Bolig

Lidenskap på Lindås

Han ville bu i ei blokkleilegheit med ein blomsterkasse, ho drøymde om noko vaklevorent med sjel.

GJENBRUK: Mesteparten av dei gamle møblane har paret fått frå folk som ikkje lenger har plass, eller bruk for dei.
  • Hilde Heian
"ROSENLUND": Til huset på 300 kvadratmeter og tomta på 2,5 mål høyrer det også uthus, bryggjehus og naust. Det svært gamle stabburet fekk paret også behalde på garden då bygdelaget forstod at dei nye eigarane ville ta godt vare på det. Eigedomen "Rosenlund af Lindaas" har fått namn etter kona til doktor Lange som budde her på slutten av 1800-talet.
PYNT: I det tomme klokkehuset er det plass til dokkemøblar.

Det staselege sveitserhuset ligg vakkert til nede ved Lindåsosane med fritt utsyn til holmar og skjær.

Den gong det stod ferdig i 1903, etter to omgangar med bygging også på 1800-talet, var villaen ei perle.

ROMSLEG: Det store bordet i stova er eigentleg to langbord som Elisabeth Tonheim har snikra av gamle golvplankar. - Eg elskar å ha selskap, men er best på kvardagsmat. Til fest er eg glad i kraftige middagar i brun saus, konstaterer ho.
ROBUST: Den gamle støypejernsovnen er restaurert og fungerer fint. Tømmeret i delar av stova var gammalt alt då første delen av huset blei sett opp på 1820-talet.

Men då sambuarparet Elisabeth Tonheim og Tor Mjelstad kjøpte den romslege einebustaden i 2003, var det mykje og mangt som måtte gjerast. Flyttet huset og forvandlet det:

Les også

Først kjøpte de et gammelt tømmerhus for 5000 kroner...

— Eg har bygd kjøkkeninnreiinga av dei gamle kledningsborda på huset. Treverket var så sprøtt at vi, etter å ha etterisolert bygningen utvendig, ikkje kunne spikre kledningen opp att. Eg kjøpte ein kjøpmannsdisk, som eg plasserte inn i kjøkkenet og bygde reisverk rundt, forklarar Elisabeth Tonheim.

LANDLEG LYKKE: - Det er to måtar å gjere det på. Anten kan vi tilpasse oss huset, eller så må huset tilpasse seg oss, men då vil også ein del av det autentiske forsvinne, konstaterer Elisabeth Tonheim, som er oppvaksen i Florø. I eitt år var ho på utkikk for å finne dei rette haspene til vindauga i heimen. Spor etter oppussingar på 1960 og 1970-talet er no i ferd med å forsvinne. I mange år hadde Saniteten dette som forsamlingslokale.

Ho sit i peisgrua og drikk kaffi, iført arbeidshabitten i ullfrotte, som også er favorittantrekket.Bikkar temperaturen over 30 grader, skiftar rett nok den hendige 48-åringen til piratbukser, t-skjorte og sandalar.

PRAKTISK: Det hyggelege kjøkkenskapet har plass til både spikar, krydder og matvarer.

Det solide kjøkkengolvet ser ut som det alltid har vore der, men dei originale, kraftige golvplankane frå 1760 er kjøpt hos ein kar i Oppland.

Den kvitmåla grua har ho sjølv teikna.

Les også

Fem ting du bør fikse hjemme nå

NOSTALGI: Soverom i gjennomført gammaldags stil.

Den fine, gamle grøne trebjelken som ligg på peishylla er handla i Oslo, men kjem opphavleg frå ei løe i Telemark.

GOD PLASS: Det gamle skapet rommar mykje og er ei gåve frå ein kar som ikkje lenger nytta det.

Og vedkomfyren stod tidlegare i barndomsheimen til bestemora hennar.— Vi sette inn att dei store, originale vindauga etter at eg hadde restaurert dei. Då vi fekk vite at det ville koste 30.000 kroner å reparere eit vindauge, tenkte eg at dette må eg lære meg. Det er viktigare at vindauga er tette enn at dei er doble. Far til mor mi og bestefaren hennar var møbelsnikkarar. Vi er seks søstrer som sysselsette oss sjølve då vi var barn. Vi var svært aktive, bygde, sagde og leika mykje med lego, fortel Elisabeth Tonheim.

Den jamaldrande sambuaren, eller obersten, som ho konsekvent omtalar han, er vekependlar.

Tidlegare var Tor Mjelstad frå Osterøy i Forsvarets spesialstyrkar, men no er obersten områdesjef i Heimevernet.

I ei spalte som ho har hatt i lokalavisa, har sambygdingane fått eit humoristisk innblikk i mellom anna militær presisjon i kjøleskapet, der absolutt alt har sin faste plass.

Nevenyttige Elisabeth har utdanning både som sjukepleiar og journalist, men for fem år sidan byrja ho å lage bruksgjenstandar og kunst av det andre kastar.

Det hender at folk blir litt overraska når ho hiv seg rundt halsen på dei i rein begeistring over å ha fått ein bunt med rusten kjetting, men slikt venner ein seg til.

Derfor hører de regnet som trommer på taket:

Les også

Droppet loftet siden hele familien er høye mennesker

— Det å vere ærleg i all sin framtoning er viktig for meg. I mange år pendla eg til Austlandet og arbeidde frå sju om morgonen til elleve om kvelden, og i helgane jobba vi livet av oss her med huset. Til slutt var eg heilt nedkøyrt og fekk panikkangst, men eg fortsette likevel som før i eit år til, og det øydela noko av toleransen min for stress. Eg er framleis veldig energisk og har vanskeleg for å takke nei til oppgåver, men det viktigaste er at det mentale er i orden og korleis du har det inne i deg, slår ho fast.

No er dei fem soveromma i andre etasje ferdig pussa opp, to av desse fungerer som kombinerte opphaldsrom og kontor.

Obersten, som høyrer til den kategorien som ikkje gir seg før han er hundre prosent nøgd, har isolert og lagt nye tregolv, medan ho har malt golv, tak og vegger.

Neste prosjekt er å få ferdig det største badet og gangen i same høgda.

Dei er og i sving med å lage eit bibliotek over to etasjar med ei romantisk vindeltrapp opp til loftet.

— Då eg budde austpå, lengta eg tilbake til vêret på Vestlandet. Vi har handverkarar i familien som har hjelpt til og synt oss korleis vi skal få ting til. Når ein held på sjølv, går det litt seint og då har du tid til å ombestemme deg mange gonger før du er ferdig, seier Elisabeth Tonheim.

GJESTEROM: Døra inn til soverommet var tidlegare ytterdøra til det gamle postkontoret på Lindås.
DRITSTILIG: Av to gamle møkkagreip har Elisabeth Tonheim laga ein lysestake litt utanom det vanlege.

Les også:

Les også

  1. Moderne hytte i Bergen fylt med hundre år gamle klenodier

  2. Hipt hippiehus: - Jeg har ofte en idé i hodet, og så gjør mannen min det han får beskjed om

  3. Slik så det ut før: - Folk sa til oss at vi måtte ikke finne på å kjøpe gården

  4. På Eidsvågneset samlet de inn 40 kilo snegler

  5. Derfor gikk denne boligen nesten 1,8 millioner over takst

Les mer om

  1. Kjøkken
  2. Oppussing
  3. Hjemme hos
  4. Bolig