Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Sikkerheten for norske soldater i Afghanistan

Korleis kan internasjonale soldatar best skaffe tryggleik for dei sivile i landet, samstundes som dei tek minst mogeleg risiko i forhold til eige liv og helse? Spørsmålet tvingar seg fram etter at ein norsk soldat i den internasjonale tryggingsstyrken nyleg vart drepen i Kabul, skriv Arne Strand, Chr. Michelsens Institutt, og Kristian Berg Harpviken, Institutt for fredsforskning.

OPPDRAGETfor den internasjonale tryggingsstyrken i Afghanistan - ISAF - er eit trugsmål mot mange av dei politiske og kriminelle aktørane i landet, samstundes som det vert stilt i fare gjennom vedvarande og brutal internasjonal krigføring. ISAF har vist seg svært viktig for å skape eit trygt rom for politiske prosessar, og må halda fram å arbeide på ein slik måte at det gagnar lokalbefolkninga.ISAF har fått eit vanskeleg oppdrag i Afghanistan. Den fredsavtalen som vart inngått i Bonn i 2001 delte makt mellom afghanske grupper som hadde støtta det internasjonale samfunnet i kampen mot Taliban og Al-Qaida. Avtalen ekskluderte taparane og tok i liten grad opp vanskelege tema, som til dømes avvæpning. Å sikre ein fred som ligg open for kontinuerleg forhandling, og med sterke internasjonale føringar på rask framdrift og synleg oppnådde mål, er ei stor utfordring. Det aukar problemet at den afghanske regjeringa er svak og etnisk ubalansert, at fleire provinsguvernørar har eigne uavhengige hærar, og at kommandantar framleis mottek militær støtte frå USA.DEN VIKTIGASTErisikoen for tryggleik er at ein krig mot terror framleis vert ført parallelt med det fredstryggande oppdraget. "Operation Enduring Freedom" ("Operasjon varig fridom"), som oppdraget i krigen mot terror er kalla, inkluderer 15 000 internasjonale soldatar og eit ukjent tal afghansk milits. Desse opererer uavhengig av både den afghanske regjeringa og den internasjonale tryggingsstyrken, og dette gjer det vanskeleg å skilje mellom forskjellige militære einingar. Dei som legg seg til for å angripe ein militær kolonne i nattemørket ser ikkje om det er "krigs"-soldatar eller "freds"-soldatar, eller kva nasjon dei er frå. Framferda til dei USA-leia troppane og dei lokale afghanske militsane deira skaper sterk motstand og inviterer til motangrep. Dette problemet kan fort auke no når fokuset vert retta mot dei menneskerettsovergrepa som har skjedd overfor fangar i Afghanistan. At enkelte naboland - som Iran - og grupper basert der ser med uro på auka påverknad frå USA i regionen, kan sikre økonomisk og militær støtte til dei som vil ta opp den militære motstanden.Trugsmålet frå Taliban og Al-Qaida er mest omtala, og deira militære opposisjon til Kabul-regjeringa og styrkane i krigen mot terror er reell. Deler av Sørvest-Afghanistan er de facto under talibansk kontroll. I andre deler av det sørlege Afghanistan vert åtak retta mot offentlege tenestemenn, mot den afghanske hæren og mot frivillige organisasjonar. Det er likevel usikkert kor mange som er med i desse angrepa og kor stor lokal støtte dei har. Taliban er ikkje ei samla gruppe lenger, og vert ikkje akseptert som representantar for breiare lag av pashtunarane, den største folkegruppa i dette området, og skulle slik sett ikkje vera ein viktig politisk aktør. Men så lenge dei klarar å mobilisere lokal motstand mot Kabul-regjeringa, så fyller dei ei politisk rolle.I mange tilfelle vert "terroristane" tillagt ansvar for åtak utført av andre, og for den bandittverksemda som forskjellige kommandantar og smugling- og narkotikanettverk står bak. Desse truslane vil ikkje forsvinna om Taliban vert nedkjempa. Det vil ressurssterke internasjonale nettverk syta for. At "Operasjon varig fridom" - styrkane i krigen mot terror - til no ikkje har ønskja å gå inn i ei avgrensing av narkotikaproblemet, har forsterka dette problemet. AFGHANISTAN STÅR NO OVERFORei rekkje utfordringar i fredsprosessen som kan ytterlegare forsterke tryggingsrisikoen. Landet skal etter planen gjennomføre val til hausten. Taliban truar med å hindre det, og mange som held maktposisjonar innanfor og utanfor den noverande afghanske regjeringa har mykje å tape på eit ope val. Den internasjonale styrken vert er sett på som ein viktig garantist for gjennomføring av valet, og utplassering av mindre, regionale gjenoppbyggingsgrupper skal gje ein viss grad av tryggleik utover i landet. Dette set lokale krigsherrar og sjølvproklamerte guvernørar lite pris på, fordi dei fryktar å miste militær makt og dermed politisk makt. Vanlege afghanarar derimot, i alle fall i nord og i Kabul, ser på eit slikt nærvære som ei trygging mot dei same kommandantane.Krigsherrane og leiande folk innan det afghanske forsvarsdepartementet er difor også skeptiske til den planlagde avvæpninga av 40 000 tidlegare soldatar og mujahedin og innsamling av tunge våpen. Ein lite gjennomtenkt og dårleg gjennomført avvæpningsprosess har også klart å skape motstand mellom vanlege soldatar, der mange er usikre på om dei har noko å tene på å gje opp våpna sine. Kommandantar som ikkje ønskjer å miste troppane sine fyrer sjølvsagt opp under denne uroa, og misnøya vender seg dermed mot FN som administrerer prosessen, og mot den internasjonale tryggingsstyrken ISAF som kan yta militære musklar til gjennomføringa. Hovudproblemet for ISAF-styrken er at den ikkje vert klart nok skild, verken frå krigsteateret, frå dei samarbeidspartnarane "Operasjon varig fridom" har valt seg i sin krig mot terror, eller frå verkemidla desse nyttar. Dette kjem på toppen av den uroa som den uavklarte fredsprosessen skaper og som må taklast på eit politisk nivå. Samanblanding av ansvarsområde for dei mykje omtala regionale gjenoppbyggingsgruppene symboliserer dette problemet, der styrkane i krigen mot terror under "Operasjon varig fridom" og den internasjonale tryggingsstyrken ISAF opererer med forskjellige modellar. Heile konseptet med gjenoppbyggingsgrupper er vanskeleg å få grep på.Fleirtalet av dei er under kontroll av "Operasjon varig fridom" og er aktive deltakarar i krigen mot terror, medan dei fredstryggande kontingentane frå den internasjonale styrken primært er under NATO-kontroll, med eit svært avgrensa mandat. At den gjenoppbyggingsgruppa som Noreg skal avgje styrkar til i Maimana i Nord-Afghanistan, skal leggjast under "Operasjon varig fridom", og ikkje under kontroll av NATO, kan i seg sjølv skape ein risiko for dei norske soldatane.SAMSTUNDES ER DET VIKTIGå sjå på kva fordelar ISAF-styrken og den norske kontingenten stiller med. Trass i at mange afghanarar nok ikkje skil mellom "krigs"- og "freds"-soldatar, tyder alt på at ISAF har støtte i lokalbefolkninga der dei har fått etablert seg. Den vanlege afghanar framhevar at styrkane faktisk har sikra ein viss grad av ro og tryggleik i Kabul i løpet av dei to siste åra, og dei ser på dei som garantistar for den vidare politiske prosessen og iverksetjing av større utviklingsprosjekt. Men skal denne støtten vare, er to ting spesielt viktig. For det første er det maktpåliggjande å få formidla at ISAF, i motsetjing til anti- terror- styrkane i "Operasjon varig fred", har som mandat å betre tryggleiken til afghanarane - og ikkje primært vera del av den internasjonale kampen mot terror. For det andre må dei jobbe på ein måte som skil dei frå dei aktivt krigførande styrkane og som er med på å byggja opp tilliten. Ei tilbaketrekt rolle, tungt væpna på toppen av ein stridsvogn eller tungt armert personellkjøretøy, vil ikkje kunna virke godt nok. Soldatane må ut på gatene og inn i landsbyane, dei må ta på smilet og utveksle helsingar og drikke te med sivilbefolkninga, skal dei klare å skape den nødvendige tilliten. Det er heldigvis den strategien dei norske soldatane har valt. Men samanblanding av humanitære og militære oppdrag, som spesielt gjenoppbyggingsgruppene leia av "Operasjon varig fridom" nyttar for å hente inn informasjon, må ein for einkvar pris unngå.ISAF må difor konsentrere seg om det militære styrkar er best egna til, og som alle afghanarar er opptekne av, nemleg å auke tryggleiken. Ei avslutting av den noverande krigsstrategien til "Operasjon varig fridom" ville her vore til stor nytte. Men samstundes må ISAF utføre oppdraget sitt på ein måte som vekker tillit hjå dei vanlege afghanarane, og som dermed også aukar tryggleiken for dei norske soldatane.

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Døde menns teorier

    Utdanning. Endelig har noen begynt å stille spørsmål ved Norges nye religion: høyere og høyere utdanning.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer