Foto: ørjan jensen
A-magasinet

Are Kalvø: Elleville dagar i kommune-Norge

Nokon bestemte seg for at ordet «super», det skal vi bruke når vi snakker om kommunesamanslåing.

  • Are Kalvø
    Are Kalvø
    Forfatter og humorist

Det er noko søtt med det. Og det er noko fint med det. Sjølv om det naturligvis først og fremst er komisk. Ein eller annan gong for ikkje så lenge sidan blei alle enige om at viss det er meir enn ei folkeavstemming på same dag, så skal ordet «super» brukast. Og ganske fort slutta folk å tenke på «super» som eit tulleord, eit ord vi har frå teikneseriar, eit ord som skildrar folk som kan flyge. Ganske fort begynte folk å bruke dette ordet som om det var eit heilt vanlig og ganske kjedelig ord. Som «golv». Eller «bakst». Eller «reform».

Les hele saken med abonnement