etterpå gjorde det vondt overalt

i vimplar og vifter, i flygel og fotballmål

i kunst og kyrkjer, i eiketre og glasdører

i stettglas og gardiner, i brusteinen og

i mannen som måtte vaske han

Ruth Lillegraven (37).Forfatter og dikter.Tilknytning til Paris: Har besøkt byen to ganger. Begge ganger i november.
Audun Braastad

overalt gjorde det vondt

og i heile den stille byen og i byar langt borte

låg foreldre og vaka over sine sovande barn

barn dei visste dei aldri ville kunne verne

ikkje i oslo, ikkje i paris, slett ikkje i syria

og det var ikkje til å halde ut

lenge var ikkje noko til å halde ut

men ein dag --- då song ein sporv, då kurra ei due

då lausna eit lauv, då fall ein drope

då kom susinga og summinga

latteren og gråten

og så kom den første snøen

Les neste historie i serien, Nazneen Khan-Østrem:

  • Eller trykk på bildene under: