• FOTO: Indrelid Trygve

Dei vert kasteballar

Å vera ungdom kan vera vanskeleg. Å vera ungdom med psykiske problem er endå vanskelegare.

Mange. Dette er ein tekst til dei ungdommane som føler seg som kasteballar. Som har sete på kontora åt helserådgjevarar, psykologar og legar. Prøvd å fortelje kva det triste og vanskelege kjem frå.

Eg var ein av desse kasteballane. Eg sat på kontora og kikka gjennom glasa. Eg gret utanfor klasseromma, hamstra smertestillande og hadde ikkje lyst til å leve lenger. Eg var ein av ungdommane med psykiske problem.

Å diskutere ungdom og psykisk helse er viktig. Ordskifta kring psykisk helse handlar ofte om den tunge psykiatrien. Det handlar om tvang og korridorar på sjukehus, ikkje om tårer og korridorar på ungdomsskulen. Trass festtalar og opptrappingsplanar, er det framleis vanskeleg å prate og psykiske problem.

Spørsmåla er mange. Kvifor får så mange ungdommar psykiske problem? Korleis skal vi takle det? Kva med framtida og samfunnsøkonomien? Korleis er rolla til skuleverket og helsetenesta? Kva skal vi gjere slik at ungdommane ikkje vert kasteballar, men får betre dagar?

Redde

Det handlar fyrst om korleis vi ser på ungdom psykiske problem. For eksempel slik Ingvild H. Rishøi skildrar det i novella Det regner inn, som opnar med: Den første gangen Lila prøvde å dø var i sjuende klasse. –De er redde for meg sa Lila. –Hvorfor det? Sa jeg. –Fordi jeg er bare fjorten, sa Lila.

Eg trur det er slik, at folk er redde for ungdom med psykiske problem. Om dei er familie, vener, kjenningar, elever eller klientar. Ungdom skal jo ikkje ha det slik, dei er framtida og har dei blanke arka.

Årsakene til at ungdom får psykiske problem er mange og samansette. Det kan handle om mobbing, vanskeleg skulekvardag eller mangel på stabilitet. Men psykiske problem kan råke alle, og det er vanskeleg å vera ung – ein skal jo vera både flink, pen og populær.

Eg hadde ingen god forklaring på kvifor eg var så trist. Eg hadde foreldre som stilte opp, vener og verv. Når ein er på botnen, då kjenner ein seg jo ikkje psykisk sjuk – ein tenkjer det berre er slik.

Samansett gruppe

Ifylgje Mental helse ungdom slit 15-20 prosent av barn og unge i Noreg med ein eller annan form for psykiske problem, som går utover skulekvardagen.

Det er mange, og dei er ei samansett gruppe. Nokre har lette psykiske problem, andre har større ufordringar og psykiske lidingar. Det er eit spenn frå helserådgjevar til innlegging. Ungdomstida er flyktig med mange fase og overgongar. Eg trur for eksempel det er mellom ungdomsskule og vidaregåande, at ungdom kan verte kasteballar.

- Kanskje hadde eg ikkje hatt det slik eg har det i dag, om nokon hadde fanga meg opp i ungdomstida. Det sa ei kvinne som hadde hatt psykiske problem lenge, og stod utanfor arbeidslivet. 1336150 dagsverk var sjukefråveret med bakgrunn i psykiske problem i fyrste kvartal i år. Om lag ein tredjedel av dei uføre her i landet, er det som resultat av psykiske problem. Dette viser NAVs eigne tal. Det er mange diagnose og historier.

Vorte sett

Det er viktig å ikkje trekkje raske slutningar, men kanskje hadde mange av desse hatt betre føresetnader, om dei hadde vorte sett som unge, dersom problema byrja då. Å fokusere på ungdom og psykisk helse, kan altså vera særs viktig i samfunnsøkonomisk samanheng.

Dagane i ungdomstida er på skulen, med gymbaggar, uoppnåelege forelskingar, fag og friminutt. Skulen er ein viktig arena for arbeidet med ungdom og psykisk helse. Det er i klasserommet ein lyt prate om psykiske problem. Det er frå helserådgjevarar som lyt sende ungdommane vidare. Det er i skulen lærarane må tørre.

Skuleverket har fokus på psykisk helse. Psykisk uhelse er det som stenger for adekvat læring, trivsel og utvikling, skriv Utdanningsdirektoratet om psykisk helse. Med eigen erfaring frå skulen, gjorde dei fleste lærarane det dei kunne for å ta vare på det psykososiale miljøet slik det står opplæringslova kapittel 9a.

Men ikkje alle. Eg trur det finst lærarar på fleire skular, som ikkje dreg dei stillaste fram frå krokane og som ikkje ser dei mest bråkute. Som ikkje meldar vidare, og ikkje stiller dei vanskelege spørsmåla.

Seie ifrå

Det beste rådet til ungdom med psykiske problem er å seie ifrå til lærarane. Eg fortalde. Fyrst til ein kontaktlærar, så til ein lærar til og ein til. Ingen vart dumsnille, korkje med prøver eller fråversdagar. Men byrda vert lettare, og kanskje skjøner dei kvifor ein sit bøygd i gangen utanfor klasserommet. Eg vart take på alvor, og dytta vidare.

I 2006 kom SINTEF med ein forskningsrapport om lågterskeltilbodet retta mot barn, unge og familiar i 96 kommune. Der står det mellom anna at flere kommuner sier at lavterskeltilbudene er viktige for å gi et tilbud til barn, ungdom og foreldre som vanligvis ville falt utenom andre tilbud.

Eg trur lågterskeltilbod er den viktigaste faktoren for at ungdommar ikkje skal verte kasteballar. Mange treng berre ein tekopp og nokre å prate med. Om usikkerheita, tankane og dagane etter klasseromma. Ungdom lyt ha desse personane – helsesystrer og rådgjevarar. Likevel er det vanskeleg å måle effekt frå lågterskeltilbod, fordi ein skal måle problem og lidingar som ikkje utviklar seg.

Helsedirektoratet anbefaler ei helsesysterdekning med 800 elevar per helsesyster i skulehelsetenesta, ofte vert det endå fleire elevar per stilling. Dette er lite til å dekke alle arbeidsoppgåver. Likevel trur eg ikkje dette handlar fyrst og fremst om meir ressursar.

Ikkje sjukleggjera

Noko av det viktigaste rundt det med ungdom og psykiske problem, er alle som ikkje har det. Ein skal ikkje sjukeleggjera folk – tårer, kjærleiksorg over alle ein er uoppnåeleg forelska i og evige kranglar med familien, det er ein del av tilværet.

Sjølv om eg aldri fekk nokon diagnose og følte meg som ein kasteball, så fekk eg hjelp. Kanskje var det vaksenpersonane som såg meg. Kanskje var det gleda over musikken, sushi eller blåklokke. Dagane er lysare. Eg vil ikkje døy kvar gong eg får negative attendemeldingar, mistar noko eller feilar.

Eg har ikkje fagbakgrunn eller mange forslag til løysingar. Men eg kjenner kjensla av å vera ung med psykiske problem.

Det handlar om fokus på kommunikasjon, ansvarleg gjering og openheit. Det handlar om ungdommane som har vorte kasteballar. Vi lyt samtale på mange arenaer. For psykiske problem er ein del av livet og av samfunnet.

Kommentarer

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

  • Biologiske foreldre uten betydning?

    Går det an å mene at ekteskapet er for mann og kvinne og at barn har rett til sine egne foreldre - uten å bli stemplet som homofob, middelaldersk og intolerant mørkemann?

Flere bilder

Kanskje skjøner dei kvifor ein sit bøygd i gangen utanfor klasserommet. Eg vart take på alvor, og dytta vidare, skriv Marit Lajord.

Mest lest meninger

- Jeg vil heller dø enn å komme på sykehjem

Mor fikk sitt ønske oppfylt.

«Du er en kvinnelig flodhest på størrelse med en traktor»

Fedme er mangel på kontroll, og det kritiske lyset på kvinnen er mye sterkere enn på mannen, skriver Hege Gade, Phd-stipendiat i psykologi.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester