Foto: Illustrasjon: Ørjan Jensen
A-magasinet

Are Kalvø: Den viktigaste grunnen til å ønske seg at sommaren aldri skal slutte.

Nyheitene frå Norge er ikkje mindre fjasete om hausten. På ingen måte. Dei blir berre tatt på alvor.

  • Are Kalvø
    Are Kalvø
    Forfatter og humorist

Det er så mange grunnar til å ønske seg at sommaren varer evig. Sol, sjølvsagt. Ferie. Bading. Is. Lange late kveldar utan ei einaste bekymring. Det er klart ein drøymer om at det alltid skal vere slik. Ein skal alltid bade, det skal alltid vere varmt, ein skal aldri på jobb igjen, og Norge skal alltid ha verdens beste kvinnelandslag i handball.

Men det blei ikkje slik denne gongen heller. Det blir aldri sånn. Festivalsesongen er på hell. Berre førti-femti festivalar til no, så er det over for denne gongen. Premier League har starta. Det er snart september. Og det einaste gjenverande norske OL-håpet, er Kygo.

Les hele saken med abonnement