Mest delt
Ærverdig hotell stengt på dagen
Mange førskolebarn har psykiske plager
iGenerasjonen
Fremtidens Oslo
-
Eg tek meg ofte tid til å snakke med nynorskhatarane, og eg vert sjokkert over haldningar som er bygd på ville faktafeil og korleis hatet er kanalisert, skriver Vegard (19)FOTO: CARL MARTIN NORDBY
Sidemålsundervisninga avlar nynorskhat
Dei fleste har null problem med å lese nynorsk, dei vert berre frustrerte over å pugge reglar og ord dei sjeldan vil bruke.
Alle elevar i Noreg har eit hovudmål og eit sidemål. Nokre har av ulike grunnar fritak frå vurdering i sidemålet, men dei skal framleis ta del i undervisninga. Slik er det fordi nynorsk og bokmål er jamstilte og fordi båe språk er ein del av norsk historie og er levande og utbreidde i Noreg i dag. Korfor merkar då eg som nynorsking at sidemålsordninga, som er til for å skape forståing, avlar nynorskhat? For mange er det vanskeleg å ha nynorsk som sidemål. Det kan være fordi opplæringa er elendig, fordi dei møter lite nynorsk i kvardagen (på grunn av aktiv utestenging av nynorsk) eller fordi det kan vere vanskeleg å lære skilnadene på nynorsk og bokmål sidan språka ligg så nære kvarandre. Men at så mange går ut av skulen og hatar nynorsk, vitnar om ei form for svikt i systemet.
Eg bur i Oslo og møter nynorskhatet ofte. På skulen, på Facebook, på bloggar, på nettforum, over alt. Eg tek meg ofte tid til å snakke med nynorskhatarane, og eg vert sjokkert over haldningar som er bygd på ville faktafeil og korleis hatet er kanalisert. Kunnskapen om korfor vi har nynorsk, kva nynorsk er og korleis språket er bygd opp, er ofte fråverande, og sjeldan god. Likevel seier få at dei vil nekte meg å skrive nynorsk. Dei fleste har null problem med å lese nynorsk, dei vert berre frustrerte over å pugge reglar og ord dei sjeldan vil bruke. Gjennom sidemålsundervisninga har dei fått eit nynorskhat, og det vil kunne vekkjast kvar gong dei les nynorsk seinare i livet.
Dette går kraftig utover meg og andre nynorskfolk, og eg kjenner meg svikta av det norske skuleverket som let dette skje. Å fjerne ordninga eller gjere ho valfri, er neppe løysinga. Eg ønskjer meg ei obligatorisk sidemålsopplæring med meir vekt på lesing og forståing enn terping av reglar og grammatikk. Så lenge alle i Noreg kan lese og forstå kva eg skriv, er eg nøgd, men dei som vil eller treng å lære å skrive på sidemålet, må sjølvsagt kunne lære dette utan vanskar, til dømes som eit eige fag, «sidemålsfordjuping», på vidaregåande. Eg trur sidemålsordninga har godt av ei endring, for noko er gale når så mange elevar går ut av skulen og hatar eit norsk språk som er bruka av over 700000 nordmenn.
Siste fra seksjon
-
Straffes av samfunnet
Det er noe galt her i verden når man ikke kan være åpen og ærlig om hvem man er. Jeg forstår ikke at det skal være galt å være psykisk syk, og fortelle andre om det.
10 februar 2012 09:34
Skriv til Si;D
Send SMS eller MMS til 1905 med kodeord AFSID
Send mail til sid@aftenposten.no
Du kan også bruke skjemaet under
Skriv kort!
Maks lengde hovedinnlegg: 2200 tegn
Maks lengde andre innlegg: 800 tegn
Maks lengde sms/korte: 350 tegn
Vi forbeholder oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
Du må fylle ut all informasjon i skjemaet.

Mest kommentert siste døgn