Eliten totalødelegger Are Kalvøs dag
Eg har hatt ein forferdelig dag.
- Are KalvøForfatter og humorist
Det begynte med at eg stod opp og registrerte at det regna. Igjen. Fjerde dag på rad med tungt regn. Når skal dette regnet slutte å plage oss, mumla eg for meg sjølv. Kva har eg gjort for å fortene dette?
Eg skulle sjekke noko på telefonen. Men telefonen hadde sjølvsagt begynt å oppdatere seg sjølv i løpet av natta. Fordi apple-eliten har fått det for seg at alt må oppdaterast absolutt heile tida. Ikkje noko skal få vere som det er for lenge, for då risikerer ein at vanlige folk klarer å henge med. Og det skulle tatt seg ut.
Les hele saken med abonnement