Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • FOTO: Sigurdsøn, Bjørn

Lærarens ti bod

RETTE RYGGEN. Eg vil med disse ti boda gjere eit forsøk på å hjelpe læraren til å rette ryggen.



Politikarar har oppdaga at læraren er viktig som fagmenneske, og vil gi han auka fridom. Byråkratane pressar derimot på med ikkje-faglege tiltak som kjem til å nagle han til skrivebordet. Gudmund Hernes sa i si tid at han ville hjelpe læraren til å rette ryggen. Han mislykkast. Eg vil med dette gjere eit forsøk, og tenkjer nok mest på læraren på dei høgste klassestega:


1. Du skal vite at å lære er å oppleve.

Det er det det handlar om. Gløym tomme frasar som «ansvar for eiga læring», gløym merkelege ord som «læringsutbytte» og «læringsarbeid». Det må handle om elevens glede over å forstå, gjere framsteg, meistre. Så krevjande og spennande er det. Det handlar ikkje om å «leggje til rette for at elevens læringsutbytte skal kunne dokumenterast ved hjelp av objektive måleinstrument».

2. Du skal kunne faga dine.

Sjølvsagt skal du det. Veit du ikkje kva du skal formidle, er du sjanselaus. Ingen fagleg utrygg lærar kan leggje grunnen for fagleg framgang og gode opplevingar hos elevane. Det er godt å registrere at våre styresmakter ser at den såkalla allmennlærarens tid er ute på dei høgare klassestega. I skolen – som elles – trengst det fagfolk, og da tenkjer eg ikkje på fagpedagogane eller dei såkalla organisasjons- og leiingsspesialistane. Dei har vi så altfor mange av.

3. Du skal brenne for faga dine.

Ingen av dine elevar må nokon gong vere i tvil om kva for fag som er dei viktigaste! Du viser kvart sekund i klasserommet eller på verkstaden at eit liv utan innsikt i dine fag umogeleg kan vere eit godt liv.

Di faglege innsikt, ditt engasjement og di interesse skaper grobotn for innsikt, engasjement og refleksjon.

Nettopp i desse Internett-tider, nettopp i desse digitale tider er du som skolert, reflektert, engasjert og engasjerande fagperson overmåte viktig: Du kan skilje godt frå dårleg, du veit kva som er viktig og mindre viktig.

4. Du skal brenne for elevane dine.

Du er blitt lærar fordi du meiner du har noko viktig å formidle til menneske som betyr mykje for deg: Du er i skolen fordi du er overtydd om at unge menneske må få tileigne seg dei kunnskapane og den innsikta – dei opplevingane – dine fag representerer. Men du stansar ikkje der: Gjer du det, kan elevane fort bli dine instrument, dine objekt som du manipulerer. Da er du ikkje engasjert i elevane dine.

Engasjert i elevane dine er du når du opnar for og lyttar til deira spørsmål, når du let dei sleppe til med sine forteljingar, sine meiningar, si undring. Ikkje minst når du tar dei på alvor ved at du stiller faglege krav til dei.

5. Du skal brenne for kollegene dine.

Du har mye å gi kollegene dine, og du treng deira støtte og faglege innsikt. Mange har nok dei siste åra brukt altfor mye tid og energi på å lære seg nye og meir effektive arbeidsmåtar og meir effektiv organisering av skolekvardagen.Torer vi å håpe at det ikkje er for seint å setje faga i sentrum for det kollegiale samarbeidet?

6. Du skal ikkje vere redd for å stille deg mellom datamaskinane og elevane.

Du er fagmennesket. Det er du som kjenner læreplanane. Derfor er det du som skal avgjere korleis elevane skal nytte nettet.

Du veit korleis ditt fagstoff skal formidlast, det er du som veit kva elevane treng, og det er du som veit kva som er søppel og kva som er kvalitet. Den digitaliserte skolen set store krav til deg, først og fremst fordi du blir utfordra som fagmenneske og som kjeldegranskar.

Du skal ikkje springe etter elevane for å finne ut korleis dei nyttar nettet for å tilpasse deg deira nettbruk! Du skal vise dei korleis nettet kan og bør nyttast i solid fagleg arbeid!

7. Du skal i alle fall prøve å stille deg mellom elevane og skolebyråkratane.

Det er såvisst ikkje lett å halde dette bodordet. Du skal på den eine sida vere lojal overfor styresmaktene når dei kjem med sine lovar, forskrifter og pålegg. Dei siste 15-20 åra har dette vore vedtak som har ført skolen i meir byråkratisk retning. Det begynte med Hernes, kan vi tru at toppen er nådd med Solhjell? Det ligg truleg lita trøyst i å vite at også mange rektorar er fortvila over det som har skjedd.

Ikkje rart at mange unge, velutdanna sluttar tidleg i si lærargjerning, ikkje rart at mange unge velutdanna vel lærargjerninga bort. Trist for ungdommen som har fortent ein betre skole. Kanskje må vi hugse på at det nettopp er dei unge og deira føresette som er våre oppdragsgivarar?

8. Du skal tvile på omfattande skolereformer.

Lite tyder på at dei omfattande, gjennomgripande skolereformene har noko for seg. Ein grunn er kanskje at ei ny slår den førre i hel før denne har fått verke? Det er nesten komisk. Dessverre er det ikkje komisk når ei ny reform krev at læraren riv alt opp med rot – tvingar han til å avvise eigen, tidlegare praksis og satse alt på ein ny og ofte ukjend.

Vi har mange døme på den slags, dei beste er truleg R94 og L97. Men for deg som lærar var det vel godt å høyre at Kunnskapsløftet skulle gi deg ein viss fridom når det galdt å velje metode: «Skolen veit best», sa Clemet. Som sagt – godt å høyre. Men i praksis er nok lærarens fridom og handlerom blitt svært så avgrensa på grunn av alle målingane, alle krava til dokumentasjon.

9. Du skal tvile på at det er organisering det handlar om.

Dei siste reformene er ikkje reformer der fag, fagleg fordjuping og faglege opplevingar har stått i sentrum. Det har vore lite tale om innhald, men til overmål om organisering. Stikkorda er arbeidsplanar, arbeidstidsavtalar, læringsstrategiar, fagdagar, studiedagar, individualisert opplæring, dokumentasjon av undervegsvurdering utan karakter. Her er så mange som forskar på skolen. Tenk om nokon prøvde å få eit oversyn over om dei endelause debattane om organisering har hatt annan effekt enn frustrasjon! Sinne og fortviling, kanskje?

Kva skal den gode skolen innhalde? Dette spørsmålet blir ikkje ofte stilt. For byråkratar er det truleg eit avsporande spørsmål. Du må som fagmenneske stille det kvar dag . Korleis skal du elles unngå organiseringsfella?

10. Du skal ikkje tru at skolen er ei bedrift.

Skolen er ikkje ei verksemdseining eller ei resultateining. Som skolert og reflektert fagmenneske som brenn for dine elevar forstår du kva eg meiner: Du har ikkje di beste stund når arbeidsplanane er ferdige, når femti elevar enda ein gong har fått si undervegsvurdering utan karakter. Di beste stund har du når du opplever at du og din elev deler ny kunnskap og ny innsikt. Slik var det før Internett. Slik er det nå. Å hevde noe anna, er farleg avsporing


Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Døde menns teorier

    Utdanning. Endelig har noen begynt å stille spørsmål ved Norges nye religion: høyere og høyere utdanning.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer