Debatt

Er du villig til å avstå 762 kroner for å verne Lofoten? | Klaus Mohn

  • Klaus Mohn, professor, Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger og Norges Handelshøyskole

Frå oljenæringa sine talerøyr høyrer ein at vern av Lofoten, Vesterålen og Senja vil medføre bortfall av enorme inntekter, tap av arbeidsplassar, mindre tilvekst til Oljefondet og eit svekka tilbod av velferdstenester. Ingar Storfjell

Det er prisen kvar enkelt av oss må betale i form av mindre velferdstenester eller skattelette.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Etter oljeprisfall, nedskjæringer og magre leiteresultat er oljebransjen no på offensiven for å sikre tilgang til nye, lovande leiteareal. I denne situasjonen står interessekonflikten rundt Lofoten/Vesterålen/Senja (LoVeSe) no fram som ein symboltung prøvestein for tilliten til at oljeverksemd kan gå hand i hand med natur-, fiskeri- og klimapolitiske interesser.

  • Bare en av tre nordmenn vil utrede olje i Lofoten: På Stortinget er det stikk motsatt

Frå oljenæringa sine talerøyr høyrer ein at vern vil medføre bortfall av enorme inntekter, tap av arbeidsplassar, mindre tilvekst til Oljefondet og eit svekka tilbod av velferdstenester.

Ei nærmare vurdering av realitetane tyder på at nokon har teke for mykje Möllers tran.

Verdiane av oljeverksemd i nord blir nemleg ofte illustrert ved det aller største talet, og det er samla salsverdi for olja og gassen. Men salsverdiar seier lite om lønsemda ved verksemda og ingenting om kva ei opning av LoVeSe-området kan få å seie for Oljefondet, statsbudsjettet eller velferdstilbodet. Akkurat dette har eg sett nærmare på i ein analyse som kjem i juni-utgåva av tidsskriftet Samfunnsøkonomen.

Her er reknestykket

Oljedirektoratet sine forventningar til olje- og gassressursar og 60 dollar oljepris gir ein samla salsverdi frå oljeverksemd i LoVeSe-området i overkant av 500 milliardar kroner. Deretter må ein trekke frå kostnadar, korrigere for at delar av verdiane går til forteneste i oljeselskapa og til slutt tilbakeføre inntening langt fram i tid til dagens pengeverdi.

Ei slik rekneøving gir ein nettonåverdi for staten av olje- og gassverksemd i LoVeSe-området på 133 milliardar kroner. Dette svarar til 1,7 prosent av Oljefondet, og er dermed ikkje meir enn fondsverdien vil svinge i løpet av ei vanleg veke.

Dei 133 milliardane kan heller ikkje brukast over statsbudsjettet sånn heilt utan vidare. Staten sin kontantstraum frå oljeverksemda er nemleg ikkje å rekne som ordinær inntekt, men må snarare sjåast som ei omplassering av formue frå olje- og gassreservar i undergrunnen til finansformue på Oljefondet.

Den norske modellen for ressursforvaltning inneber at bruken av opptente oljeinntekter er avgrensa forventa avkastning frå Oljefondet, som for tida er estimert til 3 prosent.

Forklarer skepsisen

Dermed står ein att med at ei opning av LoVeSe-området for olje- og gassverksemd kan gi ei auke i handlingsrommet på statsbudsjettet på fire milliardar kroner i året til meir og betre velferdstenester – eller til skattelette.

For kvar og ein av oss betyr dette at ein risikerer å måtte avstå årlege velferdstenester og/eller skattelette til ein samla verdi av 762 kroner per innbyggar om ein kjem til at LoVeSe-området bør få ligge i fred.

Analysen tek ikkje omsyn til sideverknadar ved verksemda. Eventuelle positive og negative ringverknadar for andre næringar i området må med i ei fullstendig analyse av samfunnsøkonomisk lønsemd. Det same gjeld implikasjonar av oljeverksemda for natur, miljø og klima.

Det kan jo tenkast at norske veljarar vurderer kostnaden ved slike ulemper til å overstige 762 kroner per innbyggar per år. Meir skal det ikkje til for å forklare skepsisen mot opning av LoVeSe-området for olje- og gassverksemd.

Interessert i å lese mer om oljeboring utenfor Lofoten, Vesterålen og Senja? Her er noen forslag:

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Lofoten
  2. Natur
  3. Klima
  4. Oljeindustrien
  5. Norsk olje og gass

Relevante artikler

  1. KOMMENTAR

    Ei opning for oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og Senja kan ikkje gjerast om | Klaus Mohn

  2. ØKONOMI

    Tidligere Statoil-topp anslår: Olje i Lofoten gir hver av oss 750 kroner

  3. DEBATT

    Kort sagt, mandag 3. juli

  4. DEBATT

    Mohn tryller bort milliardverdier fra oljeleting i Lofoten | Petter Osmundsen

  5. DEBATT

    Bør en professor si nei til mer kunnskap om oljeleting i Lofoten? | Hans Jakob Hegge

  6. POLITIKK

    AUF varsler omkamp om olje i Lofoten på Aps landsmøte til våren