Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Føleri eller fakta?

Offentlege kulturutgifter er uendeleg mykje meir enn nokre skarve kunstnarstipend og garantiinntekter.

FOTO: Aagaard Rolf Magdal

Kulturdebatt. År om anna bles det opp til kulturpolitisk debatt i hovudstaden. Sist det skjedde, var i 2004, då Knut Haavik, etter forslag frå Frp, vart oppnemnt som medlem av Norsk kulturråd. Ein del sjølvhøgtidelege kulturkoryfear i Oslo såg på dette som nærmast ei nasjonal katastrofe. Om lag som å velje Idol-Kurt inn i styret for Statoil, vart det sagt. Men Haavik vart ein god mann i Kulturrådet. Kultureliten i hovudstaden tok feil. Dumma seg ut.

Polarisert ordskifte.

Sommarens kulturdebatt ber umiskjennelege teikn av reprise. Som i 2004 dreier det seg om Frp, Kulturrådet og hovudstadens kulturelite. Som i 2004 er ordskiftet polarisert. Som i 2004 er kjenslene sterke, føleriet påtrengjande, faktakunnskapen fråverande. Sjølvsentrerte kunstnarar står på nytt fram som (kultur)politiske noksagtar.

Det som skil kulturdebatten frå ordskifte på andre sektorar, er intensiteten og styrken i retorikken, saman med kynismen i den følelsesladde argumentasjonen. Slik har Noregs fremste kulturøkonom, Vidar Ringstad, formulert det. For sjølvsagt sørgjer også veltalande kunstnarar for sine særinteresser, under dekke av fellesskapets verdiar.

Kunstnarstipend.

Av denne grunn står, utruleg nok, kunstnarstipend alltid i sentrum for norske kulturpolitiske debattar. Frp legg ut eit agn, og kunstnarane gjer som hysa; dei bit på kroken. No er det sjølvsagt legitimt at norske kunstnarar forsvarar sine statlege «privilegium», særleg når desse er betre enn i dei fleste andre land. Men kvifor må dei alltid late som om den svart-kvite debatten om kunstnarstipend og garantiinntekter dreier seg om å halde oppe Noreg som ein kulturnasjon? Dessutan er det eit faktum at Noreg i dag har eit stort overskotstilbod av kunstnarar (og dermed kunst) av nesten alle slag.

Fakta er som følgjer: I 2008 vart det løyvd 192 millionar kroner til kunstnarstipend, inklusive garantiinntekter. Dette utgjorde tre prosent av kulturbudsjettet til Trond Giske. Totalt var det ca. 1350 yrkesaktive kunstnarar som hadde statlege kunstnarstipend av ulike typar. Gjennomsnittsbeløpet per kunstnar var 142000 kroner.

Liten sum.

Fordeler vi den samla summen på alle yrkesaktive norske kunstnarar (ca. 15000), får vi 12800 kroner. Og det er altså dette som gong etter gong vert tema når den kulturelle eliten saman med kunnskapslause medium i hovudstaden set dagsorden for det dei kallar ein norsk kulturpolitisk debatt.

Det er ikkje berre pinleg, det er ganske hårreisande. Og det burde vere heilt unødvendig å seie at generalsekretær og Frp-strateg Geir A. Mo gnir seg i hendene. Han finn seg nyttige idiotar overalt.

97 prosent ikkje drøfta.

Den resterande delen av statens kulturbudsjett, 97 prosent, vert sjeldan gjenstand for nokon offentleg kulturpolitisk debatt, lokaliseringsdebattar i Oslo unnateke. Kulturdepartementets budsjett for i år er heile 7,1 milliardar kroner. I tillegg finn vi 650 millionar kroner til kulturminnevern på budsjettet til Miljøverndepartementet. Men desse midlane vert så dårleg forvalta av ein fråverande riksantikvar og eit uengasjert departement at store delar av den norske kulturarven er i ferd med å rotne på rot.

Bryr Erik Fosnes Hansen seg om dette kanskje? Bryr Erik Solheim seg? Lat Giske få hand om kulturminnevernet før det er for seint! Og slik mange rapportar har konkludert med, bør han også overta ansvaret for det norske kultursamarbeidet med utlandet. Noreg som nasjon får lite att for dei knappe 100 millionane Utanriksdepartementet disponerer for å skjøtte dette arbeidet.

Offentlege kulturutgifter er altså uendeleg mykje meir enn nokre skarve kunstnarstipend og garantiinntekter. Ordninga med garantiinntekt er dessutan omstridt langt inn i kunstnarland. Løken-utvalet foreslo forresten å avvikle heile ordninga.

Kommunal kultur.

Dei samla norske offentlege kulturutgiftene i 2008 var 15,3 milliardar kroner. Kommunane stod for 49 prosent av dette, staten for 45 prosent og fylkeskommunane for 6 prosent. Tek vi også med investeringsutgiftene til kommunesektoren, kjem vi opp i nesten 20 milliardar kroner i offentlege kulturutgifter. Og det er ikkje, slik vi har blitt lærte opp til å tru, staten og Trond Giske som er budsjettvinnaren.

Vinnaren er tvert imot den trauste norske kommunale kultursektoren. Utvikla under Johs. Aanderaa sitt mangeårige sosialdemokratiske regime i Kulturdepartementet. Og miskjent og utskjelt av både kunstnarar og Frp-arar. Norske kommunar, vel 430 i talet, auka i perioden 2005–2008 sine driftsutgifter til kultur med heile 30 prosent: frå 5,7 til 7,5 milliardar kroner. Giske og hans Kulturløftdepartement kan berre vise til ein budsjettvekst på 20 prosent i same perioden, frå 5,3 til 6,4 milliardar kroner. I faste prisar er auken 23 og 13 prosent.

Fire år med vekst.

Dei siste fire åra har vore ei veksttid for det offentlege Kultur-Noreg. Vi må truleg 30 år tilbake for å finne noko tilsvarande. Den offentleg finansierte kulturen trivst best i oppgangstider. Men la det likevel vere sagt: Dei statlege kulturutgiftene utgjorde i 2008 ein mindre del av statsbudsjettets samla utgifter enn i 2005, rundt 0,6 prosent. Målet om éin prosent er framleis fjernt.

I kommunesektoren utgjorde netto driftsutgifter til kultur i 2008 4,4 prosent av dei samla driftsutgiftene. I 2005 var talet 4,2 prosent, i 2003 4,0 prosent. I Kommune-Noreg har kulturen vore ein verkeleg budsjettvinnar. Også det private kultur- og fritidsforbruket har gått opp, i 2005 og spesielt i 2006. Dette året var volumveksten heile 8,9 prosent. Det flata ut i 2007, og i 2008 var det nesten stillstand i kulturkonsumet i norske hushald. Kultur- og fritidsutgiftene utgjorde midt på 1990-talet 12 prosent av forbruksutgiftene til norske hushald. Prosentdelen steig til 12,8 i byrjinga av dette tiåret, og gjekk deretter tilbake til 12 prosent igjen.

Uklår statistikk.

Det er altså ikkje på kulturfeltet at forbruksfesten siste åra har gitt seg størst utslag. I alle fall ikkje om vi legg tala frå det høgt renommerte Statistisk sentralbyrå (SSB) til grunn. Men sidan SSB også reknar blomstrar, prydbusker, kjæledyr, veterinærtenester og båtar med i kulturforbruket, er det på dette området vanskeleg å stole heilt på byrået. Det private forbruket av kulturgode i 2008 kan vi lausleg anslå til 50–60 milliardar kroner. Nærmare kjem vi ikkje utan særskilt hjelp frå SSB. Mesteparten av forbruket dreier seg om kjøp av varer og tenester frå den kommersielle kultursektoren.

Om den norske kulturpolitiske debatten skal kome ut av det kjensleladde føleriet, trengst det både kalkulator, rekneark og god statistikk.

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Den norske døren til Darwin

    Eventyr og vitenskap. Peter Christen Asbjørnsen, kjent for sin innsamling av norske eventyr sammen med Jørgen Moe, introduserte også Darwins evolusjonsteori i Norge.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer