Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • 43 prosent av hyttebrukarane meiner at livet på bygda er meir tilfredsstillande enn livet i byen, skriv Reidar Almås.

    FOTO: ILLUSTRASJONSPÅL HARALD UTHUS

Det gode liv på hytta

LANDSBYGDA. Under draumen om det gode liv i Noreg, ligg ønsket om å ha det beste frå to verder. Dei som bur i byen, vil også ha ein god bit av landsbygda.

REIDAR ALMÅS

FOTO: Privat

Typisk norsk. Det er typisk norsk å eige eller disponere ei hytte. Men fleirtalet meiner no at mengda av store og moderne fritidsbustader må avgrensast.

Det er no vel 400000 fritidsbustader i Noreg, og i ein rapporten frå Norsk senter for bygdeforskning viser det seg at 56 prosent av den vaksne befolkninga eig eller disponerer ei hytte. Undersøkinga er retta mot tre grupper: Den totale befolkninga, hyttebefolkninga og dei fastbuande i landlege hyttekommunar. For første gong blir alle desse tre gruppene spurt om si oppfatning av forholdet mellom bygd og by, om distrikts- og hyttepolitikk.

Livet på landet

60 prosent av den norske befolkninga definerer staden der dei har vakse opp som rural (landleg), mens berre 46 prosent seier at dei bur slik i dag. Denne endringa er ein konsekvens av urbaniseringsprosessen etter den andre verdskrigen. Spør du korleis dei opplever seg sjølve, så er det 35 prosent som opplever seg mest som ein bygdeperson i dag, mens berre 28 prosent opplever seg sjølve mest som ein byperson. Heile 46 prosent er heilt eller delvis einige i at livet på landet er meir tilfredsstillande enn livet i byen.

Dette kan vera noe av forklaringa på kvifor så mange eig eller brukar ei hytte. Ved å bruke mye tid på hytta, får dei som bur urbant bekrefta sin identitet og opplevd dei rurale gledene, utan å bu fast på landet.

Fleire fordeler

Lokalbefolkninga i hyttekommunane utgjer ei eiga målgruppe i undersøkinga. Med rurale hyttekommunar meinest bygdekommunar som har minst 0,125 hytter pr. innbyggar. Dette omfattar 201 av kommunane, der 13 prosent av folket bur, og der 60 prosent av den samla hyttene er lokalisert. Hytteturismen bidrar til sysselsetting av 15 prosent av befolkninga i desse rurale fritidskommunane.

49 prosent av dei fastbuande er svært eller delvis einige i at fritidsbustadturismen medfører fleire fordeler enn ulemper. Det er lite motstand imot den utviklinga som har vore, men 37 prosent er svært eller delvis ueinige i at kommunen bør opne for meir utbygging av fritidsbustader. Denne skepsisen til vidare hyttevekst i hyttekommunane, tyder på at ei smertegrense er i ferd med å bli nådd mange stader.

Hyttefolket

Lokalbefolkninga opplever i stor grad at hyttefolket skil seg frå lokalbefolkninga klassemessig sett; spesielt når det gjelder inntekts- og forbruksnivå. Dette synest ikkje å slå negativt ut for korleis dei fastbuande opplever hyttefolket som gruppe. Fleirtalet hyttekommunane har eit positivt inntrykk av hyttefolket. Drygt halvparten av de fastbuende har regelmessig sosial kontakt, og halvparten av de fastbuande har omgangsvener blant med hyttefolket.

45 prosent meiner i meir eller mindre grad at hyttefolket tar seg for mye til rette, men like vel opplever ein høg del av dei fastbuende at forholdet mellom de to gruppene er meir harmonisk enn konfliktfylt. Men fleirtalet av dei fastbuande vil begrense mengda av store, moderne fritidsbustader med heilårs bustandard.

Ikkje berre byfolk

Dei som eig eller brukar ei hytte er ei tredje målgruppe for undersøkinga. Over halvparten av hyttebrukarane har vakse opp i rurale område, og in relativt stor del (42 prosent) av hyttebrukarane bur også i rurale strøk. Slik sett er ikkje berre byfolk som har fritidsbustad. 67 prosent av hyttebrukarane har hytte anten ved sjøen eller på fjellet. Vidare har 68 prosent mindre enn tre timars kjøretid til hytta si. Vel 20 prosent av hyttebrukarane nyttar hytter som i utgangspunktet har vore heilårsbustad eller gardsbruk. Det er 20 prosent av utanbygds hyttebrukarar som har vakse opp eller budd i kommunen der dei har fritidsbustaden sin, og det er heile 45 prosent som har slekt i vertskommunen.

Høg standard

Det er høg standard på norske hytter. Eit stort fleirtal har fasilitetar som TV, kjøleskap og komfyr. Heile 45 prosent anslår at hytta dei nyttar ville gått for over ein million kroner om den skulle leggast ut for sal. Gjennomsnittleg bruk for alle hyttebrukarar i undersøkinga er 36 dagar i året, mens den for hytteeigarar åleine var 44 dagar. Fem prosent av hyttebrukarane som nytta fritidsbustaden i meir enn 100 dagar i året. 21 prosent av dei utanbygds hyttebrukarane har ein jobb som tillet at dei kan gjere heile eller delar av arbeidet sitt frå fritidsbustaden.

Bidrege aktivt

Dersom vi ser på utanbygds hyttebrukarar for seg, er det ein relativt stor del som handlar matvarer i vertskommunen kvar gong dei er på hytta. Vi bør særleg merke oss at åtte prosent av desse meiner at dei har bidrege aktivt i utvikling av ny aktivitet eller næring i vertskommunen for hytta. Heile 15 prosent av dei utanbygds hyttebrukarane kan tenke seg å melde flytting til vertskommunen.

Harmonisk

Det store fleirtalet av utanbygds hyttebrukarar meiner at lokalbefolkninga i hyttekommunen er imøtekomande, og halvparten har omgangsvener blant dei fastbuande. Berre fire prosent av utanbygds hyttebrukarar har aldri sosial kontakt med innbyggarane i vertskommunen, mens 79 prosent har regelmessig sosial kontakt med lokale folk. 38 prosent av norske hytteeigarar kjøper tenester av bønder i vertskommunen. En høg del av utanbygds hyttebrukarar opplever forholdet mellom hyttebrukarar og fastbuande som meir harmonisk enn konfliktfylt.

Miljøproblem

43 prosent av hyttebrukarane meiner at livet på bygda er meir tilfredsstillande enn livet i byen. Men fleirtalet av hyttebrukarane meiner det er viktig å avgrense mengda av store, moderne fritidsbustader. Hytteutbygginga opplevest til dømes som eit problem for natur- og miljøvernet. Men dei fleste er like vel usamde i påstanden om at det er viktig å avgrense mengda av fritidsbustader i Noreg generelt.

Så dei som har fått del i det som nordmenn flest ser som det gode liv, er ikkje tilhengarar av å trekke stigen opp etter seg, når dei først er komne ovanpå og har fått sin del av det gode liv. Dei vil berre ikkje opne opp for at alle skal kunne ha to heilårs buplassar. Og det kan vel bli vel ressurskrevjande, sjølv i vårt land som er rikt på natur og boltreplass.

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Døde menns teorier

    Utdanning. Endelig har noen begynt å stille spørsmål ved Norges nye religion: høyere og høyere utdanning.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer