Kultur

Eit sant mirakel

  • Kjartan Fløgstad

Til Medna Israilova.

Ein vakker forsommardag i året 1963 sto ein flokk spreke unge menn fråIndre Ryfylke samla utanfor det nye funkisbygget til folkeskulen påstrandstaden Sand i nåverande Suldal kommune. Vi var kortklipte i nakken og vedøyrene, reinvaska på heile kroppen og hadde med mat for heile dagen. I dennetilstanden blei vi mælte og vekta og testa for allmenn og teknisk intelligensmed karakterar som Stridande A og B og MP pluss. Med andre ord var vi godteknesom kongens karar og skulle få vernepliktsboka utdelt. Etter at vi hadde øvdoss på den militære eksersisen som blei kalla "Hvil og røyk", kommønstringsoffiseren ut og slo ei bunke raude vernepliktsbøker i bordet, før hanla til at viss det er nokon som absolutt vil, så har vi bøkene på landsmål. Omeg ikkje hugsar feil, var det ein og annan som viste insubordinasjon, og bad omå få den blå vernepliktsboka.

Ikkje lenge etter kunnevi lesa i Mannskapsavisa og liknande organ at nå gjekk det nedover med brukenav nynorsk. Ny statistikk viste at berre 8.2 eller 2.8 prosent ville havernepliktsboka i den målformen, når dei fekk velja fritt, på sesjon. Deifleste av oss som hadde tatt examen artium, hadde lært på skulen at nynorskpassa til å skildra daglegliv og praktiske gjeremål, men ikkje abstrakttenking, og hadde derfor skifta hovudmål på gymnaset. Om du ikkje gjorde det,men heldt på folkemålet, blei du stempla som ufolkeleg og elitistisk.Språkskifte på gymnaset er ikkje noko nytt.

Alle som les rikspressa ogfølger hovudmediene, veit jo, som vi veit, at bruken av nynorsk har vore isamanhengande tilbakegong sidan den utgamle ungkaren Ivar Aasen for ca. totusen år sidan sat i langt inne i fjordbotnen under mørke fjell i ein avdal påVestlandet og konstruerte dette såkalte språket, av rein og skir vond vilje,som vi veit, eine og aleine for å plaga livet av pene mennesker i det store ogheile og avgangselevar frå vidaregåande i Oslo-skulen spesielt.

Men denne tilbakegongenhar ikkje alltid vore politisk retorikk. I periodar har den også vore reell.Innanfor diktekunsten var ikkje minst tida etter andre verdskrigen prega avnedgong, mot eit bånnmål, til nærmast litterær stillstand.

Held vi oss til modernetid, kan vi, som eit utgangspunkt, slå fast at rekrutteringa til dikting pånynorsk både tok botnen, og fekk ein ny start midt på 1960-talet. Ser vi påtilgjengeleg bokstatistikk, så debuterte det til saman 31 forfattarar pånynorsk i det første tiåret etter krigen. Av desse er det i alle fall to ellertre vi kan seia har overlevd, lyrikarar alle tre. Olav H. Hauge gav ut førsteboka si i 1946, Arnljot Eggen i 1951, og Marie Takvam året etter.

Det følgande tiåret, frå1955 til 1965, var talet på debutantar halvert. Fleire år fekk ingen nye prøvaseg, og i boksesongane 1963 og 1964 var det berre ein einaste nynorskskjønnlitterær debutant på forlagslistene. På denne tida kunne det sjå ut somom skjønnlitteraturen på nynorsk var i ferd med å ta slutt. Dei gamle vareldst, og dei eldste var gamle. Det store håpet Tor Jonsson hadde gjort detslutt for eiga hand. Dei andre nynorskforfattarane hadde stort sett debutertfør krigen, til dels lenge før: Uppdal, Ørjasæter, Vaa, Sande, ekteparetVesaas.

Midt på 1960-talet hendefleire ting, som framleis spelar viktige roller i det norske litteræresystemet. Den eine hadde mest symbolsk, den andre materielt og politiskverknad. På den eine sida tenker eg på debutantprisen, Tarjei Vesaas´debutantpris, utdelt første gong i 1964. Året etter kom vedtaket om ei statleginnkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur. Utan å overdriva kan vi seia atdette markerer starten på moderne nynorsk dikting.

Vinnaren av den førstedebutantprisen var den 20 år gamle lyrikaren Sigmund Jakobsen, frå Karmøy. Hanfekk prisen for samlinga "Gjennom brend by", i formen klassisk ogtidstypisk poetisk seinmodernisme. Jakobsen var den einaste nynorskdebutantendet året, og så vidt eg veit, har han ikkje gjort seg litterært gjeldandesidan. Men året før, altså i 1963, og derfor for tidleg ute til å vinnadebutantpris, var den einaste nynorske skjønnlitterære debutanten ein ungpsykologistudent frå Valevåg i Sunnhordland. De forstår sikkert kven eg tenkerpå, og på alle vis er det passande at det nettopp er Einar Økland som markererslutten på 'det øverlandske interregnum' og samstundes er utgangspunkt ogportalfigur for den moderne skjønnlitteraturen på nynorsk.

I 1963 debuterte EinarØkland på Cappelen under det gamle litterære regimet. To år seinare markerteden statlege Innkjøpsordninga starten på ein eineståande, og i internasjonalsamanheng eineståande vellykka litterær politisk økonomi. Saman medjordbrukspolitikken er litteraturpolitikken her til lands truleg det besteeksemplet på ein vel fungerande blandingsøkonomi. Når eg snakkar om norskkultur i utlandet, er det først og fremst to ting som forundrar. Det eine erbruken av dialekt på alle område i samfunnslivet; medan dei litterærestøtteordningane er det andre temaet som ikkje virkar som om det skriv seg fråeit anna land, men frå ein annan planet.

Uttrykt gjennomsøylediagram, statistikk og tabellar er tallenes tale stort sett like truverdigog like utruverdig som sakprosa, nyhetsbulletinar og dikting. Dette sagt sominnleiing til eit knippe tabellar som viser utviklingslinjer i den nynorskeskriftkulturen etter andre verdskrigen fram til 2008. Talmaterialet er samla avAasen-senteret i Volda og handlar om

1) Bøker på nynorsk ogbokmål etter sjanger 1956-2008.

2) Sakprosa for vaksne etteremne og målform 1986-2008.

3) Bøker i innkjøpsordningaetter målform 1965-2008.

4) Skjønnlitteræredebutantar på nynorsk 1945-2008.

5) Hovudbøker i BokklubbenNye Bøker 1977-2011.

6) Brageprisvinnarar1992-2011.

Av skriftproduksjonen deisiste tiåra vil eg halda meg til tala for ny skjønnlitteratur på norsk, førstog fremst fordi det er i denne delen av skriftkulturen der opphavsmann og-kvinne etter måten fritt sjølv kan velja målform. Når det gjeld omsettskjønnlitterær prosa, krev forlaga ofte bokmål, trass i ønsket til omsettaren.Også innanfor sakprosaproduksjon blir kjende og vel merittertenynorskforfattarar ofte tvinga til å skriva og publisera på bokmål.

Språktilhøva iriksavisene er vel kjende, og kan illustrerast med at for nokre år sidan blei"Kjærleik" kåra av VGs lesarar som Norges vakraste ord. Kjærleik, ogikkje kjærlighet, altså. Konfrontert med dette skremmande resultatet gavsjefredaktøren klårt uttrykk for at han heller ville leggja ned avisa enn å giVGs journalistar høve til å skriva Norges vakraste ord i spaltene.

Innanforskjønnlitteraturen er derimot retten til å velja målform ganske reell, slik atvi på akkurat dette feltet i stor grad kan snakka om språkleg fridom ogdemokrati.

Frå åra rundt 1960 syneststatistikken å stadfesta at den tradisjonelle nynorsklitteraturen då varferdigskriven, for ikkje å seia utskriven. Med det meiner eg litteraturen medutgangspunkt i det tradisjonelle bondesamfunnet. Ikkje sidan Vinje og Garborghadde nynorskdiktinga vore på høgde med, for ikkje å seia i forkant avsamfunnsutviklinga.

Med få unntak dyrkalandsmålslitteraturen tradisjonelle verdiar i nyromantisk eller vitalistiskstil. Bortsett frå Uppdal, og nokre av Gro Holms bøker blei industrisamfunnetbygd opp, styrt og skildra på bokmål, sjølv i Indre Sogn, i Indre Ryfylke, og iIndre Hardanger. For ikkje å seia i Indre Oslofjord. I alle fall på denne tidahadde embetsstand og borgarskap berre få språkforrædarar som gjekk over til ådikta på landsmålet .

Barnekulla frå åra likeetter frigjeringa frå tysk okkupasjon og NS-styre var talmessig dei største ihistoria. Det var også ei tid då statsmakta var sterk og handlekraftig, og lastore planar for framtida. Ved lov av 6. juni 1947 blei Statens lånekasse forstuderande ungdom oppretta. Her kan vi seia at staten var føre vár, sidan detennå var langt fram før frigjeringskulla var i studerande alder. Utover ietterkrigstida gjorde Lånekassen sitt til at nye og store ungdomsgrupper bleislusa inn i vidaregåande utdanning.

I denne perioden blirExamen artium så vanleg at studenterlua bokstavleg talt fell bort eller dettav, seg sjølv. Universitet og høgskular endra seg til masseinstitusjonar, menblei framleis drivne som om dei utdanna ein liten sosial og sjølvrekrutterandeintellektuell elite for å bestyra det gamle klassesamfunnet. Midt på 60-taletgår dermed store grupper av første generasjons akademikarar inn mellom deimentale søylene til det klassiske universitetsstudiet, der du i prinsippet bleioverlaten til deg sjølv og til pensumlistene fram til eksamen sto for døra.Haustsemesteret kom i gong ut i september og var gjerne slutt rundt midtennovember månad.

For nyfikne studentar medei viss skriveevne opna denne ordninga eit rikt intellektuelt spelerom. Etter åha kikka litt på pensum kunne du lett riva av deg eit brukbart eksamenssvar ogfå laudeamus og igitur og andre uforståelege karakterar på latin, ellertalkarakterar som på mystisk vis steig nedover mot null, som var best. Førstegenerasjons studentane hadde også vage forestillingar om kva akademiske studiarkunne føra til av pengar og sosial status. Slik blei det godt om tid til ådriva med andre ting enn pugging av pensum: — litteratur og politikk ikkjeminst.

Over store delar av verdaførte utdanningseksplosjonen og dei nye studentmassane til sosial uro, til einnye ungdomskultur, til kulturrevolusjon. Som kjent gjekk det berømte året 1968av stabelen i Norge som EEC-kampen i 1971-72, med utkantromantikk og andretendensar som kom bruken av nynorsk til gode, i litteraturen ikkje minst.

Tradisjonelt har norskeforfattarar komme frå almugen. I internasjonal samanheng er skandinavisklitteratur oppsiktsvekkande lågt rekruttert. Frå midten av sekstitalet følgdeein ny forfattargenerasjon hovudstraumen av ungdom frå almugen og inn påuniversiteta. Statens lånekasse blei brukt som stipend til forfattarstudium medfritt pensum. Her snakkar vi om heile den såkalla Profil-generasjonen. Haugen,Lie, Lunden, Haavardsholm, Solstad. Einar Økland er her blant unntaka, fordihan fullførte embetsstudiet i psykologi.

Den typiske forfattarenfrå desse årgangane er første generasjons akademikarar og halvstuderte røvarar,med eksamen i fag ein lett kan kombinera med eigne forfattarstudier og ein lettpenn: Religion, folkeminne, historie, litteratur, osv. Om ikkje anna, så er deti alle fall her grunn til å høyra etterkva eg seier, for her snakkar eg av eiga erfaring.

Gjennom innkjøpsordningafor skjønnlitteratur blei den nynorske skriftkulturen effektivt hekta påutdanningseksplosjonen, på kulturrevolusjonen rundt 68-oppbrotet, ogmodernisert.

I 1963 var Einar Øklandeit 'foranskutt lyn'. Dei følgande åra, for ikkje å seia tiåra, blir norsklitteratur prega av Profil-generasjonen. Med den gåverike forleggaren JohsAanderaa som fødselshjelpar, skreiv ein ny generasjon nynorskforfattararavansert samtidslitteratur, saumlaust i tråd med skrivande kollegar på andrespråk. Surrealismen og den høglitterære modernismen blei sett i verk påfolkemålet. Jazz, film, krim, kort sagt den moderne kommersielle massekulturendukka også opp på boksidene. Økland var igjen i forkant, Paal-Helge Haugen,Obrestad, Arvid Torgeir Lie, Eldrid Lunden var på høgd med si tid, og vel sådet

Kastar vi eit blikktilbake på statistikken, ser vi at i dei første fem åra av 1960-talet debutertetil saman 7 forfattarar med bøker på nynorsk. For andre halvdel, fram til 1970,var talet brått blitt 29. Gjennom dei følgande tre tiåra held talet på debutantarseg på same nivå som i den første femårsbolken etter innføringa avInnkjøpsordninga. Mellom 1970 og 1980 er det 67 debutantar, det neste tiåret63, så er talet på skjønnliterære nynorskdebutantar 65 mellom 1990 og år 2000. Denpur unge Edvard Hoem gav ut si første bok i 1969, men kan reknast somsøttitalsforfattar.

I denne perioden kjem eirekke sterke og slitesterke forfattarskap til. Eg nemner i fleng ArildStubhaug, Åse-Marie Nesse, Erling Indreeide, Per Olav Kaldestad, Ingvar Moe,Oddmund Hagen, Helge Torvund, Sissel Bjugn, Rune Belsvik, Ragnar Hovland ogLars Amund Vaage.

Frå det neste tiåret harvi mellom andre debutantane Herman Starheimsæter, Karin Moe, Jon Hellesnes,Idar Lind, Jon Fosse, Marit Kaldhol, Rønnaug Kleiva, Jan Inge Sørbø, ErnaOsland og Solveig Aareskjold.

På 90-talet debutererFrode Grytten som nynorskforfattar, saman med Stein Versto, Brit Bildøen, BjørnSortland, Åsmund Bjørnstad, Tormod Haugland, Jørgen Nordheim, Magnhild Bruheim,Grete Kleppen, Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug, Nora Simonhjell. Oppramsinga iseg sjølv viser at talet på kvinnelege nyorskdebutantar er aukande, og blirstort i løpet av perioden fram til årtusenskiftet. Det er ikkje mitt emne her,men likevel verd å registrera.

Så langt kan vi slå fastat den nynorske bokheimen blir fornya og modernisert i samband medutdanningseksplosjonen (dvs. Lånekassen), studentopprøret og innføringa avinnkjøpsordninga for skjønnlitteratur frå 1965 av. Dei følgande tiåra heldrekrutteringa til nynorsk skjønnlitteratur seg på same høge nivå, samanliknamed tida før 1965. Både talmessig og innhaldsmessig står nynorsklitteraturensterkt. Sjølv om Profil-generasjonen i liten grad skreiv bøker som bleimasselesnad, vil eg likevel hevda at denne generasjonen indirekte kom til åprega norsk litterært liv lenge, og kanskje lenger enn godt var. På ein måtegår det an å seia at yngre namn som Hoem, Hovland, Fosse, Grytten, Kleiva ermeir av det same. Rettare sagt vil eg meina at fram til rundt år 2000 skreiv dennye litteraturen i stor grad innanfor det same paradigmet som profilistane.Delvis også med same generasjonserfaringar. Og då ser eg ikkje bort fråskilnadene. Av dei sentrale profilistane blei Solstad, Haavardsholm og ObrestadAKP-arar. Det blei også Hoem, som etter kvart har skrive seg derifrå fram motein kristen humanisme. Rundt debyen og til ut på nittitalet kunne forfattarskapsom Fosse og Hovland sjå beslekta ut. I dag driv dei med stikk motsette ting,Hovland med elegant tilbakelent ironi, Fosse med gnostiske språkøvingar innoveri mystikken. Det er så. Men likevel har dei profilismen som utsagd eller tagdreferanse, enten i form av tilknyting eller fadermord. Frode Gryttens sisteroman (frå 2011!) er til og med ein satire over sosialdemokratiet. Velretta ogsprek, men ikkje direkte ny. Eg snakkar her om tre sentrale norske forfattarar,fødde i andre halvdel av det 20. hundreåret, men tidleg nok til å ha opplevdBerlin-murens fall og internettrevolusjonen som medvitne og aktiveintellektuelle.

Med desse forfattarane i spissen gjekk dennynorske skjønnlitteraturen livskraftig og sterk inn i eit nytt år tusen.

Ved årtusenskiftet var dennynorske diktinga med andre ord sprek og sterk som aldri før. Ut frå denallmenne språkstoda kunne det likevel sjå ut som om den skjønnlitterære delenav nynorsk skriftproduksjon sto i ei særstilling. Utover på 00-talet vedtok deierklærte høgrepartia programfråsegner for avvikling av nynorsk som jamstiltnorsk språkform. Den historiske alliansen mellom landsens sosialradikalisme ogkulturradikalismen i hovudstaden var svekka. Rikspressa virka meir og meirfiendtleg. Gjennom folkestyrets tilbaketrekning frå mange samfunnsområde varoffentleg bruk av nynorsk truga på mange felt innanfor det som tidlegare varstatleg forvalting. Mediastyringa av det som var att av politikkens maktområdegjorde åtak på sidemålsstilen til eit populistisk glansnummer, frigjort fråfortidslevningar som partiprogram og regjeringsfråsegner, slikkunnskapsminister Halvorsen demonstrerte nå i vinter.

I det store og heile ser dette ut til å verastoda. Som riksspråk virkar nynorskens plass meir utsett enn på svært lenge.

Kva skjer så litterærtetter år 2000? Då skjer det som nærmast må kallast eit mirakel. Det som kallast eit mirakel. Eit sant mirakel. Frå ein svært sterk posisjon blirden nynorske skjønnlitteraturen endå sterkare. På det feltet der det herskarspråkleg demokrati og valfridom, er bruken av nynorsk i sterk framgang. I dagkan vi trygt slå fast at nynorsk skjønnliteratur lever og blømer frodigare ennnokon gong. Aldri har nynorsk dikting stått sterkare.

Bokstatistikken går berrefram til 2008. Men medan talet på debutantar i tiåra bakover til 1965 låg på ioverkant av seksti, har 93 forfattar debutert med nynorskbøker i åra frå 2000fram til 2008. Det betyr at vi kan rekna med over 100 debutantar i detføregåande tiåret. Dei er unge, ofte så unge at dei kunne vore mine barn og tilog med barnebarn, dei er rekrutterte frå store delar av landet, og dei harspreidd seg til eit vidt spekter av skriftkulturen. Eg nemner i fleng:

Øyvind Rimbereid(Stavanger), Ingrid Storholmen (Trøndelag), Carl Frode Tiller (Namsos), IngerBråtveit (Suldal), Are Kalvø (Sunnmøre), Lars Mæhle (Sunndal), Sigmund Løvåsen(Trysil), Edmund Austigard (Ryfylke), Mette Karlsvik (Romsdal), Maria Parr(Sunnmøre), Marit Eikemo (Odda), Agnes Ravatn (Ølen), Nils Henrik Smith(Jæren), Jan Roar Leikvoll (Nordhordland), Gunstein Bakke (Setesdal),Botheim-søstrene (Lesja), Lars Petter Sveen (Fræna).

Av desse vekslar fleireelegant og uanstrengt mellom begge målformer. I tillegg kjem alle dei somvonleg ikkje er altfor sure fordi dei ikkje er nemnde her. AvProfil-generasjonen er mange still going strong.

Med andre ord står vi midti ei hittil usett bløming av nynorsk dikting. Talmessig bløming. I omfang ja,men også i innhald. Nå er omfang og kvantitet lettare å mæla statistisk ennkvalitet. Men medan rundt 10 prosent av den samla skjønnlitteraturen er pånynorsk, har eksempelvis 20 prosent av Brageprisvinnarane etter 1992 vorenynorskforfattarar. På mirakuløs vis harden nynorske skriftkulturen gått frå eit nullpunkt for femti år sidan, til åutgjera ein stadig viktigare del av den norske skjønnlitteraturen. Særleg deisiste åra har framgangen vore sterk.

Profilismen er overvunnen,ikkje gjennom fadermord, men fordi forfattarar fødde på 70- og 80-talet speglarein heilt ny verden. På mange felt. Ein ting er at forholdet tilpopulærkulturen ikkje lenger er ei kampsak, men noko sjølvsagt og daglegdags.Når det gjeld tekstar til populærmusikk, har bokmålet lidd radikale domenetaptil engelsk på den eine sida, og til nynorsk og dialekt på den andre. Som viveit har bruken av bokmål elles gått særleg sterkt tilbake innanfor forsking,reklame og bedriftsleiing.

Fram til 1989representerte den fysiske Muren i Berlin også den politiske kløyvinga ilitteraturen. Denne kløyvinga har vore ein grunnleggande føresetnad forProfil-generasjonen. Etter Murens fall er den politiske høgre-venstre aksenblitt usynleg både for kommentariatet, opinokratiet og progresiet. Men erskiljelinjene borte? Finst dei, eller må dei finnast opp på ny?

I tillegg har dei sosialemediene komne til. I bloggar-generasjonen blir alt offentleg. På nettet kan eingugla fram eit slags svar på alle spørsmål i løpet av fem sekund. Den tryktepressa er ikkje lenger hegemonisk, kanskje heller ikkje dominerande. Bokklubbog kultursider har ikkje lenger same makt til å dømma kunstverk nord og nedeller opp og fram. For å markera at sendinga er uviktig, blir radioens einastelitteraturprogram sendt midt i arbeidstida, som ei endelaus forlenging avnitimen. I bokhandelen vippar krimlitteraturen stadig fleire seriøseskriftstykke ut av reiret. Litteraturen har på same tid fått større glamour ogmindre å seia. Folkestyret er innsnevra. Alt på 1980-talet kalla Dag Østerbergromanlesing for "En form for instituert resignasjon overfor de bestemmendeskikt i organisasjonslivet."

For debutantar etter2000 vil dei politiske og teknologiske omveltingane etter 1989 først og fremstvera premiss, ikkje noko å undra seg over, eller kjempa for eller mot.

I tillegg tiljordbruksstøtte, dialektbruk og statleg litteraturpolitikk, er også den norskebustadpolitikken eineståande i verden. Nordmannen skal bu i eige hus med hagerundt, og har plass, og etter kvart råd, til å gjera det. Frå 1970 av spreiddeutdannningseksplosjonen velutdanna første generasjons akademikarar land ogstrand rundt, til mellomlagsyrke, for det meste i offentleg sektor. I løpet avdei siste tiåra på 1900-talet etablerte gamle sekstiåttarar seg i nye byggefeltmed einebustader og rekkehus rundt byar og tettbygde strøk, i villavegar mednamn som Måltroststien, Dådyrfaret og - etter kvart - Premium Elite Øvre FlatskårTerrasse. Tidleg på 2000-talet fekk Det Norske Byggefeltet sin største diktar iKarl Ove Knausgård. Bløminga av den nye nynorske diktinga veks fram avjordsmonnet på det same sosiale og ideologiske byggefeltetet. Dei nyeforfattarane er byggefeltbarn, mellomlagsbarn, gjerne med lærarforeldre.

Revolusjonære politiskeendringar, revolusjonar innan teknologi og kommunikasjon, heilt nyesamversformer og bustadmønster. Samla ser det ut til at alle dessesamfunnsendringane har ført med seg ei tidlegare usett bløming avskjønnlitteratur på nynorsk.

Som vi veit, er diktingaden rikaste og mest universelle måten å bruka språket på. Til dels etter å hahatt bokmål som første språk tar den nye forfattargenerasjonen "nynorskensoverlegne eleganse og uttrykkskraft" i bruklitterært. I tillegg har dialektar og nynorsk eit stadig sterkare hegemoniinnanfor tekstar til populærmusikk.

Med andre ord kan vi slåfast at nynorsk litteratur i dag er breiare og høgare og lågare og spissare oghar større vitalitet enn nokon gong. Såleis er det meir enn passande oggledeleg med ein nynorskforfattar på plass i Statens æresbustad for kunstnarar.Sjølv om det ville passa endå betre, i det minste fonetisk, ut frå bokstavrimeti alle fall, om ein kunne seia Grytten i Grotten!

Trass i yrkesforbod,trugsmål, kampanjejournalistikk har fleire og fleire unge språkbrukarar medopne augo valt å skriva nynorsk, som eit mirakuløst uttrykk for åndskraft ogspråkleg fridom, mot marknadsmakt og massemedier.

På andre felt er det ikkjelike lett.

Den 12. januar i år haddeavisa Aften, som kjem ut tre gonger i veka på ein stad djupt inne i einfjordbotn på Austlandet, og er eit slags organ for oslofjordhumanismen, overskrifta NY NYNORSKSTRID i krigstyper overheile forsida. Undertittelen var "Eneste elev med nynorsk somhovedmål."

På biletet underoverskrifta får vi sjå fotografi av syndaren, som viser seg å vera MednaIsrailova, som er 14 år og kjem frå Stryn og Tsjetsjenia. Ho går på Lofsrudskule søraust i Oslo, og seier til avisa at "Eg likar nynorsk veldig godt,og vil ikkje miste det." Ho blir til og med sitert ordrett:

Eg likar nynorsk veldiggodt og vil ikkje miste det.

Ein kunne jo tenkt seg atdenne modige jenta ville bli hylla redaksjonelt for sitt bidrag til mangfald ogspråkleg fridom. Kanskje til og med få ein ytringsfridomspris? Kva medinstitusjonen Fritt Ord? Men nei, slett ikkje og tvert imot. I staden blirinnvandrarjenta hengt nådelaust ut. "Medelevene hater nynorsk", slår Aften påpasseleg fast, utan kjeldetilvising. "Nynorsk er en pest og enplage," er ei anna overskrift frå same tid, i same avis.

Kva slags retorisksituasjon er det som oppstår her?

Vi ser den 14 år gamletsjetsjenske flyktningen Medna Israilova uthengt som hatobjekt, i krigstypar,på framstida av kveldsutgåva av landets største og viktigaste avis. Det er nokoalle ser. Vi ser for oss dei anonyme 'medelevene', som 'hater'. Det vi ikkjeser, er oss sjølve, sette i scene medialt som avislesande, vaksen mobb. Deinamnlause, som 'hatar', er medelevane, altså er dei like gamle som MednaIsrailova, 14 år. Bak hatobjektet ser vi, i den tilårskomne, avislesandemobben, at hatet er ungt, friskt og uskuldig. Hatet er lysegrønt.

Dette blir endå tydelegareom vi ser på en andre reportasjen i Aften. Dei som synest nynorsk er 'en pestog en plage', er her gjengitt rikt illustrert og under fullt namn. I følgeordboka er pest ein smittsam sjukdom med høg dødsprosent. Over kaffikoppen servi modne avislesarar portrett av dei unge jentene som karakteriserer MednaIsrailovas språk på denne måten. Og i deira bilete ser vi at vårt eige hat erungt, friskt, rettkomme, framtidsretta, lyst og godt.

Om Medna Israilova veit viat ho ikkje berre er innvandrar, men dobbel utvandrar og innvandrar, fråTsjetsjenia til Stryn og til Oslo. Det gjer handsaminga dobbelt brutal. Om hohar blitt mobba til å iføra seg språkleg dekkfarge, veit eg ikkje. Det skalovermenneskeleg krefter til, for ikkje å bli issolert og knust , somAftenpostens sjefredaktør ropte på gatene i sin ungdom, og i trykt sværte fråavisforsidene i dag.

I fjor sommar varnasjonen samla og stolt over å møta hat med kjærleik. Men sommar blir tilvinter, varme til kulde. Når vi ikkje kan hata massedrapsmannen, kan vi stadenhata eit mindretalsspråk. Midt i den kalde vinter, kven reiste seg til forsvarfor Medna Israilova? Kven reiste seg for å hylla Medna Israilova? Fritt Ord, PEN-klubben,det ursløve Journalistlaget, PFU, Redaktørforeninga, Barneombodet, Mållaget,Språkrådet? Ikkje eit knyst, ingen sa ei ord, alle tagde og samtykte. Ikkjerart at 'skam' er eit nøkkkelord i den nye skjønnlitteraturen.

Så lenge landsmålet har eksistert,har dødsattestane blitt skrivne ut, bådetidt og ofte. Men det etterlengta dødsfallet lar stadig venta på seg. I løpetav dei siste åra har kravet om aktiv dødshjelp blitt høgare og hissigare.Riksaviser frå Aftenposten til Klassekampen publiserer ikkje berre hatefulleytringar, men direkte krav om at "Vi må drepe nynorsken","Nynorsken må dø", "Nynorsken må drepes."

Med stort etisk alvordrøftar pressa å stryka hatefulle ytringar frå anonyme nettdebattar. Når eit avdei norske kulturspråka er tema, står tilsvarande ytringar på bestekommentatorplass og i signerte reportasjar frå våre fremste Oslo-Fjordmenn.

KunnskapsministerHalvorsen har uttrykt seg på ein annan måte: "Tek me ikkje ein skikkelegdiskusjon om nynorsken no, går det ti-tjue år, og så er nynorsken borte somskriftspråk i Noreg."

For nokre av oss er detslik at alder og naturens gang gjer atvi kan sjå med ei viss sinnsro på desse trugande framtidsutsiktene.

Av den talrikeforfattargenerasjonen som har debutert i løpet av det siste tiåret, vil mangevera fødde på 1980-talet (og Medna Israilova seint i 1990-åra). Ut frå vanlegframskriving av levealder vil dei fleste ha livsløp fram til 2050, 2060, i detminste.

I følge presse ogstyresmakter vil, skal og/eller bør språket deira bli borte,enten jo før jo heller, eller i alle fall i god tid før år 2030. Dei som bllirramma av denne prognosen må gå ut frå at kunnskapsministeren snakkar ut frå einkunnskap vanleg dødelege ikkje har.

Særleg på bakgrunn av denvoldsomme litterære framgangen må eit rimleg spørsmål vera korleis? Korleisskal nynorsken død? Korleis skal nynorsken bli borte? Korleis skal nynorskendrepast?

Korleis skal MednaIsrailovas språk, og språket til den største og historisk mest vitalegenerasjonen av unge nynorskforfattarar bli borte, i løpet av ti-tjue år?Korleis ser styresmaktene og den fjerde statsmakt i praksis for seg den endelegløysinga av nynorskspørsmålet?

Eg snakkar ikkje her påvegner av nokon, men ut frå det vi veit om at liv og skriv, språk og identiteter tett tvinna saman.

Eit språk er menneskasom brukar språket, men også dei som har brukt det før oss. At dei aktive språkbrukaraneblir borte, er derfor ein nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg

føresetnad for at eit språk skal dø. For at det skal dø heilt, må ogsåskriftene på dette språket blir borte. Bokbål har blitt prøvd, utan særleghell.

Eit språk kan lærast utanåt,og overførast munnleg frå slekt til slekt. Ikkje minst gjeld dette hjartemålder song og dikting står sterkt. Når dei les i avisene at språket deira dø,at det skal drepast, og høyrer frå regjeringa at det vil bli borteom få år, vil korleis vera eit nærmast livsviktig spørsmål, for alle deisom likar nynorsk veldig godt, og ikkje vil miste det.

Takk til Ottar Grepstad forbokstatistikken.

Erik Klepsvik, StavangerAftenblad, 01.02,2012.

Ny nynorskstrid, Aften, Oslo,12.01.2012.

Aften, 25. januar 2012.

Til dømes Aftenposten 11.01.2010; Klassekampen11.04.2011

"Vil ha nynorsk kulturrevolusjon, Dag ogTid, 04.05.2012