A-magasinet

John Erik forsvant fra moren for 32 år siden. Her møtes de igjen.

Pocho gløymer aldri den ettermiddagen i 1988. Minnet av han og veslebror Jhonatan som sit utanfor garasjen og leikar, heime i Bogotá i Colombia. Veslebroren som er kledd i kort snikkarbukse og kvit T-skjorte. Sola som varmar dei berrbeinte føtene hans.

  • Adalheidur Audardottir Oldeide
  • Bård Bøe (foto)

Han har alltid trudd at han blei forlaten på gata i Colombia.

Han veit ikkje at familien har leita etter han i over 30 år.

For nokre veker sidan fekk han ei melding som endra alt.

Frå broren som såg han bli tatt.

Dei to brørne ensar så vidt mannen som kjem inn porten og stiller seg ved sidan av dei.

Pocho drar kjensel på mannen. Det er ein bekjent av kjærasten til mora. Han småpratar litt med dei to gutane, så spør han Jhonatan om han vil bli med til butikken for å kjøpe godteri.

Før Pocho rekk å seie noko, løftar mannen veslebroren opp, går ut porten og forsvinn opp gata.

Inne i huset blir mora varsla om at sonen er borte. Ho spring ut og ropar etter han. Få minutt seinare leitar heile nabolaget etter Jhonatan. Men han er borte.

34 år gamle John Erik Aarsheim sit ved stovebordet i leilegheita på Klosteret på Nordnes. Han flytta til Bergen for å bli advokat. Han er komen dit han vil. Men han veit framleis ikkje heile historia om kven han er.

Les hele saken med abonnement