Foto: Ørjan Jensen
A-magasinet

Kalvø: - Eg skal starte ei lukka Facebook-gruppe for alle sånne som meg, alle som kjenner at det blir masete å meine noko heile tida

Når eg les nyheiter, når eg følgjer debattar, då tenker eg ofte: Eg veit ikkje.

Neidå, eg skal ikkje skrive om det. Det får vere måte på. Men eg lar meg stadig forundre over kva som tydeligvis kjem fram når folk får seie akkurat det dei vil, utan at nokon stoppar dei, i lukka forum på nettet, der ein ikkje må legge band på seg, der ein kan vere seg sjølv og ha den humoren ein vil.

Så eg bestemte meg for å prøve sjølv. Kanskje er det også noko i meg som aldri får sleppe til, fordi eg er så opptatt av å vere korrekt og flink og smart, ein sånn fyr som ein skal vere når ein er ein vaksen mann i eit moderne samfunn.

Les hele saken med abonnement