A-magasinet

Erna Solberg har gitt den største gåva

Jula handlar om å gi. Det er derfor vi har så mykje å takke Erna Solberg for i år. Ho har gitt oss kanskje den største gåva eit menneske kan gi.

  • Are Kalvø
    Are Kalvø
    Forfatter og humorist

Førjulstida er ofte ei mørk og tung tid for oss som skriv i avisa om norsk politikk. Det er julebord på jobben, der vi snakkar om oss sjølve. Det er artig nok, viss det ikkje var for alle dei andre som også snakka om seg sjølve. Det er oppsummeringspressekonferansar med partileiarar som seier at dei har vore flinke det siste året. Serveringa der er ofte heilt middels. Vi skriv våre eigne oppsummeringar der vi påpeiker at også dette året har politikarar tabba seg ut, og også dette året var det vi som avslørte det. Å skryte av seg sjølv gir jo ein viss glede, sjølvsagt, men til og med det blir ein vane når ein har skrytt i mange nok år. Det er lite som gir oss ekte glede i førjulstida.

I tillegg blir det ofte forventa at vi skal delta i juleførebuingane, som om vi var vanlige menneske. Det er ikkje lett. Ofte tek vi det ut på familien. Trea blir dårlig pynta. Maten blir kald. Slekta får umotiverte gåver. Ein gong gav eg ein sekstifire år gammal onkel ei barnebok med dyrelydar. Eg gav blanke.

Les hele saken med abonnement