Den straumlause heiegarden er blitt søskenflokkens samlingspunkt

Heiegarden Støla på Helleland tilbyr det gode og ikkje minst, billege liv. Her finst ikkje straum, skal husfolket bli varme, fyrer dei med veg frå eigen skog. Søskena Åsa, Ketil, Ola og Svein Barkved har tatt tilbake sin barndomsoase.

På Støla kjem treet kjem rett frå saga og opp på veggen, fortel søskena Ketil, Åsa og Svein Barkved.

Gardsbruket er under full restaurering. Våningshuset har fått ny kledning, og me snakkar om skikkeleg kortreist material, her kjem treet på veggen, ferskt skore frå sagbruket nokre få meter frå huset.

Lerkepanelet på våningshuset kjem frå tre som faren planta i 1957 medan Svein sat på eit teppe like ved. Det veit søskena fordi det står i hytteboka til foreldra.

– Tenk deg kva dette ville kosta hjå ein byggevarekjede i desse tider, seier Ketil Barkved og let hendene gli over det velduftande treverket.

Han tippar dei på sagbruket produserer trevirke verdt 4–5000 kroner kvar dag det er i sving.

På Støla blir brørne Svein (t.v.) og Ketil Barkved minte om farens arbeid kvar dei snur seg. Trea faren planta er no store tre som det veks mose på.
Med eige mobilt sagbruk sparer dei store summar i desse tider, slår Svein (bakerst) og Ketil Barkved fast.
Dette beistet av eit furutre er cirka 31 meter høgt, fortel Ketil, til venstre, og Svein Barkved.

Ein skogelskande far

Sollyset glitrar mellom dei tusen på tusen av tre som far deira, Martin Barkved, skogreisingsleiar i Dalane på 50-talet, planta. Her er kvitgran og blågran. Heile 25 sortar tre finst på garden.

Med namnet Barkved låg det jo i korta kva far deira sine interesser måtte bli, påpeiker søskena. Faren arbeidde med skog både bak skrivebordet og med eigne nevar heile livet. Søskentrioen møter Aftenbladet inne i det som vel må kallast eit av dei mest aude områda i Dalane. Ein to kilometer lang kjerreveg går inn til småbruket i djupet av skogen, her er det berre små lommar av mobildekning, og desse må ein vera lokalkjent for å finna. Frå ein svingar av hovudvegen på Helleland, tek det rundt eit kvarter å køyre inn til Barkved-gjengens arbeids- og ferieparadis.

Søskenflokken Barkved tel eigentleg fire, men Ola Barkved kunne ikkje møta opp i dag. Det er han og dei to andre brørne Svein og Ketil som har overteke garden. Åsa er med som entusiastisk arbeidande gjest. Ho er målar med eige galleri heime i Kristiansand og har også fått svinga målarkosten flittig over tømmerveggane på Støla.

Og det er lukta av fersk måling som fyller huset me går inn i. På denne staden har det budd folk sidan tidleg 1600-tal, ifølge historiebøkene. Våningshuset som står her no blei bygd i 1864, og berre kort tid etter det blei reist, oppstod det ein brann. Fleire stader er det svarte sotmerke etter elden.

Ute duftar det av varmt gras og insekt svirrar mellom trestammane i den skimrande haustdagen.

Frå utedoen har ein nydeleg utsikt over vatnet.
Utedoen på Støla er av det innbydande slaget.
Utedoen på Stølane er eit kapittel for seg.
Nedanfor garden ligg Stølatjødna. Den er eigentleg ein oppdemd bekk. Dette er utsikta frå utedoen.

Ein audegard fekk nytt liv

Støla kjøpte Martin Barkved og kona saman med to andre familiar i 1954. Då familiane overtok, var det nesten ikkje skog her, men flittig skogplanting har endra landskapet totalt dei siste 60 åra. I gamle dagar var det så lite skog, at det vesle som fanst jamleg blei utsett for tjuvhogst. Frå Støla blei det sagt at husfolket kunne høyra øksehogga frå tjuvane langt borte. På grunn av skogmangel, fyrte folka som budde her med torv.

Då garden blei kjøpt hadde dei to siste eigarane av Støla, søskenparet Olava og Sebulon Stølane blitt for gamle til å driva og hadde flytta ned til Helleland. På nabogarden budde det også tre ugifte søsken, så begge heiegardane gjekk ut or slektene fordi eigarane ikkje fekk arvingar, fortel Svein, Ketil og Åsa Barkved.

– Mor og far hadde nok ikkje så mange pengar, for eg er blitt fortald at mor var uroleg for at dei ikkje ville ha råd til barnevogn til minstebarnet, om dei skulle kjøpa seg inn i ein gard, men far skaffa henne ei brukt vogn, og ho blei visst nøgd med den, fortel Ketil Barkved lett humrande.

Kaffiservise frå Egersund fajanse står naturlegvis på bordet på Støla.
Huset er litt modernisert, huntonittplatene er fjerna og det er kome panel på veggane.
Måling i mange nyansar har gått med under oppussinga av våningshuset på Stølane.
Etter ei dugeleg arbeidsøkt smakar kaffien og det søte ekstra godt. Det kan denne søskentrioen slå fast, Frå venstre Svein, Åsa og Ketil Barkved.
Koppestellet på Stølane kjem naturlegvis frå fajansefabrikk i Egersund.

– Støla var vårt Syden

Frå dei var ganske små var Støla feriemålet deira kvar sommar. Familien skrangla seg innover den smale vegen i ein Ford Cortina eller Ford Taunus. I veke etter veke var tunet og landskapet rundt leikestova til søskena. Handleturane til Helleland var få, for det var ganske strabasiøst å komma seg dit. Barna minnest difor at dei fekk kvar sin boks med sjokoladepulveret Nesquick til å blanda i mjølka som blei noko sur i smaken når det var lenge sidan førre handletur. Gjengen passa godt på boksane sine, slik at ingen av søskena skulle lura seg til å knabba litt. Kjøleskapet var den gamle jordkjellaren. Bekken var vaskemaskin og når kleda ein sjeldan gong blei vaska, lukta dei av Biotex eller Sunlight etterpå.

Blei dei snopesjuke mellom handleturane fekk søskenflokken då dei blei eldre gå dei åtte kilometrane ned til bygda og handla søtsaker, før dei gjekk dei same åtte kilometrane tilbake. Men kva gjorde dei ikkje for litt snop i barndommen?

Ikkje så lenge etter Støla blei kjøpt flytte Barkved-familien til Etne, der Martin Barkved blei styrar på ein planteskule. Også her kjøpte familien gard saman med nokre andre, slik at faren fekk utfalda sin lidenskap for å gå på skogen og hogga ved og planta nye tre. Barna blei også tidleg lærte opp med øks og motorsag, og har resten av livet hatt glede av å vera nevenyttige og sjølvhjelpte i mange praktiske oppgåver.

Benkene i fjellhola er sagde til med motorsag. Før låg det stein framføre hola, desse blei sprengde vekk med dynamitt. Brørne let det alltid liggja litt ekstra ved her, slik at turgåarar som går den merka løypa like ved, også kan få glede av rasteplassen.
Hjortepølse smakar ekstra godt ved bål under ein stein, meiner Ketil og Svein Barkved.

Naturen gir det dei treng

– Eg minnest den enorme fridomskjensla eg fekk då me kom hit. Like nedanfor huset låg tjernet kor me balte på med kanoar, båtar og luftmadrassar. Og i skogen bygde me trehytter, fortel Ketil, Svein og Åsa.

Skogen baud på hjort og hare, vatnet baud på fisk. Ola seier at på Støla lever ein etter mottoet at det du treng, det finn du i naturen, anten det er bær eller sopp. Kjøt får dei også, men det får dei frå jegerar som får jakta på eigedommen. Då dei var små fekk dei også harekjøt av gjestande jegerar. Då me kjem inn på kjøkkenet, leikar lyset seg i ein haug knallgule nyplukka kantarellar som skal få slå følge med kveldens middag. I barndommen var middagen ofte aure, kvalkaker eller skipperkaker.

Søskenflokken var vand med å arbeida mykje saman med faren. Heime i Etne var dei ofte i skogen så lenge om laurdagane at det spøkte for første omgang av Tippekampen. Men på Støla fekk dei fri, då strauk faren på dør for å planta skog etter han hadde høyrt på Reiseradioen om morgonen, hugsar barna. For dei låg heile dagen på Støla og venta, full av feriegleder.

Utedoen som blei sett opp på 60-talet har form som ein båt på høgkant. Den ligg majestetisk til på eit høgdedrag eit stykke frå våningshuset. Utsikta ned mot tjernet er så flott, at ein kan bli freista til å ikkje lukka døra. Og faren for å bli oppdaga er svært liten, forsikrar søskenflokken, for sjølv om det finst nokre turstiar rundt garden, er ikkje dette eit veldig mykje brukt turområde.

Minne etter fortidas har ein sjølvsagt plass på Stølane kor også dei noverande eigarane gir seg kroppsarbeidet i vald.
Søskentrioen har malt mykje innandørs, men noko storstilt modernisering kjem ikkje på tale. På Stølane skal dei leva på gamlemåten.
Våningshuset på Stølane blei stod ferdig i 1864.
Kortreist sopp frå skogen som omkransar garden på alle kantar.
Eit gammalt kongebilde passar i eit gammalt hus. Kanskje er det Olava Stølane sitt?

Snart skal storfamilien samlast

Steinfjøset skal også restaurerast på sikt, men først må våningshuset bli heilt ferdig. Då dei var barn kalla dei fjøset gildehallen, for her sat familien ofte og grilla om kveldane, slik slapp dei også unna knotten som kan vera ganske pågåande her på Støla.

Det gamle steinfjøset husa 12 kyr. Kufjøset låg til venstre, hevdehuset i midten og sauehuset låg til høyre. Slike steinfjøs var svært vanlege i Dalane før i tida, fortel søskena.

Det var Ola som hadde ideen til å forsøka og få kjøpt Støla for to år sidan. Eigedommen var då framleis eit sameige mellom tre familiar. Dei siste 15–20 åra hadde staden vore stadig mindre i bruk av Barkved-slekta, både fordi foreldra døde og fordi alle var travle på kvar sin kant med jobb og eigne familiar. Eit og anna besøk blei det jo, ofte blei juletrea henta her, men staden var nokså lite i bruk.

Ola kjende trong for å bruka Støla meir, og dei to brørne var ikkje vanskelege å overtala. Då det viste seg å vera greitt å selja for dei andre eigarane, slo Barkved- trioen til. Dei har laga ein ryddig sameigeavtale som regulerer bruken og pliktene til ulike eigarane. Kva som skjer i framtida, vil dei ikkje leggja seg opp i. Etterkomarane deira står fritt til å gjera kva dei vil med Støla, understrekar dei.

Draumen er å samla heile storfamilien som no tel 25 med store og små til ei felles samling på Støla. Gardshuset har fem soverom og rundt 12 soveplassar.

– Her har me ingen kommunale avgifter, ikkje innlagt vatn eller straum. Skal du ha lys om kvelden, er det anten hovudlykt, levande lys, eller så går du og legg deg. Parafinlampar brukar me ikkje, for dei sotar så mykje, forklarer Svein.

Søskenparet Olava og Sebulon var dei siste fastbuande som tok i dette dørhandtaket. Dei flytte frå garden i begynninga av 1950-talet.
På skoggarden er søskena sjølvberga med ved, og kunne forsynt mange, mange andre også, om dei hadde villa.
Våningshuset på Støla er frå 1864. Fargane i huset fangar opp naturen rundt det.
På Stølane hentar ein det ein treng frå naturen, det gjeld også vasepynt. Vasen i dette tilfellet er eit gammalt mjølkeglas.

Stjernene skin ekstra klart

På Støla ser dei stjernene og månen ekstra klart, for her er det stupmørkt om natta, så mørkt at søster Åsa enno ikkje har våga å overnatta her åleine, slik som brørne gjer rett som det er. Ho gir bror Svein skulda for at ho er så mørkredd. Han skremde henne nemleg med å festa ei sen i ein kleshengar og dra denne opp og ned gjennom eit kvisthol ein sommarkveld då ho sat og prata med ei venninne i ungdommen.

Støla er 2700 mål, ein tredjedel, rundt 1000 mål, er skog. Garden ligg 256 meter over havet, så vinterstid er det ein del snø her. Våningshuset har kjøkkenet i midten, omkransa av ei bestestova og ei kvardagsstove.

Å vera på Støla betyr å vera i aktivitet frå morgon til kveld, det meste blir gjort med handmakt og det går seint. Tømmeret blir felt og sagt, vatn som blir pumpa opp frå bekken til ein vask ute på tunet, skal berast inn, sjølvhogd ved skal hentast inn og leggjast inn i vedkomfyren.

Det nymalte golvet er solvarmt å trø på. Lukta av fersk måling ligg som eit friskt drag i lufta. Golv og vegger er malte i lyse, duse fargar som harmonerer med fargane utandørs, som konglene og stråa.

Løyndommen bak å trivast og gleda seg over det heile, ligg i å gleda seg over det ein får gjort, i staden for å tenkja på dei tusen ting som enno er ugjorte, påpeiker Svein medan me snirklar oss inn på det som bokstaveleg tala er barndommens stiar, lenger og lenger inn i skogen. Me er på veg til ei steinhole som brørne gjerne vil visa oss. Her har dei fyrt opp bål av eikeved, og snart serverer dei hjortepølse, til lukta av bålrøyk. Litt før har brødreparet lagt hendene rundt eit ovhendig stor furustamme, men skogen skjuler endå større kjemper der inne, kan dei forsikra. Det er noko urskogaktig med her, seier Svein og går bort til ei pumpe som syter for at tanken ved hytta kvart døgn får tilført tusen liter vatn.

Maten blir laga på eit propanapparat og vedkomfyren, som er litt nyare enn den som stod i huset i gammal tid, men den fungerer på same måten, forklarer Ketil Barkved.
Maten blir laga på eit propanapparat og vedkomfyren, som er litt nyare enn den som stod i huset i gammal tid, men den fungerer på same måten.

Her treng ein ikkje hårbørste

Han likar å fiksa og ordna ting, og er ein flittig brukar av løysingsorienterte nettstader av typen gjer det sjølv i øydemarka, do it yourself off grid.

Støla er ein motsats til det andre livet dei lever. Gjennom kroppsarbeid og handverk går dei tilbake i tid, då foreldra var unge og gjorde det same arbeidet som dei utfører no. Svein er pensjonert sjukepleiar, Åsa er kunstnar, Ola er universitetslektor ved Universitetet i Stavanger og Ketil er næringsutviklar.

Åsa tek seg til låttmildt håret, og seier at ho har levd nokre dagar utan hårbørste, men det er slik det skal vera her, då slepp ein maska. I barndommen skilde alltid søskena mellom vanlege klede og stølaklede.

Sola lyser gjennom bregnar og treff eit av fleire vedala som står her. Veden skal gi varme til vinteren og skogen byr på uhorvelege mengder ny ved. Dei er likevel ikkje interesserte i å selja ved, det tek for mykje tid, dessutan ligg garden litt utillgjengelig til. Det er ikkje alle typar bilar som kan køyre på kjerrevegen gjennom skogen.

Støla er staden for å gå tilbake i tid, til ei tid då det ikkje fanst mellomledd mellom det naturen gir og den som tok i mot. Søskena søker tilbake til den tida då veden varma kroppen i fleire rundar, og fisken måtte skjerast opp og reinskast før han kunne bli middag, til ei tid du kjende det i heile kroppen at du hadde gjort ein innsats for å skaffa deg mat og varme. Og er det mørkt, så er det mørkt på Støla. Her er ikkje noko leselys frå ein blåskjerm, skal du ha lys, kan du sjå på stjernene, eller innretta deg etter balansen mellom lys og mørke som naturen byr på gjennom årstidene.

Garden Støla i Dalane er på 2700 mål. Eigedommen ligg 256 meter over havet.