Thor Inge og Greta bur i eit 50 år gammalt hus som enno ser ungt ut

Gleda over å bu i eit arkitektteikna og funksjonelt hus har ikkje blitt mindre i løpet av dei 30 åra familien Throndsen har budd i eit av tannrekkehusa i Madlamark Sør.

Dette huset har tålt 50 år og er framleis i tida, slår eigar Thor Inge Throndsen fast. Rekkehusa på Madlamark er parallellflytte, og dei spisse saltaka kan også minna om haifinnar.

Denne tanngarden sett saman av 58 hus slynger seg i ein formasjon rundt ei klynge mindre leilegheitsbygg kalla Hustuftene. Bustadane er fordelte mellom Jan Petersens gate og Anton Brøggers gate.

Rekkehusa er parallellflytte, og dei spisse saltaka kan også minna om haifinnar, eller Hitlertenner som ein del i Stavanger har kalla småhusområdet, fordi dei i form minner om stein- og betongblokkene på Brusand.

Les hele saken med abonnement