Bolig

Det var for langt å reise til hytta. Løsningen ble en ny mye nærmere.

Anette Landaas Johansen og Jonny Johansen hadde hytte på Sørlandet i mange år. I 2017 selde dei denne og valde hytteliv i Ryfylke i staden. Årsak: Ryfast.

Frå hytta på Randøy har Jonny Johansen og Anette Landaas Johansen utsikt inn i skogen og ut på sjøen. For å mista minst mogleg utsikt valde dei å gjerde inn terrassen med tre og glas, som Jonny meiner kler den kraftige hytta betre enn glas og aluminium. Eldstedottera Maren Landaas Johansen er på besøk. Foto: Fredrik Refvem

Frå dei kjøpte hytta i Nebbdal ved Lyngdal i 2003 og fram til dei selde, måtte dei stanga stadig lenger tid i bilkø på veg til og frå hytta i sør.

– Det var kø ved Tananger, og så ny kø ved Ålgård. Dei siste åra kunne me av og til bruka ein time berre til Ålgård, og då me skulle heim att søndagen, møtte me køen på Skurve. Tida det tok å komma seg til hytta blei lenger og lenger, gjerne rundt tre og ein halv time, fortel ekteparet frå Tananger.

Les hele saken med abonnement