A-magasinet

Kalvø: Og prisen går til…

Det er ikkje akkurat topp stemning i Nobelkomiteen. Grove skuldingar flyg veggimellom i og etter boka til komitesekretær Geir Lundestad.

  • Are Kalvø
    Are Kalvø
    Forfatter og humorist

Nokre av dei grovaste påstandane kan vi avlive med ein gong.

Mellom anna skal Geir Lundestad ha antyda at komiteleiar Thorbjørn Jagland ikkje skreiv sine eigne talar, men kvilte tungt på Lundestads utkast.

Dette kan umulig stemme. Viss Jagland verkelig framførte Lundestads ord, ville Jagland etter alt å dømme stått framfor verdenspressa kvart år og sagt noko sånt som dette:

God formiddag.

Det er tydeligvis av ein eller annan grunn ikkje greitt å gi fredsprisen til komiteens eigen sekretær, trass i at denne sekretæren i over tjue år har jobba meir enn nokon andre for fred i verden.

Derfor blir Nobels fredspris i år som tidligare år tildelt nokon som har eit namn som eg neppe klarer å uttale, og som eg veit lite eller ingenting om, sidan eg har store manglar i min kunnskap om historie, fred, politikk og Nobels fredspris.

Som vanlig skal eg stotre fram namnet og grunngivinga på haltande engelsk medan Nobelkomiteens sekretær ser heroisk ut i bakgrunnen, sjølv om han altså heller ikkje i år fekk prisen han fortener.

Grunngivinga er naturligvis ført i pennen av den same sekretæren i komiteen, fordi eg sjølv ikkje er smart nok til å gjere det. Ikkje gidd eg heller. Eg har trass alt viktigare ting å gjere. Ikkje for å skryte, men eg har faktisk eit svært høgthengande verv som går ut på å gå i dress og vere frå Europa. Eg har ikkje tid eller lyst til å sette meg inn i kven desse fredspriskandidatane er. Eg har meir enn nok med å lære namna på dei som sitt i komiteen. Eg trur eg har det no: Kari Kullman Fire. Britt Reiss-Andreassen. Inger Merete Hobbelstad. Viggo Valle. Det er noko slikt.

Sidan den eigentlige grunngivinga for årets fredspris ville gått langt over hovudet på meg, og innehalde mange ord som eg neppe ville klart å uttale, så har sekretæren og menneskevennen Lundestad vore grei nok til å skrive ei grunngiving som ligg på mitt nivå.

Her kjem den: Bla bla fred bla bla samarbeid mellom folkeslag bla bla klima bla bla menneskerettar.

Om det er spørsmål, så er det fint om de kan ta dei med han som står bak meg og ser heroisk ut. Eg har uansett ikkje peiling.

Takk.

At Jagland skal ha skrive det han seier heilt sjølv, er også vanskelig å tru på. For då ville han trulig sagt noko slikt som dette:

God formiddag.

Eg har bestemt — og ingen kan motseie meg på dette, for komiteen har tausheitsplikt - at Nobels fredspris i år som dei andre åra eg har vore leiar, går til nokon som ingen har klart å gjette på førehand, fordi eg er visjonær, original og sett saman kombinasjonar av vinnarar som tek pusten frå dei fleste. Viss eg då ikkje gir prisen til nokon som er skikkelig verdensberømt. Det kan eg også gjere. For eg er ein slik type.

Årets fredspris har blitt kjempa fram av komiteens visjonære leiar, trass tallause forsøk på innblanding frå ein mann som ikkje forstår at han er sekretær og ikkje komitemedlem. Denne sekretæren har under møta himla med auga og tatt notatar, og sagt at det kanskje er best om han skriv ned kva eg skal seie, sidan eg ikkje er så god i engelsk. Ein kritikk som er noko spesiell, med tanke på at kritikken kjem frå ein mann som ikkje eingong er i stand til å snakke sitt eige morsmål.

Men ikkje noko av dette hindra meg i å ta det rette valet. Det visjonære valet.

Og det er jo ikkje sånn å forstå at eg ikkje har viktigare ting å gjere heller. Eg går trass alt i dress og er frå Europa.

Takk.

Ver så god.

A-magasinet

Nyhetsbrev Få ukens høydepunkter fra A-magasinet rett i innboksen din hver fredag!

Les mer om

  1. Spaltist Are Kalvø