Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Når uhjelp er til meir skade enn gagn

Mykje av uhjelpa har ei skuggeside, når den er innretta mot urealistiske prosjekt, samstundes som store pengar med feil siktemål i eit fattig land skaper grobotn for korrupsjon, skriv Trygve Refsdal, og viser til døme frå sine eigne røynsler. Han er forstkandidat med lang fartstid fra uhjelp, og er no dagleg leiar for Skjervheimseminaret på Voss.

A PPELLERER TIL VÅRE KJENSLER.Begrepet "det internasjonale samfunnet" er ofte i bruk, men vert sjeldan definert eller konkretisert. Det vert nesten aldri sett på med eit kritisk blikk. Det er eit begrep som appellerer til våre kjensler, og som opnar mange dører og pengesekkar.Mange legg universelle verdiar i orda. Her er vakre, men ofte uklåre tankar: Om lov og orden der det er kaos, om hjelp der det er naud: Om respekt for menneskerettar der det er undertrykking. Ei mild hand som representerer det gode, eller eit "godhetsregime" som professor Terje Tvedt kallar det.Bak ligg vår tru på at det finst enkle overnasjonale løysingar på kompliserte lokale problem, og på at våre pengar løyser problem i fattige samfunn. Med dette ovanfråperspektivet, og med vårt trygge fundament av paternalisme, kan vi drøyma oss bort frå realitetar og inn i stadig vakrare retorikk. Eller som ein svensk sosiolog sa, med bitter ironi, etter 30 års arbeid internasjonalt: "Vi måste lyfta upp problemen, så att dom försvinner!"Vår tru på harmoni vert i dag uroa av kvardagens realitetar - som i Kosovo - og av stadig klårare indikasjonar på at store internasjonale organisasjonar har bidratt til korrupsjon - til eksempel i Russland, Zaire og Mosambik.Eg trur at bak dette ligg mykje inkompetanse. Når våre brannkorps har hastverk, og manglar lokal innsikt og realitetssans, får vi misbruk av ressursar. Eg vil gje nokre eksempel på dette, frå Zimbabwe, Sri Lanka og Nepal.U REALISTISK, FOR AMBISIØST. Mitt første (og siste) oppdrag i Zimbabwe var i mai 1990. Som konsulent for Norad var eg leiar for ei vurdering av norsk støtte til eit bistandsprosjekt. Sett frå Oslo såg det enkelt ut. Prosjektet var planlagt av Verdensbanken, med god orden på alle rutinar. Her var tatt omsyn til miljø, kvinner, jorderosjon, skogplanting og dei fattige - retorikken var på plass. Etter to veker i landet kom tvilen, og vi sa nei til det meste.Prosjektet var urealistisk, for ambisiøst, meinte vi. Pengebruken hadde i første fase vore på 7,3 millionar dollar, og den var føreslått auka til 64,1 millionar - ein auke på 870 %! Dettei eit land som alt i 1990 hadde tydelege teikn på sosial, økonomisk og fagleg erosjon, med korrupsjon og maktmisbruk av president Mugabe og hans folk. I prosjektområdet såg eg arealkonflikter. Her var inflatert arealstatistikk, eit sikkert teikn på forfall og juks.Totaliteten vart feil, sjølv om her framleis fanst dyktige fagfolk og bra detaljar i planane. Her var - kort sagt - altfor svak lokal kapasitet til å gjennomføra ein veldig ekspansjon. Ingen i Verdensbanken syntest å ha hatt eit overordna ansvar for ein kritisk analyse av dette heilt sentrale spørsmålet. Like vel hadde fleire tunge bistandsorganisasjonar gått inn med si støtte, og i landforhandlingar var det indikert norsk støtte på 20 millionar kroner over 5 år. Etter mi kritiske haldning vart eg upopulær i Harare, sjølvsagt, men fagkontoret til Norad i Oslo gav støtte til min rapport.Prosjektet er typisk. Eit ynskje om å gjera "det store spranget" - i ein "krisesituasjon". Men utan ei kritisk vurdering av lokal kapasitet for å gjera eit slikt løft, og utan ein klår analyse av dei grå nyansane i "krisa". Dette såg eg også i Sri Lanka, hausten 1990. Mitt oppdrag i landet var ei evaluering, og i mitt team var Dayananda Kaarayawasam, ein dyktig mann frå skogdepartementet. Vi oppdaga raskt at vi kunne snakka ope og kritisk, ikkje berre om vårt vesle prosjekt, men også om den generelle utviklinga på skogsektoren i landet.Dayananda var frustrert over planlegginga på det nasjonale planet. Eit kjent konsulentfirma hadde arbeidt her i fleire år og lagt fram ein ambisiøs "meisterplan for skogbruket". Det var, i volum, ein imponerande plan. Fire års arbeid, ein haug med rapportar, til ein kostnad av millionar dollar. Eg kjende att struktur og analysar frå tilsvarande studiar i andre land; konsulentane hadde nok hatt med seg desse i sine bærbare PC-ar.Hovudvekta var, også her, lagt på ei krise. Framskriving av forbruk og tilgang viste stigande mangel på ved til hushaldsenergi over tid. Ein enkel kalkyle gav ein plan der nye plantasjar på 1,18 million dekar måtte opprettast fram til år 2000. Dette utgjorde 1,8 prosent av totalarealet, i eit tettfolka land med enormt press på landareala!Dayananda såg på planane med uro - men var overvelda av flaumen av data og rapportar. Då vi seint første kvelden sjekka sentrale grunndata, fann vi store manglar: Eksisterande plantasjar av kokuspalmar og gummitre, viktige kjelder til brensel - i alt 6,21 million dekar - var ikkje med i datagrunnlaget! Årsaka til bortfallet var banal: I statistikken låg desse tala ikkje under skogdepartementet, men under eit anna departement. Det såg ut til at vi her hadde med ei imaginær krise å gjera.E IT TVILSAMT TILTAK.Det var for seint å gjera noko og å slå alarm. Prosjektet var fullfinansiert, med i alt 67,5 millionar dollar - enormt mykje pengar i eit fattig land som Sri Lanka. Store internasjonale organisasjonar hadde gått inn, tilsynelatande utan noko form for kvalitetskontroll: det britiske u-hjelpsdirektoratet, Verdensbanken, Den asiatiske utviklingsbanken, finske u- hjelp og FNs utviklingsprogram.Eit slikt tvilsamt tiltak, med mykje pengar og med store latente konflikter, gjev lett erosjon av arbeidsmoral og mindre respekt for verdiar. Det overfører makt frå eksisterande og ofte ærlege strukturar og til smarte folk som går etter raske gevinstar. I ein fattig økonomi set det i gang prosessar som lett fører til korrupsjon.Nokre år seinare var Nepal arena for ein liknande planleggingsrunde. Eg vart, tilfeldigvis, invitert til eit kort besøk på prosjektet. Same massemobilisering av dataskjermar, statistikk, prognoser, rapportar. I ei krå sat nokre tilsidesette, framandgjorde, små nepalesarar. Ein svær skandinav framførde ein monolog for oss om "berekraftig utvikling". Ingenting i planane tydde på berekraft: I ein svak sektor føreslo hans gruppe å ti-dobla innsatsen. Heller ikkje her var ei kritisk vurdering av lokal kapasitet for gjennomføring - i eit land med marginalisering av fattige bønder, konflikter om landareal, intriger og eit autokratisk regime. Eg freista å stilla nokre sentrale spørsmål, men vi snakka forbi kvarandre. Etter det surrealistiske møtet var det godt å koma ut i frisk luft.Desse eksempla viser nokre uheldige skuggesider og fallgruver innan internasjonalt arbeid. Dei viser at ei einsidig volumorientering for å skapa utvikling, der "vi" er entreprenørar og "dei" får hjelp, ofte har ei bakside.Eit hovudproblem i dagens innsats er vår mobilitet; når vi fer frå land til land får vi sjeldan kritiske tilbakemeldingar. Vi møter kortvarig begeistring i startfasen - men er langt borte når kvardagen og ettertanken melder seg. Ofte reiser vi på overflata; frå storby til storby, frå hotell til hotell, frå møte til møte, der ny retorikk vert dyrka og der karrièrar vert bygde. Vi ser dette ikkje berre i bistandarbeid, men også i fredsprosessar - gjerne sukra med pengestøtte, og i militære operasjonar.K RITISKE RØYSTER.Viktig er også dobbelttalen og opportunismen, som vi finn i møtet mellom rik og fattig. Representantar frå fattige land fortel oss gjerne akkurat det vi likar å høyra, når vi har nøkkelen til prosjekt, pengar, karrière og internasjonal kontakt.Difor trur eg det er spesielt viktig å lytta til kritiske røyster frå våre motpartar. Dei er sjeldne, men dei finst. Det er også viktig å lytta til folk med felterfaring - som har hatt direkte og langvarig kontakt med vanlege folk, også på landsbygda og mellom dei fattige.På den andre sida: Eg lyttar med skepsis, stor skepsis, til tenestemenn, rådgjevarar og politikarar som er sterkt opptatt av å gjera ein internasjonal karrière, og som krydrar sin tale med universelle honnørord. Det trengs meir realisme og betydeleg større grad av konkretisering i vår debatt om internasjonale spørsmål.Eg trur at kvalitet i vårt arbeid er svært mykje viktigare enn volum og auka budsjett. Der ein viss innsats, bygt på kvalitet, langsiktigheit og lokal forankring, er nyttig og kan setja i gang positive og sjølvgåande prosessar, kan ein overdose av brannkorpsinnsats frå det internasjonale samfunnet vera skadeleg og setja i gang destruktive prosessar.M AKTTILHØVA ENDRA.Dette ser vi i Kosovo, kanskje også i Irak og i Afghanistan. Krig, flyktningestraumar og samtidig tilstrøyming av folk og pengar frå heile verda skapar turbulens og uro. I den Klondyke-økonomien som veks fram, under krigen og kanskje aller mest under gjenoppbygginga, vert makttilhøva endra. Tradisjonelle strukturar vert brotne ned, dei eldre får mindre makt, yngre menn får meir makt, ofte med våpen i hand. Raske økonomiske gevinstar styrkjer posisjonen til kriminelle grupper. Vi får då eit dilemma: Her er behov for endå meir innsats for å sikra lov og orden, medan ei endå større (og ofte ei kaotisk) tilstrøyming frå "det internasjonale samfunnet" - med sine pengar - kan auka næringsgrunnlaget for mafiøse grupper.

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Døde menns teorier

    Utdanning. Endelig har noen begynt å stille spørsmål ved Norges nye religion: høyere og høyere utdanning.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer