Sjølv held Warholm-mora styr på det meste av logistikken rundt sonen, ikkje minst kontakt med alle som vil ha eit bit av verdsstjerna i friidrett.
– Eg føler meg privilegert som får halde på som manager for Karsten samt vere på arbeidsplassen min i Ulstein Design & Solutions, seier Kristine Haddal. Ho kan bekrefte at trykket rundt 22-åringen har akselerert i takt med prestasjonane. Hekkeløparen vart verdsmeister i fjor, då Kristine og resten av familien (mann og to døtrer) var ringside i London.