Grundig gjennomtenkt. Det er ikkje lett å ta farvel med noko eg har hatt eit nært forhold til over mange år. Ei skilsmisse er ei drastisk handling, men vert sjeldan gjort utan grunn. Også i mitt tilfelle er det grundig gjennomtenkt, spesielt etter at eg har vore utru over lengre tid. Så no har eg bestemt meg: Eg må skiljast frå mitt kjære hovudmål - nynorsken.Mitt forhold til nynorsken starta då eg var nesten tre år gamal. Eg hadde akkurat kome meg ut av det store passasjerflyet på Fornebu, og i ankomsthallen stod det ei framand kvinne og ein framand mann, som plutseleg skulle bli foreldra mine. Dei lærte meg dei fyrste nynorske orda.

Frå koreansk til sognedialekt.

Ikkje veit eg kva slags ord det var, men "gard", "gras", "blome", "ete", "vatn" og "mjølk" vart nok tidleg påtvunge meg. Ganske raskt gløymde eg dei få koreanske glosene eg hadde lært meg på barneheimen i Seoul, for snart skulle språket mitt innehalde dialektord som "knitti" (knea), iddle (noko som er vondt), "jedna" (kanskje) og "kest?" (kvar?).Dei neste 13 åra utvikla eg eit kjært forhold til nynorsken. Dette språket skulle bli noko av det viktigaste i livet mitt. Som 10-åring byrja eg å interessere meg for å skrive dikt og små forteljingar. 12 år gamal fullførte eg mi første "bok", som i det gule materialrommet på skulen vart kopiert opp i eit lite eksklusivt opplag, og gitt til tantar og onklar i julepresang.Så flytta eg. Knapt 16 år gamal og med pubertetsbart tok eg ferja over Sognefjorden og til internatskule i Balestrand. Geografisk var ikkje flyttinga særleg drastisk, det tek knapt ein halvtime å kome seg dit frå heimbygda Feios, men for mitt forhold til nynorsken var dette byrjinga på slutten.

Språkleg forvirra.

På internatskulen kom det elevar frå heile landet, og når dei nye klassekameratane dine kjem frå Bergen, Oslo og Sandefjord, kan du fort bli språkleg forvirra. Det blei eg. Nokon kan tvile på trua si blant hedningar, og hedningar kan bli interessert i kristendom i lag med kristne. Vi menneske er lett å påverke, og dei færraste av oss har ein så reflektert og moden haldning til sin eigen identitet, at dei kan stå utanfor gjengen i ung alder.Så eg byrja fort å knote. Sognamålet blei gradvis polert til reindyrka skuleboknynorsk, med rause innslag av bokmålsord, som "noen", "tror", "skole" og "hode".Det var i dette stadiet av livet mitt eg var utru for fyrste gong: 17 år gamal byrja eg å skrive dikt på bokmål.

Lenge utru.

21 år gamal gjekk eg og nynorsken gjennom ein turbulent periode. Vi kommuniserte ikkje så godt. Kanskje var det fordi eg var utru over ein lengre periode. Medan eg hadde siviltjeneste i Åsane, arbeidde eg som frilansjournalist i lokalavisa Åsane Tidende. Då måtte eg sjølv-sagt skrive på bokmål. Til trass for omfattande utruskap i eit heilt år, heldt eg og nynorsken likevel saman, mykje på grunn av at eg byrja på min første roman - på nynorsk.Året etter blei nynorsken og eg knytt tettare saman igjen. Eg fekk eit vikariat i lokalavisa Sogn Avis, som dekkar området der eg vaks opp. Eg og nynorsken har kanskje aldri vore så nærme kvarandre enn dette året. Språket flaut godt, eg gjekk til og med over til å skrive a-endingar. I denne perioden vurderte eg faktisk å melde meg inn i Norsk Målungdom! Dette var glansdagar, ei lukkeleg periode for meg og nynorsken, og vi smilte og lo saman og så lyst på framtida.

Inspirert av Vesaas.

Det vart endå betre då eg lanserte debutromanen min Eg kom for å elske (sjølvsagt på nynorskforlaget Samlaget) våren 2002, ein roman skriven på trygg, solid, skuleboknynorsk, der eg også nytta gamalmodige ord som "or", "tokke" og "brånar", sterkt inspirert av Tarjei Vesaas.Hausten 2002 flytta eg til Oslo for å utdanne meg til journalist. Nynorsken protesterte og ville at eg skulle gå for andrevalget mitt, nemleg Journalistutdanningen i Volda. Eg skjønar kvifor. To år rett i nærleiken av Ivar Aasen-tunet i Ørsta ville nok ha forsterka forholdet mellom meg og nynorsken. Men slik vart det ikkje.I staden hamna eg i hovudstaden, med nye studiekamaratar frå Oslo, Tønsberg, Drammen, Ås og Ski. Nynorsken var skeptisk. Med god grunn.

Bokmål i kvardagen.

Det vart naturleg for meg å nytta bokmål i kvardagen. Eg var altså notorisk utru. Vikarjobbing i VG, skuleoppgåver, e-post og SMS. Men eg held fram med å skrive skjønnlitteratur på nynorsk.Difor har nok forholdet mellom meg og nynorsken halta vidare fram til i dag. Men no er det på tide å ta farvel. Eg klarar ikkje å leve med nynorsken lenger. Når kollegaer på NRK spør meg om nynorskråd, blir eg usikker. Det ender stort sett med at eg må slå opp i nynorskordboka sjølv. For det meste er jo lov i nynorsken i dag!

Større problem.

Når eg skriv fiksjon, vert problema større. Arbeidet med den nye romanen Lyden av noen som dør (Cappelen Damm) har vore ein anstrengt prosess. 111 boksider på nynorsk, men der forfattaren sjølv har vore usikker på kva som er lov og forbode. "Noko" er for lengst blitt bytta ut med "noe", fordi det står med klaffar i nynorskordboka, og er difor lov.Det same gjeld ig-endingar. "Tidlig". "Eigentlig". "Trolig". Eg har også nytta meg av "tatt" i staden for "teke", bevisst valt det meir bokmålsklingande "da" i staden for "då", "dør" i staden for "døyr". Kvifor? Fordi det er eg slik eg snakkar i kvardagen.

Voldsomt rot.

Då vi på tampen skulle korrekturlese omslagstekstar, vart det eit voldsomt rot. Er det lov å skrive "flyter" i staden for "flyt"? Jo, men då må du samstundes skrive "kjemer" i staden for "kjem". Er det ikkje lov til å skrive "flaggermusvinge"? Nei, det var det visst ikkje! Eg må velje anten "flaggermusvengje" eller "flaggermusvenge", men "vengje" er visst hokjønn, mens "venge" er hankjønn (!) skal vi tru ein nynorskekspert eg kjenner.Same person skreiv følgande melding til meg då eg viste han utdrag frå manuset: "Skriv du verkeleg so låk nynorsk?"Svaret er: Ja. Diverre. For eg veit snart ikkje bak og fram eller opp og ned på nynorsken. Eg forstår meg ikkje lenger på han. Etter fleire korrekturrundar sa forlagsredaktøren min at han vert heilt svimmel av dette. Svimmel vert eg også. Tittelen "Lyden av noen som dør" er eit godt døme på kor vanskeleg det er å forhalde seg til nynorsk. Dei fleste vil tru det er ein bokmålstittel. Men det er faktisk lov til å skrive det slik på nynorsk også.

Hatet mot nynorsken.

Når nynorsk er så vanskeleg for meg som lever av språket, som journalist og forfattar, har eg stor forståing for at norske skuleungdom kan "hate" nynorsken. For det første er det vanskeleg å lære seg nynorsk, for det andre er det eit forvirrande språk å forhalde seg til. Kva med ungdom med dysleksi? Eller innvandrarar? For dei må nynorsk vere eit mareritt.Så var det slik det skulle bli? Har nynorsken gravd si eiga grav med at nesten "alt" er blitt lov? Personleg er eg ikkje overraska over at nynorsken slit med rekrutteringa."Lyden av noen som dør" er mi siste bok på nynorsk. Jeg har herved tatt ut skilsmisse og erklært offisielt farvel til nynorsken.