Galskap og eventyrlyst slo inn da de så huset i jugendstil til salgs. Men de får ikke gjøre alt de vil med huset.

Etter 35 år på Undheim var Judith og Sigmund Bjelland klare for å finna seg ein ny heim. Ved å kjøpa hus i Sirevåg i Hå kommune, fekk dei hytte og heim i eitt.

I Skandsabakken i Sirevåg ligg eit av tettstadens mest herskapelege hus som på folkemunne blir kalla «Skandsahuset». Hit flytta Judith og Sigmund Bjelland som godt vaksne.

Galskap og eventyrlyst slo inn då dei såg huset i jugendstil som var for sal i Sirevåg. Blant dei små kvite trehusa skil denne villaen frå 1917 seg tydeleg ut. På folkemunne går eigedommen under namnet «Skandsahuset».

Arkitekt Michael Gustav Slettebø har teikna bustaden. Han har også teikna fleire villaer på Eiganes og Storhaug i Stavanger. Huset blei bygd av Laurits Georg Skandsen og kona Wilhelmine Skandsen. Dei kom begge frå velståande familiar og fekk truleg hjelp til å byggja huset, kan Judith og Sigmund fortelja. Historia har dei frå eit av barnebarna til paret som bygde huset.

Les hele saken med abonnement