Mest delt
iGenerasjonen
Mange førskolebarn har psykiske plager
Skilsmissebarnas skjulte sorg
Fremtidens Oslo
-
Den tyske erkebiskopen Robert Zollitsch var i audiens hos Pave Benedict i Vatikanet fredag 12. mars. Han informerte om overgrepssakene som nå ryster Tyskland.FOTO: OSSERVATORE ROMANO/AP
Går på trua laus
No er det den katolske kyrkja det gjeld. Om ikkje ho kan gjere bot, kven skulle vi då forvente det av?
AV: arnfinn haram
Forkasteleg. Den katolske kyrkja opplever no eit veritabelt jordskjelv gjennom overgrepsskandalane som blir rulla opp rundt heile jordkloden. Det som har kome fram i dagen, kan berre beskrivast som horribelt og forkasteleg. Det gjeld både overgriparane og dei som på ulike vis har dekt over eller mangla mot og handlekraft til å fjerne dei.
Når sant skal seiast, har svært mange hovud – også bispehovud – rulla, og enorme summar vore punga ut til erstatning. Det er hjarteskjerande, men naudsynt at oppgjeret kjem. For eigen del kan eg seie at det som her syner seg, er eit verkeleg skandalon, ein snublestein, noko som går på trua laus.
Sølibatet
Eg har korkje oversyn eller kunnskap nok til å vurdere årsakene til missbrukfenomenet. Det er heilt sikkert komplekst og mangfaldig. Mange tenkjer på prestesølibatet som ein hovudgrunn. Det spelar nok med, men er for enkelt som forklåring åleine. Sølibatet for vanlege prestar (prestar som ikkje er kloster- og ordensfolk) er ein lang tradisjon i Vesten, frå tidleg mellomalder.
Etterleving av Jesu liv
I si tid var det ein freistnad på å fristiille presteskapet frå verdslege institusjonar og omsyn. Nepotisme – at embetet gjekk i arv i ætta – truga både den rettslege, moralske og åndelege standarden som ein ynskte at prestane skulle stå for. Det å kunne vie seg heilt til kyrkja og tenesta, blei sett som ei etterleving av Jesus eige liv og teneste. Økonomisk seier det seg sjølv at det er lettare handterleg enn om ein skulle ta ansvar for ein familie. Ikkje minst i vårt samfunn, vil opphevinga av prestesølibaet koste dyrt, i kroner og øre.
Ikkje eit dogme
Det spørst likevel om ikkje det kostar dyrare i tapt livsevne og truverde slik det no kan sjå ut. Sølibatet for vanlege prestar er ein lang og hevdvunnen tradisjon og disiplin i den vestlege, latinske kyrkja, men ikkje eit dogme; presteembetet er ikkje per definisjon sølibatært. I dei ortodokse og orientalske kyrkjene, er kyrkjelydsprestane gifte; berre biskopane blir valde blant munkane. Også i vestkyrkja, i den katolske kyrkja, finst det gifte prestar – både konvertittar som har fått dispensasjon og innan dei såkalla unerte kyrkjene; kyrkjer med austleg ritus i liturgi, skikkar og kyrkjerett, men i full einskap med Roma.
Truskap i krise
Ei fristilling av prestesølibatet er truleg ikkje nok til å løyse dei seksualmoralske problema som no syner seg. Både pedofili og andre typar overgrep blir begått av menneske i alle slags samlivsformer og livssituasjonar. Det same gjeld den enorme marknaden for prostitusjon og pornografi. Seksuell og personleg truskap er i dag i krise også innan det tradisjonelle ekteskapet. Heller ikkje rekrutteringa til presteteneste vil, sannsynlegvis, betrast berre ved at ein tek bort sølibatskravet; også kyrkjesamfunn med gifte prestar, opplever stor kallskrise.
Større mangfald
Men: Å fjerne det obligatoriske sølibatet for dei ordinære prestane, vil kanskje opne opp for resursar og menneske som kyrkja i dag treng. Ikkje berre fordi mange som har familie, også kunne ha kall, evner og faglege kvalifikasjonar til pastoral teneste, men fordi dei ville tilføre kyrkja eit større mennskeleg mangfald og gje presteskapet ein breiare og meir balansert menneskeleg profil.
Sunnare klima
I tider då kyrkjeleg teneste hadde høg sosial status, rekrutterte ein nok folk som ikkje alltid hadde ein reint åndeleg motivasjon, men det gav eit betre tverssnitt av menneskelege resursar, personleg, psykisk og sosialt. I dag kan det vere lettare å gå inn i ei teneste som ein slags naudutveg og «cover up» dersom du ikkje meistrar andre livsformer godt nok. Kyrkja er tent med eit så breitt og ope utval av menneske som mogeleg. Det vil kunne skape eit sunnare klima.
Takling av seksualitet
Sølibatet er eigentleg ei monastisk livsform; det er livsforma til munkane og nonnene og dei ulike ordenssamfunna i alt sitt mangfald. Denne livsforma er sjølvsagt uoppgjeveleg for den katolske kyrkja, som for dei ortodokse og orientalske. Dess viktigare er det at ein arbeider med å gje det monastiske livet og ordenslivet så høg kvalitet som råd, med både realisme og idealisme og open og ærleg takling av seksualiteten, sølibatet og måten å leve det på.
Intern leiarkultur
Livsform og moral i presteskapet er éin ting. Ein annan og viktig faktor som overgrepssakene tydeleggjer, er den interne leiarkulturen og dei personalpolitiske prosedyrane i den katolske kyrkja. Her trengs det ei radikal endring. Kyrkja sitt eige lovverk (den kanoniske retten) har lover som regulerer det kyrkjelege livet både for lekfolket og presteskapet. Det finst domsinstansar og sanksjonar som skal tre i kraft når nokon har forbrote seg. Blir dette hevda som det skal? Og endå viktigare, i eit samfunn der tillit og open framferd er avgjerande: Kriminelle handlingar som også er i strid med den kristne etikken, må utan vidare takast hand om av lovleg politi- og rettsvesen.
Meldast til politiet
Kort sagt: Brotsmenn må få sparken og meldast til politiet. Uansett stand og stilling, også kyrkjeleg. Dette er truleg det som for offera tydlegast viser at ein tek tinga på alvor.
Det er til sjuande sist dei kyrkjelege styremaktene som må ta fatt i problema og som også må svare for kyrkja i det offentege rommet, noko eg sterkt oppmodar dei til å gjere. Det eg skriv her, er mine personlege synsmåtar, som katolsk prest og klosterbror. Fordi det på mange måtar er vårt kall å verke utetter i samfunnet, får vi ei offenteg røyst, som skribentar og kommentatorar både i media og elles. Eg skuldar difor å gje til kjenne også korleis eg ser på desse sakene. Eller også teie om alt anna.
Ein sjukdom
Det sterke seksualpresset i samfunnet gjer ikkje livet lettare for nokon. Overgrepskulturen er nok eit generelt samfunnsproblem – ja, ikkje berre eit problem, men ein sjukdom. Men no er det den katolske kyrkja det gjeld. Om ikkje ho kan gjere bot, kven skulle vi då forvente det av? Det kan ikkje utsetjast lenger.
Siste fra seksjon
-
Lengselen etter det vidunderlige
Axel Jensen. Ålefjær-trollmannen er aktuell så lenge det stadig er noe råttent i galaksen.
10 februar 2012 19:37

Kommentarer