Dei seier at det er viktig å snakke om ting. Men av og til kan det verkelig vere greitt å ikkje snakke også. Det er fullt mulig å snakke for mykje om ting. Altfor mykje.

  • Are Kalvø
    Are Kalvø
    Forfatter og humorist

Eg liker Skam, for eksempel. TV-serien, altså. Ikkje konseptet. Og eg har registrert at det finst andre i førtiåra som også liker denne serien. Og det er fint. Men det er ikkje nødvendig å snakke om det. Heile tida.

Det går an å sjå denne TV-serien og ikkje for eksempel skrive kronikkar om forholdet mellom William og Noora. Det går an å berre sjå på denne serien og ikkje for eksempel drøfte kroppspress, psykopati, angsten til ungdommen, prestasjonspress, feminisme eller kva sosiale medier eigentlig gjer med oss. Det går an å sjå denne serien utan å skrive artige artiklar om hooking for å forklare andre fenomen i samfunnet. Det går i det heile tatt an å la vere å snakke om at ordet hooking blir brukt av dagens unge. Det går an. For det er fullt mulig å snakke for mykje om ting.

Les hele saken med abonnement