga, også dei implisitte premissane.Det er då på sin plass å minne om at utvalet, ifølgje mandatet, er bedi om å peike på tiltak som "sikrer kvalitativt gode og robuste forskningsmiljøer". Spørsmålet om forskingskvalitet står altså sentralt.

Manglande drøfting.

Her er det nyttig å skilje mellom forskingskvalitet som soliditet og som originalitet. For kreativ og banebrytande forsking, i motsetning til traust soliditet ut frå gitte premissar, er ikkje av det slaget som det er lett å planleggje eller som eignar seg for byråkratisk styring og kontroll. Men slike spørsmål blir ikkje drøfta av utvalet.Det er derfor nærliggjande å spørje om kva slag modellar og hypotesar utvalet opererer med og kor høvelege dei er for å svare på dette avgjerande punktet i mandatet.

Positive sider.

Men aller først kan det vere grunn til å minne om nokre av dei positive sider ved innstillinga:* Utvalet fortener ros for den innleiande omtalen av dei dannande og fagkritiske aspekt ved høgare utdanning, i kontrast til eit einsidig instrumentelt nyttesyn på forsking og høgare utdanning. * Utvalet fortener ros for ein kritisk gjennomgang av uheldige sider ved den aktuelle finansieringsmodellen og for å peike på behovet for endringar, t.d. i form av forskyvingar frå stykkprisfinansiering til grunnløyvingar. * Utvalet fortener også ros for å framheve behovet for sterkare fagleg styring i universitets- og høgskulesektoren, i forhold til marknadsbaserte ordningar. * Og utvalet fortener ros for å drøfte utfordringane i forholdet mellom universitet og høgskular.

Problematiske sider.

Men så er det dei problematiske sidene ved innstillinga: Det er påfallande at utvalet i så stor utstrekning opererer med enkle statsvitskaplege og økonomiske modellar og hypotesar, og at utvalet i så liten grad nyttar omgrep og metodar som i større grad kunne gripe dei fagnære utfordringane.

Ikkje såenkelt.

Utvalet opererer til dømes med ein hypotese om at store einingar sikrar kvalitet i forsking og forskingsbasert undervisning. Men så enkelt er det jo ikkje. Det finst rikeleg med historisk og sosiologisk belegg for at små forskingsmiljø har prestert det ypparste i sine fag.Ofte vil god personalpolitikk og gode arbeidsforhold vere avgjerande, til dømes i form av samanhengande tid til forsking og i form av faglege utfordringar i samarbeid med kollegaer.

Kvalitet og masse.

Eit grunnleggjande problem i universitets- og høgskulesektoren i dag er spenninga mellom kvalitet og masse, mellom kvaliteten i forsking og forskingsbasert undervisning på den eine sida og masseundervisning på den andre. Spissformulert kunne vi derfor seie at institusjonane gjennomgåande er for store! Såleis er det til dømes heilt urealistisk å tenkje seg at Universitetet i Oslo skulle kunne bli eit eliteuniversitet utan å måtte krympe betrakteleg, både i studenttal og personell. Hypotesen om at store einingar sikrar kvalitet i forsking og forskingsbasert undervisning er derfor utilstrekkeleg, for å uttrykke det forsiktig.

Hypotese om samordning.

Ut frå hypotesen om behovet for store einingar går utvalet inn for samordning og samanslåing av universitet og høgskular på regionalt nivå. Ein avgjerande premiss for dette framlegget er ein hypotese om at eit regionalt styre vil kunne samordne forholdet mellom universiteta og høgskulane på ein slik måte at fagmiljøa blir betre og fordelinga av ressursar og arbeidsoppgåver (studietilbod og fagprofil) blir meir fornuftig. Dei regionale styra skal stå for omorganisering og nedlegging av svake fagmiljø og institusjonar, og dei skal gjennomføre ei forskjellsbehandling av undervisningspersonell på ulike institusjonar. Spissformulert kan vi seie det slik: Det som styremaktene sentralt ikkje har fått til, og det som dei enkelte universitet og høgskular heller ikkje har fått til, det skal no dei regionale styra setje igjennom.

Krevjande og upopulært.

Dette er ein dristig hypotese: Kva får ein til å tru at slike regionale styre skal kunne gjennomføre dei krevjande og til dels sterkt upopulære vedtak som ein ikkje har tiltru til at dei sentrale styresmaktene, i samarbeid med institusjonane, skal kunne makte?Her må vi spørje: Er det verkeleg kvalitativt god forsking og forskingsbasert undervisning utvalet er ute etter? Eller er det berre tale om ei ny rasjonaliseringsreform, der det vesentlege er spørsmålet om økonomisk effektivitet, utan at ein tar det så tungt når det gjeld kvaliteten på den forsking og utdanning ein "produserer"?

Endar med kostnader.

Det er i så måte påfallande at denne innstillinga, som startar med ein omtale av behovet for demokrati og fagkritikk, endar med å drøfte kostnader og effektiv drift, samtidig som snakket om demokrati og fagkritikk synest å fordunste når det kjem til spørsmålet om gjennomføring.Er det dei enkle modellane som gjer at utvalet ikkje blir i stand til å følgje opp dei gode intensjonane om danningsaspektet i høgare utdanning? Tilsvarande kan ein spørje om denne modellbruken også er grunnen til at utvalet ikkje maktar å gje eit tilfredsstillande svar på pålegget i mandatet om å utgreie tiltak som kan "sikre" kvalitativt god forsking og forskingsbasert undervisning.

Mange utfordringar.

Utvalet kunne ha gjort ein betre jobb om det hadde operert med andre modellar og hypotesar. Det er til dømes mange utfordringar knytte til arbeidssituasjonen for dei vitskapleg tilsette som kunne og burde utgreiast på bakgrunn av dette mandatet, utfordringar som ikkje blir fanga opp av ein grovkorna hypotese om at store einingar gir kvalitativt gode forskingsmiljø, eller om at samanslåing og nedlegging på regionalt nivå, i regi av regionale styre, er det rette svaret på utfordringane i forholdet mellom universitet og høgskular.

Betre utgangspunkt.

Med andre faglege perspektiv kunne vi ha fått eit betre utgangspunkt for den politiske debatten som no vil følgje. Det gjeld personalpolitikk og arbeidsforhold. Det gjeld behovet for institusjonelle grep for å sikre at alle doktorandar lærer å reflektere over sitt eige prosjekt, både som styrking av den vitskaplege kompetansen og som styrking av kompetansen for samarbeid med ekspertar frå andre fag.Og det gjeld behovet for felles opptaksvilkår og for førebuande prøver - tiltak som krev sentrale vedtak, for å unngå konkurransevriding mellom institusjonar eller regionar. Innstillinga frå Stjernø-utvalet blir skjemd av sviktande refleksjon over eigne føresetnader. Utvalet underkommuniserer det spesielle perspektivet som det har lagt til grunn.Innstillinga heiter Sett under ett. Men utvalet seier ikkje kor det heile blir sett ut ifrå.

Kommentarer

Siste fra seksjon

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer