Mest delt
Døde menns teorier
Kjørte bil flere kilometer i skiløypa - satte seg fast
Eliteskole ønsker flere norske søkere
Ny norsk rekord i Wordfeud
-
I år er det 200 år sidan Ole Bull vart født. Her årets jubileumsfrimerke.FOTO: POSTEN
Ole Bull på Riksscenen
Ei riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans er i 200-årsjubileumet til Ole Bull si ånd.
AV: hallvard t. bjørgum
«Et diktet land». I desse dagar feirar me «Ole Fiolin» – Ole Bornemann Bull – «Norsk Normann fra Norge» sitt 200- års jubileum. Folketalaren Bjørnstjerne Bjørnson sitt 100-års minne likeså. «Norge er et diktet land», skreiv Tor Bomann-Larsen her i Aftenposten for litt sidan. Ja, politikk kan legge tilrette grunnlaget for ein kulturnasjon, men nasjonen må byggast på arbeid og praktisk utøving av kunst- og kulturuttrykk, kvar einaste dag.
Ole Bull var ein av dei første normenn etter 1814 som såg dette. Han var den på 1800-talet som oppdaga og til dels realiserte våre viktigaste diktarhøvdingar og komponistar, med Henrik Ibsen og Edvard Grieg i spissen. Bull er også på mange vis «Teaterets far» i Noreg, og han freista jamvel å etablere ein opera i USA! Med opprettinga av settlementet «Oleana» i staten Pennsylvania, står han også i ei heilt eiga klasse som «samfunnsbyggjar».
Norsk folkemusikk.
Det er sagt at han var på høgd med, og overgjekk på somme vis, Nicolo Paganini, og han samarbeidde også med pianofantomet Franz Liszt. Vidare prøvde han òg å etablere ei utdanning for musikarar med grunnlag i norsk folkemusikk. (Dette vart realisert av Sigbjørn Osa på 1970-talet som «Ole Bull Akademiet» på Voss.)
Som utøvar av europeisk klassisk musikk, kom hans drahjelp for norsk folkemusikk i ei særklasse. Ikkje minst med å ta inn Myllarguten (Torgeir Augundson) (1799-1872) i sitt prosjekt som nasjonen Noreg skulle byggast på.
Slottar for klaver.
Edvard Grieg representerte eit anna kapittel som nasjonalromantisk komponist, men utarbeidingane av slåttane etter Knut Dahle frå Tinn i Telemark, hadde han sjølv eit ambivalent forhold til. Som han skreiv til kollegaen Johan Halvorsen: «For meg står det som ei stor synd å omarbeide desse slåttane for klaver.» Og han held fram: «Likevel, eg kjem ikkje til å la det vere, det er for freistande.» Knut Dahle, som hadde lært slåttane av Myllarguten og Håvard Gibøen, var ottefull for framtida til hardingfelemusikken. Difor skreiv han til Grieg, som i sin tur fekk Johan Halvorsen til å transkribere dei for seg.
«Han såg det som sitt kall å fremje det norske ilag med sitt klassiske repertoar i det store utland»
Grieg og Halvorsen sin innsats kom ikkje til å få noko særleg å seie for den levande folkemusikktradisjonen i Telemark eller i Noreg elles. At Slåtter Op. 72, som verket heiter, vart kjent og påakta i utlandet, er ei anna sak.
Eit fullverdig kunstuttrykk.
Folkemusikken er utkrystalisert, mest som eit mineral, skal Grieg ha uttrykt ein gong. Mange komponistar har søkt inspirasjon i norsk folkemusikk. Men det breidde seg ei haldning som gjekk ut på at den genuine folkemusikken i beste fall var eit utgangspunkt for vidare bearbeiding. Av seinare komponistar som tok folkemusikken på alvor, kan nemnast Eivind Groven, Geirr Tveitt og Johan Kvandal. Ifølge sistnemnde var ikkje problemet at det norske folk hadde «dårleg forhold» til norsk folkemusikk. Men at det ikkje eksisterte «noko forhold i det heile»! I same artikkel medgjev han at ein slått kort og godt er «eit fullverdig kunstuttrykk».
Drahjelp.
Det har vore ein lang og vanskeleg veg å gå for felespelarane her i landet etter Ole Bull. I sin sjenerøsitet, sytte Bull for at Myllarguten tente pengar nok til å kjøpe ein heil gard heime i Telemark. Då var det snakk om drahjelp som monna!
Bull ville også hatt han med til utlandet, noko som kunna ha endra musikksoga for andre land sin del, om tilhøva hadde vore heldige. På den andre side sett, er jo nettopp hardingfela eit produkt av utanlandsk påverknad, utan at nokon veit plent korleis.
Riksscene.
Av grunnar som for mange av oss er openberre, er det då både naturleg, viktig og jamvel politisk korrekt, å utvikle arbeidet med Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans. Ei riksscene er i Ole Bull si ånd. Han var lokal og global samstundes. Sjølv om den spanske folkemusikken, som delvis er bygd på arabisk kultur, var hans favoritt, så såg han som sitt kall å fremje det norske ilag med sitt klassiske repertoar i det store utland. For fyrstar, fruer og frikarar. Han såg all folkemusikk som ein verdsarv, på line med materielle byggverk, målarkunst og litteratur.
Ein felles verdsarv.
Om me no ser over alle horisontar, i eit hundreårs perspektiv, så vil vårt bidrag til ein felles verdsarv vere eit mål i seg sjølv. Kommersialismen er eit like stort spøkelse for oss norske folkemusikarar, som for kollegaer i andre «marginaliserte folkegrupper» i verda. Ein gassar på Madagaskar, ein indianar i Canada, ein cubanar på Cuba. (Appropo Cuba: Ry Cooder vart ein slags Ole Bull for den kulturen gjennom sitt prosjekt Buena Vista Social Club.)
For i framtida å legge grunnlaget for dyrking av det norske, og samarbeid med det multi- og internasjonale, er Riksscenen eit utruleg viktig ankerfeste. At hovudstaden no endeleg har fått ein scene med tre salar og med optimal akustikk, er ein milepel i norsk musikksoge. (Jamfør Dansens Hus, Det Norske Teateret, Nationaltheatret, Litteraturhuset, Operaen osv.) Då må dette senteret hegnast om som eit instrument til å møte den kommersielle utfordringa i kvardagen, som me utøvarar heile tida må leve med.
Ei utskytingsrampe.
Riksscenen kan såleis verte ei utskytingsrampe for samproduksjonar så vel som reine norske opplegg, til nytte for hovudstaden og det multikulturelle miljøet der. Ikkje for å «frelse» andre for vårt «lokale» uttrykk, men gjennom kunnskap om vår eigen kultur å lettare forstå kodeksen i andres.
Det er med største otte ein i desse tider er vitne til at dette viktige tiltaket kan strande og i praksis verte sett ut av spel. Dagleg leiar har sagt opp stillinga etter lang tids frustrasjon, og skyene er mørke og trugande. Ei lysande von kverv. Det gamle mønsteret stig fram att. Det som plasserar folkekulturen tilbake på veslekrakk.
Om tilhøva derimot vert lagde best mogeleg tilrette, vil Riksscenen nå ned til grunnvatnet i eit internasjonalt kulturfellesskap. Det lokale og det globale. Vårt bidrag til verdsarven!
Siste fra seksjon
-
Boligmarked i ubalanse
Eiendom. Vi har et boligproblem i Norge. Derfor trenger vi en helhetlig boligpolitikk.
13 februar 2012 19:42

Kommentarer