Kultur

«Eg er ikkje nokon forbrukar-stjerne»

- Først av alt, orsak, aller fyrst: Kva for målform skal vi nytte?

Også utenfor skjermen er forbruker-stjernen fra Førde tindrende blid. Sturle Scholz Nærø

  • Sturle Scholz Nærø

- Det ville vere heilt glitrande dersom rikspressen har plass til meir nynorsk. Får de i Aftenposten mykje kjeft når de skriv på nynorsk i dag? Eg vert alltid så glad når Harald Stanghelle nyttar målføret sitt i spaltene. Ja til meir Harald Stanghelle på nynorsk! Berre skriv på nynorsk, du. Eg kjem ikkje til å hjelpe deg med rettskrivinga.

-  Jaså. TV 2 hjelper deg altså IKKE. Forbruker-stjernen fra Førde har ubegripelig travle dager?

- Det begrepet var då veldig spesielt. Eg føler meg ikkje heilt heime i det. Eg er ikkje nokon «forbrukar-stjerne»: Eg jobbar med forbrukerjournalistikk, og det har eg gjort ei stund.

- Hvor lenge da?

- Til hausten er det 15 år siden eg vart programleiar for TV 2 hjelper deg og 20 år siden eg kom til TV 2. Det nye no er serien Matkontrollen , som starta i januar. Fram til mai skal vi laga to program kvar veke, så redaksjonen har nok å gjera, ja. TV, veit du, er skikkelig team-arbeid.

- Ikke sant. Når forbruker-stjernen, unnskyld, kommer inn i en restaurant, for eksempel: Servitørene står på geledd, vennlig skrekkslagne, idet kjøkkenet blir spontan-nedvasket?

- Nok tek du altfor hardt i. Men eg brukar å få god service, ja; eg må innrømme dét. Poenget er at alle forbrukarar skal få oppleve god service. Sist veke hadde TV 2 hjelper deg rundt 600.000 sjåarar. Nesten 500.000 nordmenn fekk med seg Matkontrollen, så vi får mykje respons. Dette er ei enkel greie: Alle et mat, kvar dag, så mat opptek oss alle. Matkontrollen har fått til nokre konkrete endringar, så langt. Sånt er morosamt. Og veldig meiningsfylt.

- Urtehagen yoghurt får ny merking etter innslag i programmet. Gilde skal gi Smårett»bacon» nytt navn. Kåringen av Norges beste hvitost endrer kjøpevanene. Hva mer skal TV 2 gjøre — med hverdagen vår?

- Du får følgje med og sjå. I kveld har vi mellom anna eit innslag om butterdeig fra Findus. På svensk er han merka med «smørdeg». Trur du at det er smør i den? Nei, deigen er laga av margarin og palmeolje. Kvifor er det sånn? Det er ikkje alltid enkelt å få gode svar eller få sjå korleis visse matslag blir til. Bacon er berre eit døme.

- Hva med pølser?

- Pølser, ja! Hvis nokon som les dette kan vise TV 2 korleis pølser blir laga - ta kontakt. Eg trur på å vera open. Matprodusentar som måtte ha ting å gøyme bort, kan få problem med tilliten. Trur eg.

- Tenk. 32 TV-programmer på én sesong. Det må vel være personlig rekord. Og Solveig Barstad er like blid?

- Som sagt: Eg lagar ikkje programma åleine. Av natur er eg ganske blid, ja. Eg har gleda av å hjelpe sjåarar som blir glade, og eg jobbar i ein redaksjon full av flinke folk. Jau, eg er heldig. Korleis humøret er når sesongen er over, er ei anna sak. Spør meg igjen i mai!

Når Norges nye matkontrollør, Solveig Barstad, tar kontrollen over 16 torsdagskvelder på TV 2: Hva skjer?

Vi videreutvikler våre artikler.
Hjelp oss å forbedre, gi din tilbakemelding.
Gi tilbakemelding

Relevante artikler

  1. A-MAGASINET

    Solveig Barstad: – Bare tull at poteter ikke er sunt

  2. KULTUR

    Dette er språkfeilene NRK får klager på

  3. DEBATT

    Nynorskfaget må ut

  4. A-MAGASINET

    Når ein kan bu kor ein vil i verda, kjem ein då til å flytte heim?

  5. SPORT

    Karsten Warholm: – Eg er ekstremt motivert

  6. MENINGER

    Eg er ung nynorskjournalist i 2019. Er eg utryddingstrua?