Essay: Frankrike romantiserte islamismen altfor lenge | Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Franske styresmakter kunne ha skjøna kvar utviklinga skulle bera før åtaket på Charlie Hebdo for to år sidan. Charlie Hebdo vart den siste «kanarifuglen i gruva» - den som oppdagar kva tid det er fare for eksplosjon.

Åtaket mot Charlie Hebdo hadde brodd mot fridommane i den vestlege verda, med Frankrike som føregangsland og utøvar par excellence.

Sommaren 2016 donerte Maryse Wolinski, romanforfattar, dramatikar, essayist og journalist, alt innhaldet av heimekontoret etter mannen Georges til museet for karikaturar, presseteikningar og humor i Saint-Just-Le-Martel, ved Limoges, i hjartet av indre Vest-Frankrike. Ein institusjon Georges hjalp til å opprette under Chirac, som ordna statsstøtte. Det tok Maryse halvtanna år å makte å tenkje på å fli frå seg eitt einaste papir. Men då gav ho frå seg alt av profesjonelt arbeid etter mannen, ferdig og uferdig til like.

Likevel tok ho vare på alle post-it-lappane Georges pla leggje etter seg når han gjekk heimanfrå om morgonen, med alle slag kjærleikserklæringar og små notat om mangt han hadde i tankane. Etter 42 års ekteskap hadde Georges utvikla tallause måtar å syne kor høgt han elska og verdsette kona. Men i halvnitida om morgonen 7. januar 2015 var han seint ute, la ikkje igjen nokon lapp, ropte berre i døra: «Kjære, eg går til Charlie!» Der skulle vere stort krisemøte om den elendige økonomien i Charlie Hebdo.

Les hele saken med abonnement