– Hyttekontoret gjer meg meir effektiv
Med eit museklikk går Tove Sæther Hagland frå Teams-møte til Teams-møte medan snøen føykjer seg rundt hytta i Sirdal.
Då scooteren vår kjem, reiser ho seg frå dei to pc-skjermane for å ta i mot. Ho er kledd i mjuke og komfortable kontorklede, men i tankane har ho nok alt gått fleire mil på ski.
Oppe ved Donsekenuten seglar ei ørn med ei rype i klørne. Her og der får vinden snøen til å dansa, og i lufta svevar det små skoddedottar som skjuler litt av utsikta mot Bånefjell og Vardetjønn.
Les hele saken med abonnement