A-magasinet

Kalvø lager amerikanske dikt

  • Are Kalvø
    Are Kalvø
    Forfatter og humorist

Eg er i USA. Du kan takke meg seinare.

Eg er her for å gi deg ei djupare forståing av korleis amerikanarane tenker, hjelpe deg til å skjønne kva det eigentlig er som skjer her i the land of the free no berre dagar før det mest avgjerande amerikanske presidentvalet på fleire år.

Du kan takke meg seinare, sa eg.

Det er nettopp dette som er oppgåva til oss som skriv i avisa. Å reise til plassar vi uansett har lyst å reise til, og sitte der, litt berusa, og skrive på ein måte som ein ikkje kan skrive om ein aldri løftar baken frå kontorstolen heime. For at du skal forstå. Perspektiv. Du må ut. Puste den same lufta som menneska du skriv om. Gå på den same asfalten. Bestille frå den same kelnaren. Spørje etter wifi. Roame. Lure på om det blir kunst om du skriv mange korte ufullstendige setningar etter kvarandre. Som denne. Og denne. Og denne.

Plutselig sitere noko som kan vere frå ein stor amerikansk roman, eller ein klassisk amerikansk rockelåt, eller noko som eg berre sitt her og finn på.

Down the old black river

Handing it to the man

Oh baby

What?

For eksempel. Ein kan ikkje forstå kva som rører seg i folkedjupet utan å faktisk dykke ned i det. Ta på seg den mentale froskemannsdrakta og verkelig komme seg til botns. Det er først når ein sitt der, på ein kafé fleire meter unna hotellet, at ein forstår kor lite ein forstår. For eksempel forstår eg ikkje korleis eg kan ha brukt opp datapakken på telefonen min allereie. Slikt forstår ein faktisk ikkje om perspektivet er andedammen heime. For andedammen er ikkje så djup som folkedjupet. Og ein må ned. Ned dit. Ned. Dit.

How do you know you can’t swim

Until you have drowned

Bada bing

I am a boy

Ta ra tum

Vi må ned. Ut. Og ned. Ut der folk er. Vi må finne folk som ser teite ut og kjem frå plassar ingen har høyrt om og seier ting som er så innhaldslause at det kanskje eigentlig er djupt, eller så er det berre noko eg sitt her og finn på.

«I vote Trump because I like him better than the other one.»

Cody Boy Jackson, Schquacksycan, Michigan.

Det er på plassar som Scquacksycan, Michigan du finn dei ekte amerikanarane. Langt unna kafeane i East Village og barane i Williamsburg og alle desse andre plassane der eg sitt og lurer på om dei har wifi. Og skriv korte setningar. Som denne. Og.

I’ll never get to heaven

I’ll never get to hell

I have a car

I am

You are

He she it is

How?

Og det er det dette handlar om. For å forstå korleis livet ser ut for alle dei amerikanarane som aldri kunne hatt råd til å bu på Manhattan, må ein faktisk reise til Manhattan og bu der. På hotell. Lenge. Og skrive korte setningar. Og sitere ting.

Swim downstream

Ride ride

A fork in the road

I am not a star

I don’t even have my own car

Og først då kan eg bruke alt dette, til å gi deg innsikten som skal til for å forstå kva som rører seg her i verdens friaste land.

Og her er innsikten: Det står mellom to kandidatar. Han gale og ho kjedelige. Ein av dei vinn. Og noko kjem til å endre seg. Og så er det fire år til neste gong.

Du kan takke meg seinare, har eg sagt.

You can thank me

You can thank the man

You may thank the devil.

You may thank the lord

But you’re gonna have to thank somebody

Do you have wifi

Oh yeah

Les hele saken med abonnement