Da han såg det gamle bildet, forstod Espen at ryktet om besteforeldra si hytte var sant

Då Espen Hamre var liten reiste han titt og ofte på besøk til besteforeldra si hytte på Høle. Hytta var eigentleg eit gammalt lysthus, som var flytta frå byen. Men kunne det stemma at lysthuset var blant favorittstadene til forfattar Alexander Kielland?

Espen Hamre si hytte på Høle var ein gong i tida lysthuset til Alexander Kielland sin onkel, Axel Kielland. Det står no som eit minne om sommarferielivet til Stavangers gamle aristokrati.

– Bestefar snakka alltid om at lysthuset kom frå Ledaal, men som ung blei det aldri til at eg sjekka nærare kvar huset eigentleg kom frå. Det var først ved Stavanger museums funn av eit bilde av Axel Kielland og familien hans ved lysthuset på Holmeegenes, at brikkene fall på plass. Axel var onkel til forfattar Kielland, og eg såg straks at lysthuset på bildet, var hytta vår på Høle, forklarer stavangermannen Espen Hamre som overtok lysthuset etter bestefaren på slutten av 1990-talet.

Lysthus var vanleg blant dei velståande i Stavanger då Kielland vaks opp.
Mange lysthus forfall då nedgangstidene kom, så Espen Hamre er glad for at akkurat dette blei redda.

Les hele saken med abonnement